UiO ligg på publiseringstoppen i 2020

Universitetet i Oslo skåra flest publiseringspoeng i Noreg i 2020.  NTNU ligg like bak, medan det er eit stort sprang ned til Universitetet i Bergen på tredjeplass. 

Ein universitetsbygning i Oslo sentrum i kveldslys

PUBLISERER MEST: UiO-forskarane publiserte mest totalt i 2020, og også mest i dei mest prestisjetunge tidsskrifta. Det syner tal frå Norsk senter for forskingsdata. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

I 2020 blei det gjort publikasjonar ved norske universitet og høgskular som svarar til  29 325 publieringspoeng, melder Norsk senter for forskingsdata. Tala er basert på innmelde publikasjonar i Cristin, og poengutrekninga tar utgangspunkt i nivåplasseringa til publiseringskanalen. Desse tala blir melde inn til Kunnskapsdepartementet som også brukar dei når dei skal avgjerda tildeling av pengar til institusjonane. 

Dei fire tradisjonelle universiteta gjer det enno best

Universitetet i Oslo skåra til saman 6806,7 publiseringspoeng i 2020. Det viser dei oppdaterte tala frå Norsk senter for forskingsdata.  Forskarar ved NTNU produserte 6544,2 publiseringspoeng, og gjorde at heimeinstitusjonen deira kom like bak.  Universitetet i Bergen produserte til saman 3669, publiseingspoeng i fjor. Universitetet i Tromsø kom på fjerdeplass når det gjeld produksjon av publiseringspoeng, medan Universitetet i Stavanger og OsloMet-storbyuniversitet kom på høvesvis femte- og sjetteplass. 

Høgast prosentdel kvinner bidrar på UiO og NTNU

Universitetet i Oslo har også best tal når det gjeld kor stor del av dei kvinnelege forskarane som bidrar til dei samla publiseringspoenga. Tala viser at på UiO skårar dei 2473 av den samla poengsummen på 6806,7, medan det same talet på NTNU er på 1853 av 6544,2 publiseringspoeng. Det vil seia at kvinnelege forskarar på UiO har produsert  36 prosent av poenga. På NTNU står kvinnene for rundt 28 prosent av publiseringane.

For UiO viser statistikken også at 31 prosent av publiseringane skjer i nivå 2-tidsskrift. Det er dei tidsskrifta som blir rekna som dei mest prestisjetunge, slike som Nature, Science, The Lancet og PNAS. 69 prosent av publiseringane skjer på nivå 1, altså i tidsskrift, som har litt lågare status enn dei som er plasserte i nivå 2. Akkurat på det området kjem Universitetet i Bergen betre ut enn NTNU. For 29,1 prosent av publiseringane til Universitetet i Bergen skjer i nivå 2-tidsskrift, medan talet for NTNU er på 23,6 prosent. 

Dette er dei samla tala frå Norsk senter for forskingsdata

Publiseringspoeng og forfatterandeler 2020

Merk: Fra og med 2015 benyttes ny beregningsmåte for publiseringspoeng.

                     
  Kvalitetsnivå Publikasjonsform
Enhet Publiserings- poeng Poeng kvinner Endring poeng Andel poeng Forfatter- andeler Nivå 1 Nivå 2 Periodika Antologi- Mono- grafier
Totalt: 29 325,1 10 401,7 6,3 % 100,0 % 13 492,0 76,1 % 23,9 % 79,8 % 18,5 % 1,7 %
Universiteter 25 488,6 8 961,7 5,1 % 86,9 % 11544,9 75,5 % 24,5 % 81,2 % 17,3 % 1,4 %
Nord universitet 728,6 251,5 26,4 % 2,5 % 404,7 81,7 % 18,3 % 65,6 % 31,2 % 3,1 %
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet 1057,1 355,4 4,1 % 3,6 % 468,6 79,6 % 20,4 % 90,3 % 9,4 % 0,3 %
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 6544,2 1853,0 7,6 % 22,3 % 3024,7 76,4 % 23,6 % 84,7 % 14,2 % 1,1 %
OsloMet – storbyuniversitetet 1313,5 739,4 5,9 % 4,5 % 743,8 81,4 % 18,6 % 76,6 % 22,1 % 1,4 %
Universitetet i Agder 938,4 266,3 5,2 % 3,2 % 537,3 82,3 % 17,7 % 76,6 % 21,9 % 1,5 %
Universitetet i Bergen 3629,9 1260,1 6,3 % 12,4 % 1446,9 70,9 % 29,1 % 83,8 % 14,9 % 1,3 %
Universitetet i Oslo 6806,7 2473,1 0,3 % 23,2 % 2680,0 69,0 % 31,0 % 79,4 % 18,7 % 1,8 %
Universitetet i Stavanger 1332,5 499,7 2,6 % 4,5 % 650,1 75,1 % 24,9 % 82,2 % 15,5 % 2,3 %
Universitetet i Sørøst-Norge 904,3 360,3 9,1 % 3,1 % 509,8 87,5 % 12,5 % 81,5 % 17,3 % 1,2 %
Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet 2233,4 902,9 5,7 % 7,6 % 1079,1 78,3 % 21,7 % 79,3 % 19,9 % 0,8 %
Statlige vitenskapelige høyskoler 742,6 208,8 16,1 % 2,5 % 319,2 71,6 % 28,4 % 85,7 % 13,6 % 0,7 %
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo 0,0 0,0 0,0 % 0,0 % 24,6 80,2 % 19,8 % 77,3 % 22,7 % 0,0 %
Høgskolen i Molde, Vitenskapelig høgskole i logistikk 156,8 52,9 43,1 % 0,5 % 75,0 81,3 % 18,7 % 86,6 % 13,2 % 0,2 %
Kunsthøgskolen i Oslo 0,0 0,0 0,0 % 0,0 % 2,1 100,0 % 0,0 % 5,9 % 94,1 % 0,0 %
Norges handelshøyskole 294,4 69,5 22,2 % 1,0 % 105,8 62,4 % 37,6 % 83,8 % 14,4 % 1,9 %
Norges idrettshøgskole 291,4 86,3 0,8 % 1,0 % 92,6 66,6 % 33,4 % 96,7 % 3,3 % 0,0 %
Norges musikkhøgskole 0,0 0,0 0,0 % 0,0 % 19,1 94,8 % 5,2 % 59,5 % 40,5 % 0,0 %
Statlige høyskoler 1 764,1 768,9 12,7 % 6,0 % 966,9 84,2 % 15,8 % 72,4 % 25,1 % 2,6 %
Høgskolen i Innlandet 475,4 204,3 3,5 % 1,6 % 274,8 83,6 % 16,4 % 73,7 % 23,1 % 3,2 %
Høgskolen i Østfold 277,0 143,8 8,8 % 0,9 % 158,0 80,2 % 19,8 % 79,4 % 18,1 % 2,5 %
Høgskulen i Volda 189,0 87,9 74,3 % 0,6 % 131,2 85,7 % 14,3 % 57,2 % 36,4 % 6,3 %
Høgskulen på Vestlandet 795,4 311,8 9,7 % 2,7 % 391,1 86,1 % 13,9 % 73,6 % 25,5 % 0,9 %
Samisk høgskole 27,3 21,2 54,2 % 0,1 % 11,8 67,4 % 32,6 % 74,6 % 21,1 % 4,2 %
Private vitenskapelige høyskoler 866,1 302,9 14,2 % 3,0 % 398,2 71,2 % 28,8 % 62,8 % 29,9 % 7,3 %
Handelshøyskolen BI 455,9 100,1 12,5 % 1,6 % 168,9 69,7 % 30,3 % 70,4 % 21,6 % 8,0 %
MF vitenskapelig høyskole 157,9 42,1 3,3 % 0,5 % 79,3 70,0 % 30,0 % 55,9 % 31,7 % 12,4 %
VID vitenskapelige høgskole 252,3 160,8 26,0 % 0,9 % 150,0 73,7 % 26,3 % 57,8 % 38,3 % 3,9 %
Private høyskoler 463,6 159,3 24,3 % 1,6 % 262,7 85,1 % 14,9 % 63,9 % 31,9 % 4,1 %
Ansgar høyskole 20,3 3,0 -30,0 % 0,1 % 10,5 85,7 % 14,3 % 81,0 % 9,5 % 9,5 %
Dronning Mauds Minne Høgskole 63,1 39,4 31,2 % 0,2 % 45,6 87,9 % 12,1 % 52,3 % 45,5 % 2,2 %
Fjellhaug Internasjonale Høgskole 17,2 5,3 317,6 % 0,1 % 16,3 93,9 % 6,1 % 85,7 % 12,2 % 2,0 %
Høyskolen for Ledelse og Teologi 12,4 1,7 15,9 % 0,0 % 10,5 81,0 % 19,0 % 81,0 % 19,0 % 0,0 %
Høyskolen Kristiania 213,1 48,6 15,6 % 0,7 % 95,7 81,7 % 18,3 % 67,9 % 26,0 % 6,1 %
Lovisenberg diakonale høgskole 42,0 34,9 53,8 % 0,1 % 13,8 78,7 % 21,3 % 92,7 % 0,0 % 7,3 %
NLA Høgskolen 86,0 25,4 47,0 % 0,3 % 63,3 87,5 % 12,5 % 49,5 % 47,8 % 2,6 %
Steinerhøyskolen 9,6 1,1 -13,3 % 0,0 % 7,0 90,4 % 9,6 % 56,9 % 43,1 % 0,0 %

 

(Tala er frå Norsk senter for forskingsdata (NSD) )

 

(Oppdatert kl. 15:07 med korrekte tal på kvinnedel frå NTNU og UiO)

Av Martin Toft
Publisert 9. apr. 2021 12:35 - Sist endra 9. apr. 2021 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere