UiO-rektor om gjenopning: – Eg håpar utanlandske forskarar kan prioriterast på 2. trinn

– Det er svært viktig at me i trinn 2 kan opna for utanlandske forskarar. Forskinga og dei unge talenta lir av stengde grenser, seier rektor Svein Stølen ved UiO om gjenopningsplanen til regjeringa. 

NESTEN SOM NORMALT: – Eg trur det har «normalisert» seg, men det betyr truleg ikkje at me vil ha eit trøbbel-fritt haustsemester, seier UiO-rektor Svein Stølen etter at regjeringa har lagt fram gjenopningsplanen sin. 

Foto: Ola Gamst Sæther
Onsdag formiddag presenterte statsminister Erna Solberg regjeringa sin gjenopningsplan i Stortinget.  Den er delt inn i fire trinn.  Det første trinnet handlar om å letta på tiltak som blei innført før påske. Folk kan ha inntil 5 gjester i eigne heimar og tilrådd avstand blir igjen sett til 1 meter. Først på trinn 2 blir opna for auka fysisk undervisning på universiteta og høgskulane frå siste halvdel av mai.

Heimekontor også på trinn 3 og litt på trinn 4

På trinn 3 vert det opna for inntil 20 gjestar heime, og ynsket er framleis at flest mogleg skal arbeida på heimekontor. På trinn 4 vil det meste vera som normalt, men det skal framleis vera krav til smitteverntiltak, avstand og at ein er heime dersom ein er sjuk eller i karantene. Og det kan framleis vera behov for noko heimekontor, går det fram av gjenopningsplanen som statsminister Erna Solberg først presenterte for Stortinget onsdag formiddag. 

Glad for at Oslo prioriterer studentane

Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo er viss på at Oslo kommune vil halda fram med å prioritera studentane og vil gjera det den kan for at universitetsområda skal vera mest mogleg opne. 
 
– I  kva grad me kan opna er avhengig av smittesituasjonen, og Oslo kommune i tillegg til nasjonale planar. Eg er svært glad for at Oslo så tydeleg har prioritert studentane, og er sikker på at kommunen fortsatt vil bidra til at me kan halda campus så ope som mogleg. 
 
– Kva andre konsekvensar får regjeringas gjenopningsplan for UiO, trur du?
– Det er svært viktig at me i trinn 2 kan opna for utanlandske forskarar. Forskinga og dei unge talenta  lir av stengde grenser. Desse må innlemmast under definisjonen av prioriterte grupper av arbeidsreisande, seier Svein Stølen til Uniforum. 

Truleg ikkje eit trøbbel-fritt haustsemester 

Neste semester tar til rundt 16. august. Sjølv om regjeringa no har lagt fram ein plan for ei gjenopning i fire trinn, har Svein Stølen ingen tru på at haustsemesteret vil bli fritt for problem. 
 
– Eg trur det har «normalisert» seg, men det betyr truleg ikkje at me vil ha eit trøbbel-fritt haustsemester. Me skal gjera alt i vår makt for å halda campus så open som mogleg - nok ein gong i samarbeid med kommunen, men også med  SiO Helse som verkeleg har vore viktig for smittevernet vårt.
 
– Det blir oppfordra til bruk av heimekontor også heilt fram til 4. trinn av gjenopningsplanen. Kva synest du om det? 
 
– Det overraskar. Eg ville trudd 3. trinn ville vore tilstrekkeleg. Eg er opptatt av at me skaper meir i samspel, seier Svein Stølen. 
 
 
 
Emneord: Koronavirus, Koronaviruset. Studentforhold, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 8. apr. 2021 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere