Viktor Balch Barth vil erstatta nokre eksterne med interne styremedlemar

– Det har blitt ein inflasjon i mellombels vitskaplege stillingar som stipendiatar og postdoktorar, seier stipendiat Viktor Balch Barth. Det vil han gjera noko med. Men først må han bli vald som representant for dei mellombels vitskaplege i Universitetsstyret.

Eit portrett av mann ute i vinden

UTHOLAR UNIVERSITETSDEMOKRATIET: – Det at me skal ha mange eksterne som sit i styret, det blir å undergrava og å uthola universitetsdemokratiet, meiner Viktor Balch Barth, styrekandidat for dei mellombels vitskaplege på UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Victor Balch Barth har enno ikkje blitt heilt husvarm på Universitetet i Oslo etter at han kom tilbake til heimbyen etter å ha vore masterstudent i matematikk på NTNU i Trondheim. Han var mellom dei stipendiatane som starta forskarkarrieren sin midt under koronapandemien. 

Val til UiOs styre 2021–2025: 

Universitetsstyret er UiOs øvste organ. Styret har elleve medlemar og er sett saman av styreleiar (rektor), to fast vitskaplege tilsette, éin mellombels vitskapleg tilsett (vert vald årleg), éin teknisk-administrativ tilsett, to studentar (vert valde årleg) og fire eksterne medlemar (vert oppnemnde av Kunnskapsdepartementet).
I år er det val på alle stillingskategoriar
Valbar er tilsette som har stemmerett og har eit tilsetjingsforhold som dekkjer heile valperioden. Stemmerett har fastlønna tilsette i minst halv stilling ved dei einingane som gjennomfører val, og professorar II. 
Valet pågår elektronisk frå 31. mai til 7. juni.

Dette er kandidatane

(Kjelder: Uniforum og UiO)

– Heldigvis har me no høve til å sitja på kontora våre eit par dagar i veka og å eta lunsj saman dei dagane, fortel han. 

– Men eg har inntrykk av at enkelte fall av og blei verande på heimekontoret utover vårsemesteret, seier Balch Barth til Uniforum.

Som elev på Oslo katedralskole deltok han også i Abelkonkurransen i 2013 og 2014. Men han har også eit musikargen, og har stilt opp som gitarist når venner har deltatt på musikkfestivalar. Det var likevel matematikkgenet som vann, og etter matematikkstudiar på NTNU, begynte han som stipendiat i matematikk på UiO i 2020.

Me møter han utanfor Georg Sverdrups hus der studentar no har begynt å fylla alle sofaene i vestibylen. Derfor må me ta intervjuet med han i etasjen under, som er prega av garderobeskåp, lause møblar og ei stor oppslagstavle.  Samtidig går det ein jamn trafikk av folk på veg til og frå toaletta.  

– Tar endå lenger tid å få fast stilling

Når me får sett oss ned, går det ikkje lang tid, før Viktor Balch Barth begynner å fortelja kvifor han ynskjer å bli vald inn i Universitetsstyret.

– Først og fremst er det spennande å sitja i styret. Samtidig har eg nokre saker som eg er opptatt av og kjempar for. Mykje av det er ting som eg opplever utviklar seg i feil retning. Det eine er den aukande graden av mellombelse stillingar. For ikkje så mange år tilbake, fanst det ikkje noko som heitte postdoktorstillingar. Bruken av dei har jo eskalert veldig. Konsekvensen av det er at det jo tar endå lenger tid å få fast stilling. Ein må leva med ei slik jobbuvisse mykje lenger om ein ynskjer seg ein akademisk karriere, fortel han.

Viktor Balch Barth trur ikkje at det er formålstenleg. 

– Eg trur det gjer den akademiske karrieren mindre attraktiv for mange. Samtidig er det lett å gjera noko med det.  Ein har jo midlar som blir brukte til å tilsetja faglege tilsette, men så brukar ein noko på postdoktorar, noko på stipendiatar og noko på faste tilsette. Det me har sett dei siste åra er at tala på postdoktorar og stipendiatar veks langt raskare enn talet på faste stillingar, har han registrert.   Han trur det er mogleg å gjera noko med den utviklinga.

 – Det må vera mogleg å laga ei utgreiing  som kan finna ut  kva tiltak me kan setja  i verk som vil vera mest formålstenlege for å stansa og helst reversera den utviklinga, seier han.

– Forbløffande høg del eksterne

Ein annan ting som han tykkjer har utvikla seg i feil retning er styringa av universitetet.

– Universitetsdemokratiet og universitetet sin autonomi er blitt svekka, blant anna gjennom at det sit mange eksterne representantar i Universitetsstyret.  Dei som blir valde utgjer berre sju av dei elleve som sit i styret. Det er ein forbløffande høg del eksterne, tykkjer han.

Balch Barth let seg ikkje overtyda av grunngjevinga om at dette skal visa at universiteta ikkje er si ei eiga øy, men må lytta til samfunnet.

– Det er sjølvsagt vel og bra, men det at me skal ha mange eksterne som sit i styret, det blir å undergrava og å uthola universitetsdemokratiet. Det gjer at me som er på universitetet, vitskaplege tilsette, stipendiatar, postdoktorar, teknisk-administrative tilsette og studentar får mindre makt, er konklusjonen hans.

– Samansetjinga bør endrast

 Han meiner det også er hovudårsaka til ein annan negativ trend.

– Valoppslutnaden går nedover jamt og trutt, no er det ofte 13-14 prosent som stemmer blant dei mellombels vitskaplege tilsette og veldig få som stiller. Fristen for å stilla opp har heile tida blitt utvida fleire år på rad. Ei av årsakene til det, trur eg, er opplevd avmakt og manglande høve til påverknad. Då er det ikkje noko vits i å stemma eller å engasjera seg. Derfor meiner eg at styresamansetjinga burde endrast. Så er det ei lov som seier at det skal vera sånn, men den seier også at Universitetstyret kan endra samansetjinga av styret. Eg meiner at samansetjinga bør endrast i favør av oss som er på universitetet, seier han svært engasjert.

– Du vil altså ha færre eksterne?

– Ja færre eksterne og fleire interne, nettopp. 

– Det vitnar om eit utruleg snevert kunnskapssyn

Viktor Balch Barth blir også ivrig og gestikulerande når temaet handlar om finansieringa av universiteta.

BØR STEMMA DETTE BORT: – I dag er det eit press på å publisera flest mogleg artiklar for elles kjem du deg ikkje vidare. Eg meiner at universitetsstyret bør stemma dette bort ved å seia at dette ynskjer me ikkje å vera ein del av, seier styrekandidat Viktor Balch Barth. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 – Dei har ei stor grunnløyving og så er ein stor del av finansieringa knytt til pengeløyvingar knytte til produksjon av studiepoeng og produksjon av teljekantar. Ingen av dei er spesielt gode mål på kva eit universitet driv med. I 2020 kom Framstegspartiet med eit forslag med støtte frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet om at delinga av finansieringa burde knytast opp til om folk får relevant arbeid etter enda studium. Det vitnar om eit utruleg snevert kunnskapssyn og syn på kva universiteta er og skal vera. At kunnskap er noko som nokon har, og som nokon tilsett deg på grunnlag av, og så kan ei bedrift tena pengar på den kunnskapen. Kunnskap er så uendeleg mykje meir og breiare enn det. Då ville me jo ha måtta leggja ned heile fakultet, spår han.  

Etter hans meining trugar det sjølvstendet til universiteta.

– Finansiering på den måten fører til at universiteta blir forma av det dei gjer. Og det trugar autonomien til universiteta, på same måten som finansiering på grunnlag av teljekantane trugar den akademiske fridomen, slår han fast. 

Derfor åtvarar han mot dagens utvikling. 

– I dag er det eit press på å publisera flest mogleg artiklar for elles kjem du deg ikkje vidare. Eg meiner at universitetsstyret bør stemma dette bort ved å seia at dette ynskjer me ikkje å vera ein del av. Derimot vil me ha ei rein grunnfinansiering, er oppfordringa hans til dei som skal sitja i Universitetsstyret.

– Så sjølv om du er stipendiat i matematikk, er du motstandar av å bli tald?

- Hehe, ja, eg synest det er veldig gøy med tal, men desse tala kan bli misbrukte. Nokon har stor forkjærleik for det og trur at dei gir ein oversikt. Mange ting let seg ikkje telja på ein formålstenleg måte, er fasiten hans på det reknestykket. 

Står fast på vald rektor

Også han er ein sterk forkjempar for valde leiarar på alle plan.

– Eg meiner universitetet skal ha ein vald rektor. Det er viktig. Sidan eg har gått på NTNU der dei har tilsett rektor, har eg lita erfaring med rektorval. Det handlar kort og godt om universitetsdemokratiet. Retninga som universitetet går i, bør bestemmast av dei som er på universitetet og som er involverte i dette.

– Nobelprisvinnarane Edvard og Maj-Britt Moser tok begge doktorgradane sine på UiO før dei fekk tilbod om forskartilsetjing på NTNU. Du har gått motsett veg. Kva er grunnen til det?

– Godt spørsmål. Eg er jo oslogut då, og har masse tilknyting til byen Oslo. Eg har både familie og venner her. Og så trivst eg veldig godt, samtidig som det er godt ver her. Det kan ikkje Trondheim skilta med, ler han.

Emneord: Universitetsstyrevalget 2021 Av Martin Toft
Publisert 28. mai 2021 11:08 - Sist endra 28. mai 2021 11:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere