Vikingtidsmuseet får mesteparten av pengane Universitetsstyret disponerer

63,6 millionar kroner vil gå frå UiOs 2022-budsjett til utgifter knytte til bygging av nytt vikingtidsmuseum. Det blir den desidert største prioriteringa for UiO neste år.

Modellen av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy

FÅR MEST: Nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy får over halvparten av dei pengane Universitetetsstyret kan disponera fritt (Arkivfoto) 

Foto: AART Architects

I morgon skal Universitetsstyret handsama budsjettet for 2022. Som vanleg blir det eit stipulert budsjett, det vil seia at dei handsamar budsjettet med utgangspunkt i slik budsjettet er i 2021, og så legg dei til pris- og lønnsauke.

Dette er samansetjinga av universitetsbudsjettet 2022:

- samla løvying frå KD: 6,2 milliardar kroner

- inntektene til UiO er sett saman av tre hovudelar:

- 70 prosent er direkteløyving frå Kunnskapsdepartementet

- 20 prosent er eksternt finansiert bidragsforsking (Forskingsrådet og EU)

- 10 prosent er ulike oppdrag  og klinikk og billettinntekter frå (viktig for OD og musea)

Universitetsstyret går alltid inn for eit stipulert budsjett i juni som i stor grad samsvarar med budsjettet som blir endeleg vedtatt i Stortinget i desember.

Det er lagt til grunn ein venta lønnsvekt på 2,3 prosent og ei opptrapping av ABE-reforma med 0,5 prosent.

(Kjelde: UiO)

6,2 milliardar i løyving frå KD

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen har saman med medarbeidarane sine rekna ut at UiO kan venta å få ei løyving  frå Kunnskapsdepartementet på 6,2 milliardar kroner.  Dette utgjer rundt 70 prosent av dei samla inntektene til UiO. I tillegg kjem eksternt finansiert bidragsforsking frå Forskingsrådet og EU på rundt 20 prosent og inntekter av ulike typar, og frå klinikkane til OD og billettinntekter for musea som til saman utgjer 10 prosent.

Mesteparten av inntektene går til fordeling på fakulteta, institutta og sentra og LOS (UIO sentralt)

UiO kostar bortfall av billettinntekter

Det som Universitetsstyret står fritt til å fordela er ein samla sum på 116,5 millionar kroner.  Og av den potten stikk finansieringa av utgifter knytte til bygginga av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy av med den høgaste summen. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen innstiller på at Universitetsstyret går inn for ei løvying på 63,6  millionar kroner til det prosjektet i 2022.

• Les i Uniforum: UiO trur på ei løyving på 6,1 milliardar for 2022

Den saka var også oppe under hovudprioriteringar under Universitetsstyrets møte i mai. Då gjekk det fram at store delar av desse pengane vil gå med til kompensasjon for bortfall av billettinntekter for Kulturhistorisk museum.  Det vert vist til at Kulturhistorisk museum hadde 700 000 besøkjande i 2019, og 570 000 av dei besøkte Vikingskipshuset.  I løpet av eitt år utgjer turistane 80 prosent av alle dei besøkjande. Som ein konsekvens av koronatiltaka, blei det eit stort tap i publikumsinntekter i 2020, og truleg vil ikkje resultatet bli mykje betre i 2021, står det i styrenotatet. 

UiO dekkjer samla utgifter på 300 millionar til og med 2026

Løyvinga over statsbudsjettet til nytt vikingtidsmuseum skal finansiera bygget, sikring og flytting av tre vikingskip, tre sledar og ei vogn,  i tillegg til utstyr som blir brukt til utstillingar.

Men det store bortfallet av billettinntekter og kostnader knytte til etablering av basisutstillingar vert ikkje dekte av løyvinga over statsbudsjettet. Det er grunnen til at UiO sjølv må dekkja desse utgiftene, som  fram til 2026  samla vil utgjera nesten 300 millionar kroner. Den første biten av denne summen, vil altså gå ut frå budsjettet i 2022, og vera på til saman 63,6 millionar, altså godt over halvparten av den potten som Universitetsstyret står fritt til å disponera slik det vil.

Den opphavlege planen var at utstillingane skulle finansierast av billettinntektene. Sidan dei har falle bort, må UiO altså kosta utstillingane med pengar frå grunnløyvinga frå Kunnskapsdepartementet.

Til saman vil utstillingane kosta UiO 77 millionar kroner frå og med 2022 til og med 2026.

Ber om styrking av forskingssatsingar

Universitetsdirektøren ber også Universitetsstyret om å stemma for forslaget om å styrkja forskingssatsingane knytte til Demokrati/Norden frå 2023 og Energi/klima.  Universitetsdirektøren ber om at Universitetsstyret vedtar forslaget om å auka løvyinga til UiO: Demokrati til 23 millionar kroner frå 2023 og å auka løyvinga til UiO-Energi/klima til 23 millionar frå og med neste år. I tillegg vert det innstilt på at satsinga på deltakinga i det europeiske universitetssamarbeidet Circle U må halda fram. Der er det også behov for å styrkja avsetjinga, går det fram av styrepapira. Dermed innstiller universitetsdirektøren på ein auke på 1,5 millionar kroner til 5 millionar kroner i 2022.

Behov for å halda fram med IT-tiltak og kompensasjon for koronatap

Dessutan meiner universitetsdirektøren det er behov for å halda fram med og auka satsinga på oppfylginga av masterplanen for IT. Det er behov for satsing både innanfor forskings-IT, utdannings-IT, administrativ-IT og IT-infrastruktur. Universitetsdirektøren føreslår derfor at Universitetsstyret vedtar å auka satsinga frå 50 millionar til 70 millionar i 2022.  

Det må også avsetjast pengar til marginen for uvisse i tilfelle moglege koronaeffektar, mellom anna inntektstap. Derfor må løyvinga til denne posten halda fram i 2022 med ei løyving på 20 millionar kroner, er forslaget universitetsdirektøren ber Universitetsstyret om å vedta.

Smådryss til Kina-senter og nytt rektorat

Av mindre løvyingar universitetsdirektøren ber Universitetsstyret ta stilling til, er 0,65 millionar til Kina-senteret,  Fudan-European Centre for China-studies og 1 million kroner ekstra til utvidinga av det nye rektoratet.

Av tidlegare prioriteringa som Universitetsstyret har gjort, vert både toppforskingstøtta på 60 millionar, innovasjonsløftet på 13 millionar kroner og avsetjinga infrastruktur for forsking, alle vidareførte i 2022, står det i bakgrunnsnotatet til budsjettfordelinga.

Det vert også trekt fram at den venta opptrappinga i ABE-reforma på 0,5 prosent blir dekt gjennom rammekutt for alle einingane på UiO.

Eigen økonomisk modell for fordelinga

Når det gjeld fordelinga av løyvingar til fakultet og andre einingar byggjer det på ein økonomisk modell med fire hovudaktivitetar:

• forskingsbasert utdanning

• forsking og forskarutdanning

 • samfunnskontakt og samlingar

• infrastruktur

I fylgje styredokumentet er dei to første aktivitetane delte opp i både ei grunntildeling og ei resultatavhengig tildeling. Den siste  biten i puslespelet er ein historisk tilpassingspott.

Museum, bibliotek og LOS (UiO sentralt)  får midlar basert på justering av historiske rammar, går det fram av bakgrunnsnotatet til Universitetsstyret.

Den aller siste delen er konkrete, styrevedtekne tiltak av mellombels karakter.

Styrepapira viser også at Universitetsstyret har vedtatt prioriteringar for 2021 til tiltak på UiO som samla sett utgjer 9 prosent av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet. I tal vil det seia 550 millionar kroner. Dette er pengar som Universitetsstyret har vedtatt skal gå til felles IT-infrastruktur og bygningar og til strategisk utvalde forskings-, innovasjons- og utdanningstiltak. Andre mellombelse tiltak kjem i tillegg. 

Tidlegare i vår har Universitetsstyret vedtatt å tildela 30 millionar kroner i 2022 til oppgraderinga av I-lab og taket på Kjemibygningen. Samtidig vedtok Universitetsstyret å søkja KD om oppgraderingsmidlar til I-lab. Om desse oppgraderingspengane ikkje kjem, vil pengane bli tatt internt frå UiO.
Framlegg til konkrete prioriteringar for 2022:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fordelinga av 2022-budsjettet på fakultet og andre einingar på UiO: 

 

 

Av dei andre sakene som kjem opp i Universitetsstyret onsdag 23. juni, er den reviderte masterplanen for UiOs bygningar og fullmakt til universitetsdirektøren om å inngå kontrakt om nytt sakshandsamings- og arkiveringssystem,  mellom dei viktigaste.  Universitetsstyret blir også bede om å endra namnet til satsinga UiO:Norden til UiO: Demokrati frå og med 2023.  Universitetsstyret skal dessutan formelt bestemma kva ferdige doktorkandidatar som får tildelt H.M. Kongens gullmedalje. Bak stengde dører skal Universitetsstyret drøfta den snart ledige stillinga som fakultetsdirektør ved Det juridiske fakultetet.

Flyreisene gjekk ned med 86 prosent på eitt år

Status for arbeidet med å redusera klimafotavtrykket til UiO blir også lagt fram som ei informasjonsaka til styret. Det mest interessante å leggja merke til der, er at dei samla flyreisene til UiO gjekk ned med 86 prosent i 2020 samanlikna med 2019.  Det er ein direkte konsekvens av koronatiltaka.   Dei største bygningane til UiO har også klart målet om å redusera energibruken med 25 prosent, går det fram av saksdokumenta til Universitetsstyret.

Den endelege klimarekneskapen både for 2019 og 2020 blir lagt fram for Universitetsstyret hausten 2021.

 

Dette er saklista for møtet i Universitetsstyret 23. juni 2021:

Møte nr. 4/2021 i universitetsstyret

Møtet gjennomføres på Zoom, og vil bli streamet her. 

 

Tid: 23. juni 2021 10:00–16:00

Legg til i kalender

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


V-SAK 2 Fakultetsdirektør ved Det juridiske fakultet

Saksnr. 2021/4466

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 25


V-SAK 3 Tildeling av H.M. Kongens gullmedalje for 2021

Saknr. 2021/1728

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 26, 2. ledd


Saker til behandling i åpent møte møte

Ordinære saker


V-SAK 4 Fordeling 2022 

Sak nr. 2021/6027

Forslag til vedtak:

  1. Universitetsstyret vedtar samlet fordeling av antatt statsbevilgning på 6,226 mrd. kroner (post 50) for 2022 for fakulteter og tilsvarende enheter i tråd med saksfremlegg og tabell 3 med følgende presiseringer:
    1. Universitetsstyret vedtar nye prioriteringer i 2022 på til sammen 116,5 mill. kroner
    2. Universitetsstyrets bevilgning til midlertidige tiltak og varige øremerkinger kan ikke omdisponeres til andre formål.
    3. Forventet opptrapping av ABE-reformen med 0,5% er gjennomført som rammekutt ved enhetene.
  2. Rektor gis fullmakt til på foreta endringer som følge av KDs tildelingsbrev til UiO for 2022 samt andre mindre justeringer i fordelingen.

Saksdokumenter:


V-SAK 5 Virksomhetsrapport per 1. tertial 2021

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

1. Styret tar virksomhetsrapporten og risikomatrise for 1. tertial 2021 til etterretning.

Saksdokumenter:


V-SAK 6 Universitetet i Oslos studietilbud for studieåret 2022/2023

Saksnr. 2021/2923

Forslag til vedtak:

a) Følgende studietilbud etableres:  

  • Masterprogram i European History (fellesgrad) ved HF
  • Masterprogram i Multilingualism ved HF
  • Masterprogram i Politisk kommunikasjon ved HF
  • Masterprogram i Digitalisering i helsesektoren ved MN
  • Masterprogram i Education ved UV

b) Følgende studietilbud nedlegges:

  • Masterprogrammet Museum, Heritage and Education Studies (fellesgrad) ved HF
  • Masterprogrammet Journalistikk ved HF
  • Masterprogrammet Higher Education ved UV
  1. Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fordele gjenstående studieplasser fra Revidert nasjonalbudsjett 2020 samt eventuelle nye studieplasser fra Kunnskapsdepartementet.
  2. Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fordele inntil 4 studieplasser til «Students at risk» høsten 2022 dersom ordningen videreføres. 
  3. Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fastsette konkrete opptaksrammer for studieåret 2022/2023.  
  4. Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å godkjenne søknader om eksterne midler til utvikling av fellesgrader og til å vedta etablering av slike studieprogram.  

Saksdokumenter:


V-SAK 7 Fullmakt til å inngå kontrakt om saksbehandlings- og arkiveringssystem

Saksnr. 2018/13194

Forslag til vedtak:

1. Universitetsdirektøren gis fullmakt til å inngå kontrakt innenfor de økonomiske rammer som er skissert. 

2. Hvis prisfastsetting viser vesentlige avvik ber styret om å få saken tilbake til ny vurdering.

3. Saken vil bli fulgt opp overfor styret i de årlige budsjettbehandlingene knyttet til investeringskostnader og lokale kostnader. 

Saksdokumenter:


V-SAK 8 Tverrfaglig satsing: fra UiO:Norden til UiO: Demokrati

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar at satsingen UiO:Norden endres til UiO:Demokrati med virkning fra 2023.

Saksdokumenter:


V-SAK 9 Revidert masterplan for UiOs eiendommer

Forslag til vedtak:

  1. Universitetsstyret gir sin tilslutning til Rom for et fremragende, grønt universitet – og for kunnskapsbyen Oslo, Masterplan for UiOs eiendommer 2021, med de endringene som fremkom i møtet. Masterplan for UiOs eiendommer skal sikre en helhetlig og profesjonell eiendomsforvaltning og skal være premissgivende for videre utvikling og arbeid med eiendomsmassen som UiO forvalter.
  2. Universitetsstyret ber universitetsdirektøren særskilt iverksette følgende oppfølgingsarbeider og tiltak:
    1. Synliggjøre nivået på økonomisk handlingsrom for de årlige investeringene i budsjettprosessen.
    2. Gjennomføre det planarbeidet og campusutviklingen som fremgår av masterplanen.
    3. Søke KD om midler til minst ett oppgraderingsprosjekt årlig dersom det er økonomisk handlingsrom for dette.
  3. UiO vil melde inn følgende prioriterte prosjekter for finansiering over statsbudsjettet:
    1. Nybygg for klinikkfunksjonene ved Det odontologiske fakultet
    2. Nytt veksthus på Tøyen
    3. Oppgradering av Nedre Blindern
    4. Lokaler for helsefagene
    5. Magasinbygg for universitetsmuseene
    6. Historisk museum
  4. UiO vil i fremtiden ikke benytte seg av kurantprosjektfinansiering gjennom Statsbygg.
  5. Det er et mål for UiO å effektivisere og redusere arealbruken, og spesielt redusere innleie av arealer.
  6. UiO deltar i det videre arbeidet med oppfølging av mulighetsstudiet i regi av Oslo Science City.   
  7. Masterplan for UiOs eiendommer revideres hvert femte år.

Saksdokumenter:


V-SAK 10 Oppnevning av medlem til Skikkethetsnemda

Saksnr. 2008/14503

Forslag til vedtak:

Universitetsdirektøren foreslår at følgende personer oppnevnes som medlemmer av Skikkethetsnemnda, hvilket er i tråd med Studentparlamentets forslag:

Adrian Leander Skagen  er masterstudent i rettsvitenskap (2. studieår).

Frida Rasmussen er student ved lektorprogrammet i Nordisk.

Studentrepresentantene oppnevnes for perioden 01. juli 2021 – 30. juni 2022.

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-SAK 1 Statusrapport fra Examen Philosophicum

Saksnr. 2021/5429


I-SAK 2 Innspill til neste langtidsplan for forskning og høyere utdanning

Saksnr.

Styrenotat med vedlegg


I-SAK 3 Status for arbeid for å redusere UiOs klimafotavtrykk

Saksnr. 


I-SAK 4 Valg av representanter og vararepresentanter til universitetsstyret ved UiO for perioden 1. august 2021 - 31. juli 2025 (faste vitenskapelige ansatte og teknisk-administrative ansatte) og perioden 1. august 2021 - 31. juli 2022 (midlertidig vitenskapelig ansatte)- Protokoll

Saksnr.


O-SAK 1 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 2 Eventuelt 


Ordinære saker


V-SAK 11 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


 

Protokoll

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2021 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere