Margareth Hagen vann rektorvalet ved Universitetet i Bergen

Margareth Hagen er no også vald til rektor ved Universitetet i Bergen. Det er klart etter at resultatet viser at ho slo motkandidaten Oddrun Samdal og fekk 62,8 prosent av stemmene. 

Tre kvinner og ein mann står utanfor ein bygning

VANN REKTORVAL:  Dei vann rektorvalet ved UiB med 62,8 prosent av røystene. Fra venstre: Pinar Heggernes, Margareth Hagen, Annelin Eriksen og Gottfried Greve. (Foto: UiB)

Foto: Universitetet i Bergen

– Dette er verkeleg ei stor ære og tillitserklæring for oss, seier ein strålande fornøgd vinnar av rektorvalet saman med prorektorkandidat Pinar Heggernes like etter at resultatet er gjort kjend.Det melder Universitetet i Bergen i ei pressemelding

Torsdag 25. mars klokka 12 stengde dei digitale «vallokala» og valstyret ved Universitetet har godkjend det endelege valresultatet.

Saman med resten av teamet, prorektorkandidat Heggernes og viserektorkandidatane Annelin Eriksen og Gottfried Greve, fekk dei 62,8 prosent av stemmene.

– Det har vore ein lang og intens valkamp. Eg vil takke alle studentar og tilsette som har stemt på oss, og eg vil også få takke motstandarane i Team Samdal for ein god valkamp, seier Hagen, som dermed held fram i rektorgjerninga med ny prorektor og nye viserektorar frå 1. august.

Oddrun Samdal, som ikkje nådde opp i valet, ønsker å gratulere valvinnaren.

– Eg gratulerer Margareth og teamet hennar, samtidig som eg vil takke for tilliten frå alle som stemde på oss. Det har vore ein intens og hyggeleg valkamp i møte med veljarane, og no ønsker eg vinnarteamet lukke til med oppgåvene som ligg framfor dei, seier Samdal.

Grunna koronapandemien har valkampen i hovudsak vore digital. Eirik Holmøyvik, leiar av valstyret, seier han gjerne skulle sett at fleire nytta stemmeretten.

– Valstyret har godkjent valresultatet, og vi har fått ein vinnar. Universitetsdemokratiet står sterkt ved Universitetet i Bergen, sjølv om vi gjerne skulle sett at fleire nytta stemmeretten. Eg er fornøgd med at det har vore ein valkamp prega av gode debattar der kandidatane har fått presentert seg sjølve og visjonane dei har for universitetet, sjølv om det har vore digitalt.

Etter at den siste valde rektoren ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen  trekte seg frå vervet like etter årsskiftet, har Margareth Hagen vore fungerande rektor ved Universitetet i Bergen. Motkandidaten Oddrun Samdal er i dag viserektor for utdanning. Det nye  teamet til Margareth Hagen blir med i rektoratet når den nye rektorperioden begynner 1. august.

Emneord: Rektorval i Bergen, Universitetspolitikk, universitetsdemokrati
Publisert 25. mars 2021 15:54 - Sist endra 25. mars 2021 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere