Kristin Clemet blir ny ekstern medlem i UiO-styret

Dagleg leiar av Civita, Kristin Clemet er utnemnt som ekstern medlem i Universitetsstyret ved Universitetet i Oslo. 

Portrett av ei kvinne med blomster i forgrunnen.

EKSTERN STYREMEDLEM: Tidlegare forskingsminister Kristin Clemet er utnemnt til ny ekstern medlem i Universitetsstyret ved UiO. Kristin Clemet er dagleg leiar for tankesmia  Civita. (Arkvifoto) 

Foto: Ola Sæther

Med seg som eksterne medlemar får Kristin Clemet, Eirik Fransen, Maria Strømme og Qaisar Farooq Akram. Sistnemnde har sete i fire år og får no ein ny fireårsperiode i styret.  Nye varamedlemar er Anita Hager og Benedikt Goodmann, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Frå før er det klart at attvald rektor Svein Stølen er formelt utnemnt av Kunnskapsdepartementet som styreleiar. Frå før er Finn-Eirik Johansen og Ingrid Lossius Falkum valt som representantar for dei fast vitskaplege tilsette, medan Elisabet Garcia González er valt som represenant for dei mellombels vitskaplege tilsette. Dei teknisk-administrativt tilsette har vald Marianne Midthus Østby som sin representant.  Studentparlamentet skal også peika ut sine to representantar for studentane. 

Det er altså Kunnskapsdepartementet  som formelt har utpeikt ny styreleiar og nye eksterne styremedlemar ved Universitetet i Oslo for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Eg er veldig glad for at desse har sagt ja til å sitje i styret. Eg trur det nye styret vil bidra til å løfte UiO ytterlegare i retning av å vere eit leiande forskingsuniversitet ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt. Styret vil også vere viktig for å styrke innovasjonsarbeidet og bidra til eit enda tettare samarbeid mellom UiO, næringslivet og offentleg sektor. Det vil også komme studentane til gode, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Nye styremedlemar:

Kristin Clemet frå Oslo er dagleg leiar av Civita. Clemet er tidlegare utdannings- og forskingsminister og fornyings- og administrasjonsminister. Ho har brei og lang bakgrunn frå politikk og samfunnsliv.

Eirik Fransen (Narvik) er administrerande direktør i Nordkraft og tidlegare administrerande direktør i Bravida Norge. Frantzen har lang erfaring frå næringslivet i Nord-Noreg og Norden.

Maria Strømme (Uppsala) er professor ved Uppsala universitet med tung akademisk bakgrunn. Strømme er høgt merittert innanfor naturvitskap og har leiarkompetanse, både organisatorisk og fagleg.

Qaisar Farooq (Oslo) er forskingsdirektør i Noregs Bank og blir reoppnemnd til UiO-styret for ein ny periode. Farooq har internasjonal erfaring og solid kompetanse innan finans, forsking og offentleg forvalting.  

Varamedlemar:

Benedikt Goodman (Oslo) er prosjektleiar i Postcode Lotteries Green Challenge. Goodman har styreerfaring frå NMBU og frå arbeid i akademia.

Anita Hager (Gjøvik) er dagleg leiar i Intek Engineering AS og styremedlem i Topro AS. Hager har bakgrunn som leiar frå selskap som driv med batterifabrikk og automatisering/ robotisering.

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet har oppnemt fire eksterne styremedlemar og to varamedlemar. Dei tilsette og studentane ved UiO vel resten av  styremedlemane.

 

Publisert 28. juni 2021 18:13 - Sist endra 28. juni 2021 18:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere