Hormonlaboratoriets tilsette nektar å flytta til Livsvitskapsbygget

I dag disponerer dei tilsette i Hormonlaboratoriet eit lokale på 3000 kvadratmeter på Aker sykehus. Dei har derfor takka nei til eit tilbod på 800 kvadratmenter i Livsvitskapsbygget. – Me ynskjer heller ikkje å splitta opp fagmiljøet vårt, seier medlem av Forskarforbundet May K. Bredahl og tillitsvald i NITO Ranveig Østrem.

To menn og fire kvinner står i eit laboratorium

GÅR IMOT FLYTTING: Dei tilsette ved Hormonlaboratoriet går imot flytting frå Aker sykehus til Livsvitskapsbygget. No gir dei uttrykk for synspunktet sitt overfor politikarar og presse. F. v. seksjonsoverlege og medisinskfagleg ansvarleg Per M. Thorsby, overingeniør Sandra Dahl, kvalitetsansvarleg Stine Rødmyr,tillitsvald Ranveig Østrem i NITO, stortingsrepresentant for SV, Nicolas Wilkinson og medlem i Forskarforbundet May Kristin Lyamouri Bredahl.

Foto: Martin Toft

Torsdag 17. juni var innflyttingskabalen for Livsvitskapsbygget endeleg klart. Då vedtok Helse Søraust å gi grønt lys for at delar av Klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssykehus også kunne flytta inn i det som blir Noregs største forskingsbygg når det står ferdig i 2025. Av det samla arealet på 97 000 kvadratmeter vil Klinikk for laboratoriemedisin få disponera 30 000.

Om Livsvitskapsbygget: 

Den planlagde bygningen for livsvitskap, kjemi og farmasi – Livsvitskapsbygget – ved Universitetet i Oslo (UiO) skal stå ferdig ved utgangen av 2024 og skal husa om lag 1000 tilsette og 1600 studentar. Med sine 97 000  m² blir det Noregs største og mest komplekse universitetsbygning. 30 000 kvadratmeter av arealet skal disponerast av Klinikk for laboratoriemedisin ved OUS. Kostnadsramma er rekna ut  til 6,3 milliardar kroner (oppdatert  i 2020).

Aktuelt: Vanskelege grunnforhold og auka prosjektkostnader har ført til overskridingar av budsjettet. UiO og Statsbygg laga ein felles rapport med ulike innsparingsalternativ.

Løysinga blei at Oslo universitetssykehus skulle få flytta inn Klinikk for laboratoriemedisin i bygningen. Hormonlaboratoriets tilsette protesterer no mot at dei blir tvangsflytta til Livsvitskapsbygget. Klinikkleiinga meiner det vil gi meir tverrfagleg samarbeid. 

(Kjelde: Uniforum)

Internt på Klinikk for laboratoriemedisin er det likevel ikkje så attraktivt for Hormonlaboratoriet å flytta inn i Livsvitskapbygget når dei må forlata andre fagmiljø som dei har samarbeidd med på Akers sykehus. Immunologisk seksjon ved Rikshospitalet var opphavleg tenkt å bli plassert inn i bygget, men dei sa etterpå nei. den første som sa nei. Dermed måtte klinikkleiinga finna andre avdelingar som kunne flytta inn for å få kabalen til å gå opp. Då fall augo på Hormonlaboratoriet.

Kort varsel

På få dagars varsel fekk seksjonsleiar Venke Skeid melding om at Hormonlaboratoriet var blinka ut til å flytta ut frå bygg 22 og 23 på Akers sykehus til å flytta inn i Livsvitskapsbygget. Det fekk henne til å skriva eit brev til klinikkleiar Andreas Matussek der ho gjer det klart at eit samla fagmiljø i Hormonlaboratoriet går imot ei flytting til Livsvitskapsbygget. Ho peikar på at det er vesentleg for Hormonlaborotoriet å vera nær det kliniske endokrinologiske miljøet ved sjukehuset både på Rikshospitalet og Aker. Seksjonsleiaren trekkjer fram at endokrinologi er eit relativt lite fagområde og at Akermiljøet med Hormonlaboratoriet har vore det største fagmiljøet sidan laboratoriet blei starta opp i 1959.

“En lite tillitvekkende prosess”

Også leiaren for Avdeling for endokrinologi Lene K. Seland synest det er viktig at Hormonlaboratoriet blir verande på Aker. Også for å ta vare det gode arbeidsmiljøet og halda oppe inntektene sjukehuset får frå  andre frå heile landet og Skandinavia på grunn av prøvane som vert utførte av Hormonlaboratoriet, tykkjer seksjonssjef Venke Skeid at det vil vera ein fordel både for Hormonlaboratoriet og Aker sjukehus at Hormonlaboratoriet får halda fram i dei 3000 kvadratmeter store lokala i bygg 22 og 23 på Aker.

Brevet hennar blir avslutta med eit sterkt åtak på framgangmåten i denne saka. “Vi vil også påpeke at prosessen har vært «uryddig» slik vi ser det. Det er vanskelig å se at HSØ sine prinsipper for medvirkning har vært ivaretatt. Å bli hasteinnkalt til møte og få presentert at laboratoriet foreslås flyttet fordi forskningsgrupper fra andre avdelinger har sagt nei til å flytte til et forskningsbygg oppleves som en lite tillitsvekkende prosess”, skriv ho i brevet til leiaren for Klinikk for laboratoriemedisin, Andreas Matussek.

Brevet blei skrive 27. mai og blei også lagt ved sakspapira då styret for Helse Søraust tok endeleg stilling til om Klinikk for laboratoriemedisin skulle flytta inn i Livsvitskapsbygget. Svaret blei eit klart fleirtal for flytteplanane. Og då var også Hormonlaboratoriet blitt med på det planlagde flyttelasset.

Har ikkje gitt opp kampen mot tvangsflytting

Dei tilsette har likevel ikkje gitt opp kampen mot det som dei kallar for ei tvangsflytting til for små lokale i Livsvitskapsbygget. Det gjer medlem i Forskarforbundet, May Kristin Lyamouri Bredahl og tillitsvald Ranveig Østrem i NITO, kvalitetsansvarleg Stine Rødmyr og seksjonsoverlege og medisinskfagleg ansvarleg Per M. Thorsby heilt klart overfor Uniforum. Saman med SVs stortingsrepresentant Nicolas Wilkinsson tar dei oss med på ein runde i Hormonlaboratoriet i bygg 23 på Aker sykehus for å visa kor praktisk og greitt dei har det i dag, medan dei fryktar mindre plass og vanskelegare arbeidsforhold i eit langt mindre areal i Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen.

– Me tar imot 400 000 prøvar i året

Per M. Thorsby tar utgangspunkt i kor unikt Hormonlaboratoriet er i Noreg og i Norden.

 – Me er spesiallaboratorium for vanlege hormonsjukdommar som til dømes stoffskifte, diabetes, kvinnelege hormonforstyrringar i binyrer og hypofysen, fortel han medan han peikar på ein illustrasjon han har delt ut til oss.

– Poenget med hormona er at dei er hjernen sine signal vidare ut i kroppen. Hypofysen er ein slags orkesterleiar som styrer alle dei andre hormonorgana ute i kroppen ved sida av nervetrådane. Dette ønskjer me å måla i blod, urin og spytt med meir. Det trengst veldig avansert teknologi for å kunna måla så låge konsentrasjonar av ulike hormon som me gjer her. På mange måtar er me bakvakt for alle dei andre sjukehuslaboratoria i landet. Me kan analysera mange hundre hormon, medan dei kan analysera ganske få hormon. Me tar imot 400 000 prøvar i året, fortel han.

– Utviklar nye maskiner og analysar

Per M-. Thorsby peikar også på at der det ikkje finst eksisterande utstyr eller teknologi, tar dei saka i eigne hender.

– Me utviklar våre eigne analysar heilt frå botn, understrekar han.

For han er det også viktig å trekkja fram det manuelle arbeidet som ingeniørane gjer på Hormonlaboratoriet.

– Dei er viktige for oss, og derfor treng me plass. Og når det gjeld ei mogleg flytting til Livsvitskapsbygget så handlar det kort og godt om ein kamp om plassen. Og det treng me, viss me skal flytta dit, slår han fast.

HORMONLABORATORIET: I dag held Hormonlaboratoriet til i bygg 22 og 23 på Aker sykehus. (Foto: Martin Toft)

– Gir store inntekter til OUS

Det siste poenget han tar opp er den økonomiske rolla Hormonlaboratoriet spelar.

– Me sørgjer for store inntekter til Oslo universitetssykehus for laboratorietenestene våre i konkurranse med private aktørar, konstaterer han.

Og kvalitetsansvarleg Stine Rødmyr kastar seg også inn i omtalen av Hormonlaboratoriet.

– Me gjer ingen analysar som ikkje blir brukte, seier ho.

På mange måtar forstår Per M. Thorsby kvifor Hormonlaboratoriet har fått tilbydd plass i Livsvitskapsbygget.

– Me driv jo me nyskaping, har fått patent på ting me har funne opp sjølve og me har høg forskingsaktivitet. Men me er ikkje eit laboratorium med eit samleband der det tyt inn prøvar og så kjem det svar ut i andre enden. Det me held på med er ingeniør- og handarbeid, understrekar han.

Ranveig Østrem viser til at dei har over 80 000 fryseprøvar på prøvemottaket.

– Det går det ikkje an å ha på eit band, for då blir dei øydelagde, peikar ho på.

Stine Rødmyr legg vekt på den menneskelege dimensjonen.

– Og når dei er tinte, må eit menneske sjå på dei for å sjå om prøvane kan brukast, sjølv om dei kan vera klumpete, før dei skal inn i eit instrument, fortel ho.

Ute i gangen står det mange kassar med pasientprøvar frå Sjukehuset Østfold og andre sjukehus både i nord og sør som sender og får analysert prøvane på Hormonlaboratoriet. Nokre kjem med Posten, medan andre kjem med bod.

– Veldig dårleg

No har dei fått beskjed om at dei må førebu seg å flytta ut av denne bygningen og inn i Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen. Men alle dei tilsette går samla imot det.

– Dei aller fleste har lyst til å flytta inn i Livsvitskapsbygget. Men de ynskjer ikkje å bli tvangsflytta dit. Kva er grunnen til det?

– Me blei tidleg spurte om å bli med, og følte det litt fristande, men så blei me kasta ut av prosessen igjen, før me kom inn igjen. Prosessen har vore veldig dårleg, synest Per M. Thorsby.

 – Det krev mykje plass, og me kom seint inn i prosessen. Me føler det som ein tvang, medan det eigentleg skulle vera noko bra å koma inn i Livsvitskapsbygget. Det er for liten plass for oss der, men samtidig har me kjent på eit hardt press i Helse Søraust-systemet om at me må fylla opp det bygget, slår han fast.

Fekk tilbod om 800 kvadratmeter

Stine Rødmyr viser til at då dei først blei førespurte om ei mogleg flytting til Livsvitskapsbygget, blei dei spurte om kor store areal dei trong.

– Då svarte me at me ville klara oss med 2000 kvadratmeter, men OUS kom tilbake og sa at det går ikkje, men det ville vera mogleg med 1600 kvadratmeter. Ja, me kan prøva med det, svara me, men så blei me kasta ut av heile prosessen. Og då me kom inn igjen i prosessen i midten av mai i år, tilbaud dei oss 800 kvadratmeter, seier Stine Rødmyr.

Då ringte varselsklokkene for alvor hos seksjonsoverlege Per M. Thorsby.

– Det arealet blir så kritisk lite at me ikkje klarer å drifta laboratoriet på ein god nok måte, seier Thorsby.

Fryktar alle blir spreidde for alle vindar

May Bredahl framhevar også at alle dei ulike laboratoria dei har i dag er fordelte på 3000 kvadratmeter på Aker sykehus.

– No har me ei samla eining her med fleire typar laboratorium, og me har eit stor spenn av analysemetodar som vert utførte her, og det ynskjer me å behalda. Det er også styrkja vår at me har så mykje forskjellig her, slik Per seier. Og om me blir spreiddefor alle vindar med nokon her og andre der, kva blir igjen av Hormonlaboratoriet då? Det er den store frykta vår, seier May Bredahl.

Dei er også redde for at merkenamnet Hormonlaboratoriet vil forsvinna.

– Ja, det er me, svarar dei i kor.

Analyserer i hovudsak prøvar frå kvinner

For dei er det også viktig å få fram at det i hovudsak er prøvar frå kvinner med typiske kvinnesjukdommar som dei analyserer på Hormonlaboratoriet.

– Med unntak av dei som har diabetes, er det ingen av dei som har sterke pasientorganisasjonar i ryggen. Dessverre har desse sjukdommane også låg status i helsevesenet, seier Stine Rødmyr.

Så tar dei både SV-politikar Nicolas Wilkinson og Uniforum med på ei omvising rundt i heile lokalet, frå prøvetakingsrommet til dei ulike laboratoria. Og Nicholas Wilkinson vil jobba for at Hormonlaboratoriet skal få betre plass enn planen OUS har no.

– Eg skal samla masse informasjon om situasjonen dykkar, og så skal eg stilla spørsmål til helse- og omsorgsminister Bent Høie om kva han vil gjera med dette, seier han.

– Ei unik moglegheit

Klinikkleiar for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssykehus, Andreas Matussek er derimot overtydd om at det er framtidsretta å flytta klinikken med Hormonlaboratoriet til Livsvitskapsbygget.

– Dette er ei unik moglegheit  til å samla store delar av verksemda vår 10 år tidlegare enn opphavleg  skissert via satsinga om «Nye OUS».. svarar han i ein epost til Uniforum.

Han meiner dette er ein sjanse dei må gripa no.

– Klinikk for laboratoriemedisin har heller ingen garantiar for eit laboratoriebygg i etappe 2 av den planlagde Gaustad-utbygginga. Det er verken sett av areal eller økonomi til dette, som dermed kan resultera i at laboratorieverksemda  blir endå meir fragmentert, noko me forhindrar no med dette nybygget, understrekar Andreas Matussek.

BESTE ALTERNATIVET: – Men etter nøye kartlegging er vurderinga vår at det beste alternativet vil vera å flytta Hormonlaboratoriet til Gaustad-området slik at dei kjem nærare verksemda til klinikken og fagmiljøa i området, seier klinikkleiar Andreas Matussek ved Klinikk for laboratoriemedisin(Foto: Oslo universitetssykehus)

 

– Vil bidra til meir tverrfagleg samarbeid

​– Dei tilsette meiner at ei flytting vil føra til oppsplitting av eit miljø og ein stab som har sørga for store inntekter til OUS.  Kva tykkjer de om den kritikken?

– Heller tvert imot. Flyttinga til Livsvitskapsbygget ved Forskningsparken vil bidra til meir tverrfagleg samarbeid på tvers av fagdisiplinar i diagnostikk og forskingsmiljøa (inkl. UiO) – noko som vil koma både pasientane, kundar og tilsette til gode, trur Andreas Matussek.


– Hormonlaboratoriet har i dag eit areal på 3000 kvadratmeter, og fekk først tilbod om nye areal på 1600 kvadratmeter i Livsvitskapsbygget. Så høyrde dei ikkje noko meir, før saka kom opp i styret for Helse Søraust. Då var dei tildelt eit areal på 800 kvadratmeter, medan dei i dag altså har 3000 kvadratmeter. Trur de ikkje ei mogleg flytting vil skapa både praktiske vanskar og problem med arbeidsmiljøet om dei skal få plass på eit så lite areal?

– Her står det framleis igjen mykje planlegging. Men nye areal i Livsvitskapsbygget skal ikkje føra til ei oppsplitting av fagmiljøet, men heller styrkja verksemda  ved at dei vil få moglegheita  til meir tverrfagleg samarbeid med andre kompetente fagmiljø på dagleg basis. Me må også hugsa på at dei nemnde areala ikkje kan samanliknast direkte med dagens areal som også inkluderer kontor og andre fellesareal. Dessutan vil framtidas tekniske løysingar innebera andre, og ofte mindre, arealbehov.

– Er det mogleg for Hormonlaboratoriet å bli verande på Aker, og få andre inn i ledige lokale i Livsvitskapsbygget?

– Det er alltid eit spørsmål om kva som er mogleg og kva som er formålstenleg. Det er ein stor og omfattande kabal som no vert lagt for at flest moglege  omsyn skal kunna takast vare på i den fasen me er i no. Men etter nøye kartlegging er vurderinga vår at det beste alternativet vil vera å flytta Hormonlaboratoriet til Gaustad-området slik at dei kjem nærare verksemda til klinikken og fagmiljøa i området, er svaret klinikkleiar Andreas Matussek gir Uniforum.

 

Emneord: Livsvitenskapsbygget, Livsvitskap, Personalbehandling/politikk, Arbeidsforhold, OUS Av Martin Toft
Publisert 29. juni 2021 04:30 - Sist endra 29. juni 2021 10:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere