Dei ber om låsbare skur etter sykkeltjuveri på Nedre Blindern

Midt på lyse dagen stal nokon sykkelen til Ragnhild Aurlien frå sykkelstativet utanfor Fysikkbygningen. No ber kollegaene hennar Andrius Popovas og Tiago Pereira om at UiO set opp eit låsbart sykkelskur. Eigedomsavdelinga kan ikkje lova det før tidlegast i 2022.

To menn står ute framfor eit sykkelstativ

FORSVANN:  Frå dette sykkelstativet utanfor Fysikkbygningen forsvann sykkelen til Ragnhild Aurlien. Kollegaene Andrius Popovas og Tiago Pereira ynskjer no eit sykkelskur som kan låsast for å hindra sykkeltjuveri frå Nedre Blindern. 

Foto: Martin Toft

Det var på sykkelstativet på oversida av Fysikkbygningen Ragnhild Aurlien på Institutt for teoretisk astrofysikk hadde parkert og låst sykkelen sin ein dag i april. Då ho skulle heim igjen var sykkelen sporlaust borte. Kollegaene hennar, dataingeniør i forsking Andrius Popovas og førsteamanuensis Tiago Pereira fryktar no at også syklane deira skal bli stolne, sidan det har vore fleire sykkeltjuveri den siste tida.

– På grunn av koronapandemien blir alle oppfordra til å sykla eller gå til jobben for å unngå kollektivtransport. Då må me alltid parkera dei på sykkelparkeringa ute i all slags vêr. For det slit hardt på sykkelen både å stå ute i sola og i regn og frost. Det er ikkje bra for sykkelen, men dei blir også enkle å stjela for sykkeltjuvar. seier Andrius Popovas.

– Skuffande

Han får full oppbakking frå kollegaen Tiago Pereira.

– Eg har sykla til jobben kvar dag vinter og sommar i åtte år. Det er skuffande at det ikkje finst noko tilbod om parkera syklane på ein trygg plass. Det einaste me kan gjera er å parkera dei ute. Alternativet er å parkera dei i ei låsbar sykkelbu ved Eilert Sundts hus, men det er heilt i den andre enden av dette universitetsområdet, rundt ein kilometer herifrå, peikar han på.  

Tiago Pereira viser til at dei har prøvd å få eit liknande tilbod på Nedre Blindern.

– Det har me forsøkt å få til gjennom mange år, men ingenting skjer, seier Pereira til Uniforum.  

Dei hugsar godt den dagen då Ragnhild Aurlien opplevde at sykkelen henna blei stolen.

– Det fortalde ho til oss i ein gruppechat , og at det hadde skjedd midt på dagen, fortel Popovas.

– Det var planar

No vil dei på nytt ta kontakt med Eigedomsavdelinga for å høyra om dei kan setja opp eit sikkert sykkelskur på Nedre Blindern.

– Det var planar om det for nokre år sidan, men så har me ikkje høyrt noko meir om det, seier Andrius Popovas.

– Ja, dei seier at dei har planar om det, men ikkje har fått sett av pengar til prosjektet, legg Tiago Pereira til.

– Upraktisk

I første omgang blei dei oppfordra til å setja syklane sine i tjuverisikre sykkelskur ved Eilert Sundts hus.

– Det er svært upraktisk når det er nærare ein kilometer frå arbeidsplassen vår. Då blir spaserturen derifrå og hit like lang som sykkelturen heimanfrå og til Eilert Sundts hus.

Sjølve har dei ikkje vore i direkte kontakt med Eigendomsavdelinga.

– Me har vore i kontakt med instituttleiinga, og dei har gitt oss sterk støtte, understrekar Tiago Pereira.

Trur 65 prosent av dei tilsette syklar

Det er svært mange av kollegaene deira som syklar til jobben.

– Her på instituttet syklar kanskje 65 prosent av dei tilsette til jobben, også no i koronatida, sjølv om det er færre enn før, sidan så mange sit på heimekontor på grunn av koronapandemien, reknar Andrius Popovas med.

Og Tiago Pereira håpar no at UiO ser at det er viktig at forholda blir lagt ordentleg til rette for at dei tilsette fylgjer oppfordringa om å sykla til jobben.

– Det er dumt om dei let vera å sykla fordi dei er redde for at sykkelen skal bli stolen frå sykkelstativet, synest han.

Begge trur at med enkle metodar vil det vera mogleg å kunna realisera ynsket om ein trygg parkeringsplass for syklane.

– Til og med eit overvakingskamera ville ha vore til stor hjelp, seier Andrius Popovas.

– Me forstår godt behovet for sikker sykkelparkering

Uniforum har også vore i kontakt med eigedomsdirektør John Skogen for å finna ut om det er mogleg å få bygt eit sykkelskur på Nedre Blindern som kan låsast. Han er klar over ynsket til dei tilsette på Institutt for teoretisk astrofysikk.

– Me forstår godt behovet for sikker sykkelparkering på Nedre Blindern, spesielt under pandemien. Me har utgreidd konkrete løysingar, men har ikkje funne rom for å prioritera gjennomføringa innanfor dei midlane me har tilgjengeleg, skriv han i ein epost til Uniforum,

Fredinga av Blindern fører til ekstra tilpassingar

John Skogen trekkjer fram spesielle årsaker til at dette er vanskeleg å få til.

– På grunn av fredinga av Blindern, er det behov for ekstra tilpassingar som gjer totalkostnaden større. I tillegg til innkjøp av sykkelskura med stativ, må det også gjerast grunnarbeid og leggjast fram straum og signal for å kunne ha sikker tilgang og overvaking av området. Me er godt kjende med behovet. Det vil vera med i vurderinga av tiltak for å leggja til rette for miljøvennlege val for studentar og tilsette.

– Når kan dei rekna med at dei får låsbare sykkelskur på Nedre Blindern?

– Ambisjonen er å auka kapasiteten for sikrare sykkelparkering i neste masterplanperiode, det vil seia 2022-2026.

– Har de nokre gode plasseringar i tankane?

– Me har utgreidd etableringa av låsbart sykkelskur på parkeringsplassen mellom Fysikkbygningen, Farmasibygningen og Helga Engs hus.

– Kva meiner de at dei skal gjera for å hindra at syklane blir stolne frå Blindern?

– Førebels kan me ikkje gjera anna enn å oppfordra til å bruka gode låsar og visa til informasjonen på nett om tilgjengelege alternativ for sykkelparkering, svarar John Skogen.

Og informasjonen eigedomsdirektør John Skogen viser til om sykkelparkering,finst på denne nettstaden

 

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 21. mai 2021 10:37 - Sist endra 21. mai 2021 11:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere