No er Cybersikkerhetssenteret for forsking og utdanning opna

I dag starta Cybersikkerhetssenteret for forsking og utdanning opp i Trondheim.  Den digitale opninga stod statsråd Henrik Asheim for.

Ein mann og ei kvinne sit fram for kvar sin PC i eit mørkt rom

OVERVAKAR DATATRYGGLEIKEN:  Cybersikkerhetssenteret for forsking og utdanning er no etablert som ein del av Uninett i Trondheim. Senteret blei opna i dag. (Foto: Uninett)

Foto: UNINETT

For to veker sidan blei datasystemet til Stortinget utsett for eit dataåtak, meldte NRK. Det kom frå ei førebels ukjent adresse. I 2019 blei også Hydro utsett for eit dataåtak som førte til ekstra kostnader på 600 millionar i fylgje E24. No i vinter blei Universitetet i Tromsø også utsett for eit dataåtak, skreiv NRK

No skal eit nytt senter spora opp og hindra dataåtak  og arbeida med cybersikkerhet i forsking og utdanning. Senteret er ein del av Uninett AS og samlar ressurspersonar og kompetanse frå sikringsavdelingar ved NTNU, UiO og Norsk senter for forskingsdata (NSD) , i tillegg til Uninetts eige fagmiljø.

Nyetableringa skjer som  del av ei fireårig sikringssatsing i forsking og utdanning, går det fram av ei pressemelding frå Uninett i samband med opninga. Kunnskapsdepartementet har så langt løyvd 70 milionar kroner til etableringa.

– Viktig å byggja opp digital kompetanse

Cybersikkerhetsenteret for forsking og utdanning blei formelt opna av forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim klokka 9 i formiddag.

OPNA: Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim opna Cybersikkerhetssenteret for forsking og utdanning digitalt i formiddag (Foto: Skjermdump frå Uninett)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Dette året har vist oss kor viktig det er med digital tryggleik. Personopplysningar kan både brukast og misbrukast. Åtaket på Universitetet i Tromsø i vinter er eit godt døme. Dette senteret skal sikra at det er god digital sikringsstandard. Det er viktig å byggja opp digital  kompetanse mellom institusjonane. Derfor er eg glad for at UiO, NTNU og Nasjonal forskingsdata (NSD) saman har etablert dette senteret. Gratulerer med opninga og arbeidet for å verna vår felles tryggleik, sa Asheim.

– Handlar om å skapa merksemd

Etter opninga blei det ei kort oppsummering av situasjonen for representantar for eigarane av senteret.  Administrerande direktør for Uninett, Tom Røtting var opptatt av å setja datatryggleik som topp-prioritet for heile sektoren.

– Datatryggleik handlar mykje meir om å skapa merksemd rundt det som det handlar om teknologi og verktøy. Derfor er det ikkje slik at me må ta på oss både sikringsbelt og buksebelte av frykt for å gjera feil, for då kjem me aldri i mål.  Og det gjer ingenting om det er høg temperatur på dei felles møta med har, så lenge det skjer noko konkret, meinte han.

– Skal hjelpa oss ut av ulykka

IT-direktøren ved Universitetet i Oslo, Lars Oftedal tok også opp måla for arbeidet.

– Me skal betra informasjonstryggleiken og driva med opplæring av leiarar. Om ulykka er ute, skal senteret hjelpa oss ut av den. 

IT-direktør Håkon Alstad ved NTNU meinte at senteret ikkje gjorde at det ville bli mindre behov for kompetanse i datatryggleik.

– Me treng framleis eigne tryggingsressursar på institusjonane, sa han.

Direktør for Unit - Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, Roar Olsen trekte fram at dette senteret ville bli viktig for eit felles samarbeid om datatryggleik. 

– Om me skal klara å halda tritt, må me ha meir samarbeid som dette.  Slik kan me byggja opp eit betre sikringsmiljø, understreka han.

Og Roar Olsen opplyste at dei allereie har fått den første tinginga frå UNIT:

– Den første tinginga er ei sårbarheitsskanning av datasystema til heile universitets- og høgskulesektoren, avslørte han.

Av Martin Toft
Publisert 25. mars 2021 13:22 - Sist endra 15. apr. 2021 13:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere