Styrevalet ved Universitetet i Oslo skulle ha vore avslutta klokka 08.00 i dag tidleg. På grunn av problem med det elektroniske valsystemet frå klokka 02.00 til klokka 08.30 i dag, blei valet forlengja fram til klokka 12.00 i dag. Det opplyser gruppeleiar Baard Henry Moum Jakobsen på USIT til Uniforum. Han er ansvarleg for den elektroniske gjennomføringa av styrevalet på Universitetet i Oslo. Valsekretariatet har også sendt ut melding til alle tilsette på UiO, om at styrevalet skulle bli forlengja fram til klokka 12.00.
Uniforum vil koma med resultatet av styrevalet, så snart det er klart.
(Oppdatert klokka 12:22)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere