Noreg gav 600 ulovleg innførte kulturminne tilbake til ti land

Ei over 6000 år gammal steinøks frå USA og ein 2500 gammal mynt frå Bulgaria var mellom dei ulovlege innførte kulturminna som kulturminister Abid Raja kunne levera tilbake til ambassadørar frå ti land i Historisk museum i dag.

OVERREKKING: Kulturminister Abid Raja tilbakeleverer ei mellom 6000 og 69 000 år gammal øks til USAs Chargé d'affaires, Shawn Crowley.

Foto: Martin Toft

Det var den største tilbakeføringa av stolne og ulovleg importerte kulturminner til heimlanda sine nokon gong som fann stad i foredragssalen i Historisk museum i dag.  Gjenstandane var alt frå ein stor treskulptur frå Tyskland til små myntar som er opptil 2500 år gamle. Den aller eldste gjenstanden er ei steinøks frå Wisconsin i USA som er mellom 6000 og 69 000 år gammal. 

Fann ei over 6000 år gammal steinøks i ein skulekjellar

Arkeolog og førsteamanuensis Håkon Roland  arbeider med kulturminnekriminalitet for museet og fortel gjerne om den spesielle historia til denne steinøksa.

– Den er ikkje beslaglagt som ein ulovleg gjenstand, men blei funnen i kjellaren til Skien vidaregåande skule. Dei oppdaga at dei hadde fått den tilsendt som gåve frå ein tidlegare elev på 1950-talet. Dei mistenkte ikkje at det var noko gale med det. Så viste det seg etterpå at gjenstanden kom frå eit museum i USA som han hadde tatt med seg og sendt. Så den skal no tilbake etter 70 år, fortel han med eit smil. 

 

ELDSTE KULTURMINNE: Arkeolog Håkon Roland viser fram steinalderøksa frå Wisconsin i USA, som blei funne i ein skulekjellar i Skien. (Foto:Martin Toft)

Funn gjorde med metalldetektorar

Men det er også andre unike kulturminner som skal tilbake igjen til landet dei kom frå.

– Reint  fagleg sett er eg nøgd med at me får levert tilbake funn som er gjorde med metalldetektorar. Nokre stader er det lovleg, andre stader er det lovregulert som i Noreg og Danmark. Og i land som mellom anna Sverige, er det heilt forbode. Det blir brukt mykje over alt, og då er det ofte myntar og smykke og mindre metallgjenstandar som blir funne. Og her har me i dag i alle fall tre omfattande funn med metalldetektorar som er ulovleg frakta ut av eit land og selde på ein open marknad.  Då ser ein ofte etter det på eBay og andre nettstader der ein kan kjøpa slike ting, fortel han.  

– Sørgjer for at dei kjem dit dei skal

Håkon Roland forklarar at nokre av gjenstandane som blei tilbakeleverte i dag, er politibeslag som er gjort i Noreg medan andre ting er fanga opp av tolletaten ved grensepassering. 

– Dei har ein utfordrande jobb, for dei må sjekka mange tusen sendingar kvar dag. Og så må dei fanga opp gjenstandar som kan vera ulovleg innførte, og deretter må dei sjekka med oss om det kan vera noko i det. Sju av desse sakene som blir overlevert i dag er tollbeslag. 

Kulturdepartementet tar kontakt med ambassadørane og styresmaktene frå dei ulike landa tinga kjem frå. Då kan det koma eit formelt krav om tilbakelevering om tinga er ulovleg utførte frå dei landa. Og i dag sørgjer me for at dei kjem dit dei skal, fortel han.  

Nokre hamnar på museum, andre i magasin

Det er ikkje sikkert at alle tinga hamnar på musea i heimlanda sine. 

– Nokre stader gjer dei nok det, men mange endar opp i magasin og blir registrerte som ein del av det store arkeologiske funnmaterialet eit museum sit på, og som blir ryggraden i forskinga vår når me skal kartleggja og avdekkja vår og andre si historie, seier han.  

Fleire av sakene er mellom fire og fem år gamle. I desse sakene har Kulturhistorisk museum jobba tett saman med Kulturdepartementet.

– Det er kompliserte saker med mange involverte partar. Men samarbeidet med Kulturdepartementet har gitt veldig gode resultat, og me er veldig glade for å visa at det nyttar, slår han fast.

– Ei stor ære

Ei av dei som var svært glad for å kunna ta med seg eit ulovleg utført kulturminne tilbake til heimlandet er Bulgarias ambassadør Vera Shatilova. Ho kan ta med seg ein 2500 år gammal mynt:

UNDERSKRIFT: Bulgarias ambassadør Vera Shatilova skriv under dokumentet som sørgjer for at ein 2500 gammal mynt kan leverast tilbake til heimlandet hennar. (Foto: Martin Toft) 

– Det er ein gresk mynt, og eg ser det som ei stor ære at den no kan koma tilbake til landet der den høyrer heime. Det er flott at folk i Bulgaria no kan sjå denne skatten i heimlandet sitt. Og me er takksame overfor Noreg som no gjer det mogleg for oss å få ta denne mynten med oss tilbake til Bulgaria, fortel ho til Uniforum.

Skal gi den til kulturministeren

Når ho kjem tilbake til hovudstaden Sofia, lovar ho at det heller ikkje der skal gå stille føre seg.

– Då skal eg personleg overrekkja denne mynten til den bulgarske kulturministeren, fortel ho både glad og tydeleg rørt på ein gong.

2500 ÅR: Dette er den 2500 gamle mynten som no blir levert tilbake til Bulgaria. (Foto: Martin Toft) 

– Ein viktig dag for oss

For museumsdirektør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum er denne hendinga ein merkedag.

– Dette er ein viktig dag for oss. Ei av hovudoppgåvene til museet er arbeidet mot kulturkriminalitet både utifrå interessa vår som faginstitusjon og makta me har etter Kulturminnelova. For oss er det ei kjernesak å ha eit lovverk og eit kulturminnevern som også er internasjonalt, understrekar Håkon Glørstad.

Han har notert seg ei aukande internasjonal interesse for arbeidet mot kulturkriminalitet.

– Viktig å spreia kunnskap om problemet

Glørstad har fått berre positive reaksjonar på tilbakeleveringa av ulovleg innførte kulturminne til heimlanda sine. 

– Mange deler interessa vår for kulturminnevern globalt. Men det me også er merksame på, er at det er mange som ikkje forstår rekkjevidda av det, og ikkje forstår rekkjevidda av sine eigne handlingar når dei kjøper slike typar tjuvgods. Derfor er det viktig å spreia kunnskap om problemet, peikar Håkon Glørstad på.

I dag blei altså ei øks frå steinalderen og myntar og smykke funne gjennom søk med metalldetektorar tilbakeleverte til ambassadørane frå blant andre Bulgaria, USA, Spania, Italia, Slovakia, Ukraina, Tyskland og land i Baltikum. Og formelt var det kulturminister Abid Raja som stod bak den offisielle overrekkinga.

I talen sin tok han opp historia om korleis dei ulike kulturminna hadde kome til Noreg både gjennom sal av myntar og smykke gjort med metalldetektorar, og ei over 6000 år gammal øks frå steinalderen som gåve frå ein tidlegare elev på ein vidaregåande skule i Skien.

– No inviterer eg dykk til å skriva under det formelle dokumentet som stadfestar tilbakeleveringa av desse kulturminna til dei landa dei tilhøyrer, sa Abid Raja. 

Oppfordringa blei fylgt, og ambassadørar frå åtte av dei ti landa kom fram til eit bord og skreiv under på det offisielle dokumentet, samtidig som dei kunne få med seg kulturminna som tilhøyrer landa dei representerer.

 

Av Martin Toft
Publisert 23. juni 2021 19:00 - Sist endra 24. juni 2021 09:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere