UiO og Kjeller-institutta vil saman løfta Noreg inn i teknologiframtida

500 studentar og fleire titals stipendiatar kan ha sitt daglege virke på Kjeller i 2028. Det er forskings- og utdanningsvisjonen UiO-rektor Svein Stølen no lanserer saman med Institutt for energiteknikk, Forsvarets forskingsinstitutt, Institutt for teknologisystem og Lillestrøm kommune.

Ein stor blåkvit bygning på Kjeller

SATSING: No inviterer rektor Svein Stølen   Institutt for energiteknikk, Forsvarets forskingsinstitutt og Lillestrøm kommune med på ei storstilt forskings- og utdanningssatsing på Kjeller. Framme til venstre står direktør for Institutt for teknologisystem, Cecilie Rolstad Denby og bak står direktør for IFE, Nils Morten Huseby (t.v.) og ordførar Jørgen Vik i Lillestrøm.  

Foto: Kjell Arne Jørgensen /Lillestrøm kommune

Om satsinga får naudsynt finansiering, kan dei første 100 studentane vera på plass på Kjeller i 2023. Planen er at det skal opprettast 100 nye studieplassar kvart år fram til og med 2023, fram til det til saman vil vera 500 studentar på plass etter fem år. Og i tillegg skal det også opprettast fleire nye stipendiatstillingar i forskingssatsinga på romteknologi, sensorteknologi, fornybare energisystem, IT-tryggleik, radiofarmasi, autonome system, sensorteknologi og sikringsteknologi.

Forsking- og utdanningssatsing på Kjeller:

- UiO og Kjeller-institutta lanserer satsing på romteknologi, sensorteknologi, fornybare energisystem, autonome system, radiofarmasi og IT-sikring

- planen er å oppretta 500 studieplassar i løpet av fem år

- dei første 100 studentane kan ta til i 2023

- det skal opprettast stipendiatstillingar

- prislappen vil koma på mellom 60 og 100 millionar kroner

(Kjelder: UiO, IFI, og FFI)

Det kom fram på ein digital pressekonferanse i regi av Universitetet i Oslo, Institutt for energiteknikk, Forsvarets forskingsinstitutt og Lillestrøm kommune i dag.  

– Noreg treng ei storstilt satsing på framtidsteknologi som ein konsekvens av grøn omstilling og nasjonal beredskap.På Kjeller kan UiOs  Institutt for teknologisystem gå vidare med å forlengja prosjekt dei allereie er i gang med,  understrekar UiO-rektor Svein Stølen.

Mellom 60 og 100 millionar

På spørsmål frå Uniforum om kor mykje satsinga vil kosta viser han til ein sum på maksimum 100 millionar kroner.

– Viss me skal få til dette, må me ha nye stillingar som gjer at det vil vera mogleg å satsa på nye fagområde. Det me ber om er altså 100 studieplassar i året over fem år. Det vil til saman gi ei tildeling på mellom 60 og 100 millionar kroner som kan brukast til å utvikla mange område. Til å tilsetja fast vitskapleg personell, til å leiga areal og til å investera noko i infrastruktur. Så ber me i tillegg om stipendiatstillingar som gjer at me kan samarbeida betre på tvers om spesifikke prosjekt. Der kan både næringslivet og instituttsektoren vera involverte, fortel han.  

No meiner han resten er opp til politikarane.

-Dette er eit initiativ som krev politisk vilje. Og det trur me at me skal klara å få til, er han overtydd om.

– Ei viktig timing

Det var Svein Stølen som først tok kontakt med direktør Nils Morten Huseby ved Institutt for energiteknikk for å ta initiativ til ei slik satsing.

– Dette er ei viktig timing, synest Huseby. Han viser til at fleire no prøver å koma i front i denne satsinga.

– No held alle land på å driva med grøn omstilling, så då gjeld det for Noreg å springa raskast. Både EU, USA og Kina satsar på grøn teknologi no. Samtidig vil petroleumsinntektene til Noreg bli reduserte og oljeindustrien etter kvart bli fasa ut, og Noreg må gjennom ei formidabel omstilling. Derfor er det rekna ut at Noreg treng 250 000 nye arbeidsplassar i privat sektor fram til 2030, peikar han på.

– Har behov for fleire studentar

Også direktør for Forsvarets forskingsinstitutt, Espen Skjelland meiner det er heilt på sin plass med ei slik forskings- og utdanningssatsing på Kjeller.

– Dette handlar også om rekruttering av folk til både til sivile og militære jobbar. Både romteknologi, sensorteknologi og autonome system er viktige for oss. Derfor har me behov for at fleire studentar skaffar seg denne kunnskapen, seier han.

– Motpartar er ekstremt kyniske

Skjelland er også opptatt av at skiljet mellom sivil og militær teknologi ikkje er så klart som det har vore tidlegare.

– Motpartar brukar det som verkar til å påverka norske styresmakter og samfunnet. Det gir stadig mindre meining å sjå på sikring som noko reint militært. Det handlar både om det militære og det sivile. Her er motpartar ekstremt kyniske. Dei brukar til ei kvar tid dei midlane som fungerer best, sivile eller militære. FFI gjer også det aller meste av militær forsking i Noreg.  Om me ikkje lykkast på dette området, er det grunn for oss alle til å sova dårleg om natta, åtvarar han. 

Også ordførar Jørgen Vik i Lillestrøm ser fram til ei realisering av denne forskings- og utdanningssatsinga.  

– Kjeller er ein bydel me er stolte av. Og for at Oslo skal lykkast må Lillestrøm lykkast. No er også SiO i ferd med å byggja nye studentbustader i Lillestrøm. Og byen vår er akkurat passeleg stor for at studentar skal kunna trivast her. Og dessutan har den eit rikt kulturliv, slår han fast.  

Emneord: Forskning, Forskningssamarbeid Av Martin Toft
Publisert 31. mai 2021 13:27 - Sist endra 31. mai 2021 14:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere