Ni barn fekk prøva seg som arkeologar i Kulturhistorisk museum

– Eg kan godt tenkja meg å bli arkitekt når eg blir stor, seier Ava Emilie D. Jakobsen. – For meg står det mellom å bli arkeolog eller interiørarkitekt, avslører Else Juliette Follestad Onarheim. Begge er mellom dei ni barna som nyleg fekk eit tre dagar langt kurs i arkeologi på Kulturhistorisk museum.

MJØL: Ida Sofie og Ava-Emilie F:D. Jakobsen, Aurora Skretteberg og Nora Berg Odven lagar mjøl på jernaldervis i Kulturhistorisk museum på UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Knusing av korn med steinar og graving etter smykke frå jernalderen i det nye museumslaboratoriet og ein dag med arkeologar på utgravingsjobb på Vinterbro.  Det var mellom aktivitetane ni barn frå 9 til 12 år fekk vera med på under sommarkurset i arkeologi på Kulturhistorisk museum i førre veke.

- Gøy å laga mjøl   

To av dei som fryda seg storleg over opplevingane i Museumslaboratoriet er Ava Emilie D. Jakobsen og Else Juliette Follestad Onarheim. 

– Eg gler meg masse til me skal på ei ekte utgraving på Vinterbro, seier Elise. Det gjer også venninna Ava Emilie. 

– Men eg synest det også har vore gøy å laga mjøl ved å knusa korn med ein stein, seier ho.  

JERNALDEREN: Det var jernalderen som var tema for ein av timane med kursleiar Henriette Brandt. Her sit dei små kursdeltakarane på små puffar i Museumslaboratoriet. Else Juliette Follestad, Onarheim, Nora Berg Odven, Raguel Örnolfsson, Ava Emilie og Ida Sofie F.D. Jakobsen og Aurora Skretteberg. Lengst bak sit Sigurd Birkelun og Silas Bredesen. På dette biletet er Erlend Reinertsen Indseth borte. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Alle dei ni barna set på små puffar rundt i Museumslaboratoriet medan kursleiar Henriette Brandt losar dei gjennom kurset. I dag handlar det om jernalderen.  Første post på programmet er å observera ein modell av eit langhus frå jernalderen. Deretter får dei sjølve eit nummer på stolpeholet dei skal vera. Så stiller dei seg opp mot kvarandre og lagar eit langhus av menneskehender som strekkjer seg mot kvarandre.

Barna får også sett på små ting i mikroskop i Museumslaboratoriet.  Og så får dei ei oppgåve av kursleiar Henriette Brandt. Dei får i oppdrag  til neste dag å løysa mysteriet om det forsvunne smykket. Og dessutan må dei koma tilbake neste dag med ei ekte matpakke frå jernalderen. 

KNUSER KORN: Både Sigurd Birkeland t.v. og Erlend Reinertsen Indseth knuser korn med steinar. Begge likar å få nye venner på sommarkurset for små arkeologiar. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Får endå fleire venner

Både Silas Bredesen og Sigurd Birkelund synest det er morosamt å vera saman igjen.

 – Me har kjent kvarandre sidan me var tre år gamle. No synest med det aller kjekkaste er at me får endå fleire nye venner, fortel dei til Uniforum.

 Ida Sofie F.D. Jakobsen og Nora Berg Odven set også pris på å treffa nye folk.

 – Det me likar best er å læra nye ting, seier dei.  

Erlend Reinertsen Indseth er heilt einig.

 – Eg synest det er morosamt å treffa nye folk, seier han.

Aurora Skretteberg deler det synspunktet.

 – Eg har fått nye venner her. Og å sjå ting i mikroskopet, det er veldig morosamt, slår ho fast.  Det er også Raguel Ørnolfsson heilt einig i.

LABORATORIEARBEID: Her er dei små arkeologane i ferd med å førebu seg i Museumslaboratoriet før dei skulle ut for å møta ekte arkeologar på ei utgraving på Vinterbro. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

– Veldig gjevande

Henriette Brandt debuterer som kursleiar for Kulturhistorisk museum.

– Det er veldig gjevande. Og det er verkeleg mykje energi her, smiler ho.  Det er første gong ho har vore kursleiar for barn over fleire dagar. – Eg har erfaring med omvisingar på ein time kvar, men dette er noko heilt nytt for meg, fortel ho. Henriette Brandt har eitt år igjen  av masterstudiet i arkeologi, og har sjølv vore med på utgravinga på Gjellestad. – Då var oppgåva å sila jord for å vera heilt sikker på at arkeologane ikkje hadde oversett noko, seier ho.

PÅ JAKT: Nora Berg Odven, Else Juliette Follestad Onarheim og Ava-Emilie F.D. Jakobsen er på jakt etter eit fornminne som kursleiarane har gøymt i ein kasse med sand.  (Foto: Ola Gamst Sæther)

Skulle treffa ekte arkeologar

Universitetslektor Martin Hager-Saltnes på Kulturhistorisk museum er svært nøgd med at desse barna er dei første som tar i bruk Museumslaboratoriet.

– Det blei mogleg å realisera takka vera ei gåve frå Sparebankstiftelsen. Laboratoriet er ein del av Kilden, eit heilt nytt aktivitetstilbud i Historisk museum med garderobe, eteplass, prosjektområde og samlingsplass for film og forteljing. Formelt sett er det ikkje opna.  Med dette kurset klarer me å kombinera det som er på museet med det som er ute på ei utgraving, fortel han nøgd.

Neste dag gjekk turen for dei små arkeologane til Vinterbro. Der skulle dei treffa ekte arkeologar som er i ferd med å grava ut tufter frå jernalderen. 

Publisert 30. juni 2021 18:23 - Sist endra 30. juni 2021 18:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere