UiO trur på ei løyving på 6,1 milliardar for 2022
I 2022 startar bygginga av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy, og då blir det også slutt på billettinntekter frå besøkjande. For 2022 vil bortfall av inntekter og finansiering av utstillingar gi ei samla utgift for UiO på 64 millionar kroner i 2022. I morgon skal Universitetsstyret ta stilling til korleis dette skal prioriterast i budsjettet.

VERT VIKINGTIDSMUSEUM: I 2022 startar arbeidet som skal gjera VIkingskipshuset på Bygdøy til nytt vikingtidsmuseum fire år seinare. I 2022 fører det til at UiO mister inntekter på 64 millionar inkludert ekstra finansiering av utstillingar. Det skal Universitetsstyret diskutera på møtet i morgon. (Arkivfoto)
Eit nytt vikingstidsmuseum stod lenge på ynskelista til UiO. 2. september 2019 var det klart at den endelege løyvinga frå regjeringa var klar, og avsparket for bygginga kunna planleggjast. Mesteparten av rekninga betalar staten, men når bygginga av nytt vikingtidsmuseum kjem i gang i 2022 fører det også til at det ikkje lenger vil koma inntekter frå billettsal eller suvenirsal frå Vikingskipshuset. Det vil seia at UiO sjølv må dekkja inntil 220 millionar kroner i bortfall av inntekter og 77 millionar kroner for basisutstillingar i byggjeperioden 2022-2026.
I 2022 åleine vil dette gi UiO utgifter på 64 millionar kroner. Det blir den største ekstra utgiftsposten for UiO i 2022, går det fram av styrepapira før møtet i Universitetsstyret i morgon 4. mai. Då ber universitetsdirektør Arne Benjaminsen styret om å slutta opp om dei tilrådingane og prioriteringane for fordeling av budsjettet i 2022 han legg fram i møtet.
6,1 milliardar i basisløyving i 2022
Samla reknar UiO med at det vil få ei samla basisløyving på 6,1 milliardar over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett for 2022. I tillegg budsjetterer UiO med eksterne inntekter på 20 prosent av det samla budsjettet og 10 prosent i billettinntekter frå musea. Løyvinga frå Kunnskapsdepartementet utgjer 70 prosent av det samla budsjettet. UiO vil truleg ha rundt 120 millionar kroner til disposisjon til eigne investeringar som Universitetsstyret bestemmer fordelinga av.
Håpar på oppgraderingsmidlar til Kjemibygningen
Det andre store byggjeprosjektet er rehabiliteringa og vedlikehaldet av I-lab og taket på Kjemibygningen. Den 9. mars i år vedtok Universitetsstyret å setja av 30 millionar kroner til dette arbeidet, og samtidig søkja om oppgraderingsmidlar frå Kunnskapsdepartementet. Om søknaden ikkje blir oppfylt, vil det føra til endå større utgifter for UiO, som då må dekkja arbeidet med eigne midlar.
Vil styrkja forskingssatsingar
Universitetsdirektøren viser også til at det er behov for ei utviding og styrking av forskingssatsingane Demokrati/Norden frå 2023 og Energi/klima. Dessutan er UiO også sterkt engasjert i universitetsalliansen Circle U, og det vil seia at det er behov for å setja meir pengar av til det prosjektet. Dessutan meiner universitetsdirektøren at satsinga på masterplan for IT og avsetjing til margin for uvisse for moglege koronaeffektar, som mellom anna inntektstap må halda fram også i 2022.
Den 22. juni skal desse prioriteringane leggjast fram til behandling i styret. Då skal også Universitetsstyret vedta eit stipulert budsjett for 2022, før det blir endeleg vedtatt i desember etter at Stortinget har vedtatt statsbudsjettet for 2022.
Tiltaksplan for likestilling,mangfald og inkludering
Dei andre hovudsakene som skal opp i Universitetsstyret, er planen for ein ny tiltaksplan for likestilling, mangfald og inkludering som skal gå frå 2021 til 2027. Også auka satsing på kompetansebygging av afrikanske universitet i eit samarbeid mellom universitetsalliansen The Guild i Europa og den afrikanske universitetsallingansen ARUA, står på planen som ei informasjonssak. Både vitskapsombod Knut W. Ruyter og fungerande studentombod Pål Gustavsen skal leggja fram årsrapportane sine for 2020 i møtet. Det same skal personvernombodet og “Felles redelighetsutvalg”. Og bak stengde dører skal Universitetsstyret ta stilling til kven som skal få UiOs prisar og UiOs menneskerettspris for 2021.
Dette er saklista for møtet i Universitetsstyret 4. mai klokka 10.00:
Møte nr. 3/2021 i universitetsstyret
Møtet gjennomføres på Zoom, og vil bli streamet her.
Tid: 4. mai 2021 10:00–17:00
Saker til behandling i lukket møte
Ordinære saker
V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet
V-SAK 2 Tildeling av UiOs priser for forskning, utdanning, formidling og innovasjon 2021
Saksnr. 2020/13114
Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 26, 2. ledd
V-SAK 3 Tildeling av UiOs menneskerettighetspris – Lisl og Leo Eitingers fond 2021
Saknr. 2020/1323
Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 26, 2. ledd
Saker til behandling i åpent møte møte
Ordinære saker
V-SAK 4 Fordeling 2022 – overordnede prioriteringer
Sak nr.
Forslag til vedtak:
1. Universitetsstyret slutter seg til anbefalingene og prioriteringene for fordeling 2022.
Saksdokumenter:
V-SAK 5 Tiltaksplan for mangfold, likestilling og inkludering 2021-2024
Saksnr.
Forslag til vedtak:
Universitetsstyret vedtar Tiltaksplan for mangfold, likestilling og inkludering 2021 – 2024.
Saksdokumenter:
Informasjonssaker
I-SAK 1 Status for UiOs arbeid med studenters psykiske helse
Saksnr.
I-SAK 2 Utvikling av UiO Norden som satsningsområde
Ved direktør for UiO: Norden, Tore Rem
I-SAK 3 Kapasitetsbyggingsinitiativ for å styrke afrikanske universiteter
Saksnr.
I-SAK 4 Vitenskapsombudets årsrapport for 2020
Saksnr.
I-SAK 5 Årsrapporter for Felles redelighetsutvalg 2019 og 2020
Saksnr.
I-SAK 6 Årsrapport 2019 og 2020 - Studentombudet
Saksnr.
Saksdokumenter:
I-SAK 7 Personvernombudets rapport for vår 2020 - vår 2021
Saksnr. 2019/3889
Saksdokumenter:
I-SAK 8 Status på arbeid med informasjonssikkerhet og personvern ved UiO
Saksnr.
Saksdokumenter:
O-SAK 1 Orienteringer fra universitetsdirektøren
Saksnr. 2008/3197
Saksdokumenter:
Saker til behandling i lukket møte
Orienteringssaker
O-SAK 2 Eventuelt
Ordinære saker
V-SAK 6 Godkjenning av protokoll for inneværende møte
Forslag til vedtak:
Protokollen ble godkjent.
Protokoll
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere