Helene A. Nissen-Lie: – Eg vil kjempa for at dei tilsette blir høyrde og verdsette

– Det er viktig å kjempa for ein tillitskultur ved UiO som organisasjon før det er for seint, slik me har sett i andre etatar. Det meiner Helene Amundsen Nissen-Lie som er ein av dei seks som konkurrerer om å få representera dei faste vitskaplege i Universitetsstyret.

HAR SLOST: – Eg har slost for at me på universitetet skal velja leiarane våre sjølve heller enn at dei blir tilsette, seier Helene Amundsen Nissen-Lie. No ynskjer ho å bli vald som representant for dei fast vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. 

Det er ein travelt opptatt professor Helene Amundsen Nissen-Lie Uniforum møter på zoom ved inngangen til pinsehelga.  Ho har nettopp halde eit digitalt føredrag for 400 spanske psykologar. 

Val til UiOs styre 2021–2025: 

Universitetsstyret er UiOs øvste organ. Styret har elleve medlemar og er sett saman av styreleiar (rektor), to fast vitskaplege tilsette, éin mellombels vitskapleg tilsett (vert vald årleg), éin teknisk-administrativ tilsett, to studentar (vert valde årleg) og fire eksterne medlemar (vert oppnemnde av Kunnskapsdepartementet).
I år er det val på alle stillingskategoriar
Valbar er tilsette som har stemmerett og har eit tilsetjingsforhold som dekkjer heile valperioden. Stemmerett har fastlønna tilsette i minst halv stilling ved dei einingane som gjennomfører val, og professorar II. 
Valet pågår elektronisk frå 31. mai til 7. juni.

Dette er kandidatane

(Kjelder: Uniforum og UiO)

– Eg var invitert til å koma for å delta fysisk på konferansen deira, men på grunn av koronarestriksjonane var det ikkje mogleg, fortel ho.   Men ho trur bodskapen i foredraget hennar gjekk rett heim hos psykologkollegaene hennar i Spania.  – Eg hadde ein glimrande tolk som simultanomsette frå engelsk til spansk. Tolken gjer ein svært viktig jobb, og eg blei svært imponert, seier ho til Uniforum. 

Får støtte frå heile Psykologisk institutt

No stiller ho til val til Universitetsstyret for å vinna ein av dei to plassane til dei fast vitskaplege tilsette.  Og ho har så godt som heile Psykologisk institutt bak seg som forslagsstillarar, men ingen frå andre institutt.  

– Det er tilfeldig for det hasta med å skaffa forslagsstillarar, og då var det lettast å samla saman folk frå Psykologisk institutt. Men om eg blir vald, skal eg sjølvsagt representera vitskaplege tilsette på heile universitetet, lovar ho.  

– Lærte meg kor viktig det er med ein god dialog

Helene Amundsen Nissen-Lie legg heller ikkje skjul på at ein god del av engasjementet for universitetspolitikk blei lagt då ho var tillitsvald på Psykologisk institutt etter forslaget om å leggja ned klinikkane og flytta dei ut av instituttet. 

– Heldigvis klarte me å få til ei god løysing på den saka. Men den lærte meg kor viktig det er med ein god dialog mellom leiar, tilsette og studentar. Ho har meir tru på vald leiing på UiO.  - Seinare har me også gått tilbake til vald instituttleiar på psykologi, fortel ho.

– Vald leiing er den beste garantisten

Og er det noko Helene Amundsen Nissen-Lie ynskjer å engasjera seg i i Universitetsstyret er det forsvaret for universitetsdemokratiet. Ho viser til at både universitetsdemokratiet og det akademiske sjølvstyret er rotfesta i universitetshistoria. For henne er det klart kva som må gjerast for at det skal halda fram slik.

 – For meg finst det nokre institusjonelle ordningar som tar betre vare på dette enn andre. Eit døme på det er om ein skal gå for vald eller tilsett leiinga på UiO. Eg har slost for at me på universitetet skal velja leiarane våre sjølve heller enn at dei blir tilsette. Eg meiner vald leiing er den beste garantisten for at viktige strategiske prioriteringar og avgjerder også i framtida er forankra i demokratiske prosessar, og at leiinga først og fremst er lojale overfor dei tilsette og studentane, seier ho og viser til valplattforma si.

– Me må kjenna at me blir sett

Helene Amundsen Nissen-Lie er forskar og vant til å jobba og tenkja sjølvstendig akkurat som andre universitetsforskarar. Ho ser at heile forskarstanden til liks med andre arbeidstakarar har behov for å bli sett og treng både anerkjenning og omsorg frå andre. – Konkurransen er tøff for å sikra seg ei stilling ved UiO og nokre gonger kan denne konkurransementaliteten gå utover ivaretakinga av eit grunnleggjande godt arbeidsmiljø. For å yta vårt beste må me kjenna at me blir sett av leiinga og føla at me blir høyrde, seier Nissen-Lie og lovar å ha behova til dei tilsette høgt på dagsordenen, dersom ho blir vald som representant for dei faste vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. 

– Studentane har betalt ein høg pris

Helene Amundsen Nissen-Lie synest også det viktig å trekkja inn den spesielle situasjonen UiO har vore i etter eitt år med koronapandemi og med strenge restriksjonar.  Etter hennar meining har dei hatt stor fylgjer for både studentar og tilsette både fagleg og sosialt. 

– Studentane har betalt ein høg pris og lærarar har strekt seg langt for å tilby undervisning på høgt nivå gjennom nye kanalar, og forskarar på alle nivå er blitt forseinka med datainnsamling og analysar. Dei mellombels tilsette er urolege for korleis det skal gå med dei vidare og kva rettar dei har, peikar ho på. 

Helene Amundsen Nissen-Lie meiner at det stiller ekstra krav til styret.

 – Alt dette krev ei innstilling i styret om at ein må få eit oversyn over situasjonen på kvart institutt og fylgja opp i budsjett og i særlege tiltak, slår ho fast.  

UiO har eit ansvar for å få gjort noko med klimakrisa

For henne er det også klart at UiO har eit ansvar for å få gjort noko med klimakrisa, som ho meiner er det største trugsmålet i den tida me lever i.  Ho meiner at ei av dei viktigaste oppgåvene er å utdanna høgt kvalifiserte studentar som skal setja agendaen i samfunnsdebatten, driva langsiktig grunnleggjande forsking og arbeida for at kunnskapen skal takast i bruk. Slik meiner ho UiO kan ta ansvar for å bidra til løysingar både lokal og globalt.

 – Eg vil jobba for at styret sine prioriteringar er i samsvar med strategien til UiO om å føra an i det nasjonale og internasjonale klimaarbeidet og å vera ein rollemodell for andre institusjonar, er lovnaden ho kjem med.

LYTTA TIL ARGUMENT:  – I saker eg har jobba med, har eg erfart at evna mi til å lytta til argument, setja meg ordentleg inn i sakene og lata ulike stemmer koma til orde, har vore viktig for å sikra ei best mogleg gjennomdrøfting av ulike perspektiv, seier Helene Amundsen Nissen-Lie. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Mentorprogram og frikjøp

Av andre saker som ho gjerne vil ta opp i Universitetsstyret nemner ho kjønnsbalanse og karriereutvikling. Nissen-Lie er opptatt av god kjønnsbalanse også i akademiske toppstillingar, og ho meiner det framleis er ein lang veg å gå før det målet er nådd. Psykologiforskaren har også idear om kva som bør til for å få det realisert. 

– Mentorprogram og frikjøp er blant gode tiltak som må utvidast for å få dette til. Eg vil jobba for at UiO skal styrkja satsinga på kjønnsbalanse og auka mangfald, og at me i fellesskap utviklar ein open, inkluderande og positiv forskingskultur som studentane våre ynskjer å vera ein del av,  understrekar ho. 

– Nøkkelen er tillit

Og når det gjeld spørsmålet om kvifor dei faste vitskaplege tilsette bør stemma på henne som deira representant i Universitetsstyret, drar ho inn både dei personlege eigenskapane sine og erfaringane som psykolog, forskar og tillitsvald både for Psykologiforeininga og Akademikarane.

–I saker eg har jobba med, har eg erfart at evna mi til å lytta til argument, setja meg ordentleg inn i sakene og lata ulike stemmer koma til orde, har vore viktig for å sikra ei best mogleg gjennomdrøfting av ulike perspektiv. Etter mi oppfatning er dette ein føresetnad for å finna gode løysingar og koma til kvalifiserte avgjerder. Nøkkelen er tillit, konstaterer ho. Så trekkjer ho også inn faget sitt.

 – Som psykolog er eg vant til å arbeida i krevjande mellommenneskelege prosessar og få til godt samarbeid, gjennom ein open og respektfull kommunikasjon, seier ho og viser til valplattforma si.

No ser ho fram til valet og til den store valdebatten onsdag 2. juni.

Og heilt til slutt peikar ho på den raude tråden i hennar haldning til styrearbeidet.

– Valplattforma mi kviler på ein humanistisk grunn der godt fag og eit godt arbeidsmiljø ikkje må vika for kontroll- og styringsprinsipp. Det er viktig å kjempa for ein tillitskultur ved UiO som organisasjon før det er for seint, slik me har sett i andre etatar, seier ho.

 

Emneord: Universitetsstyrevalget 2021 Av Martin Toft
Publisert 27. mai 2021 09:55 - Sist endra 27. mai 2021 09:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere