– Visjonen er at alle med kreft skal få tilbydd ein kreftvaksine

I 2003 leverte Agnete Fredriksen inn patentsøknad på eit funn ho gjorde under doktorgradsarbeidet sitt på UiO. Patentet er grunnlaget for selskapet Vaccibody som no har ein verdi på 22,2 milliardar kroner på Oslo Børs.

Portrett av ei kvinne i eit laboratorium

ALDRI SKJØNT: – Eg har aldri skjønt at det skal vera noko dumt å få til noko som folk kan ha nytte av, seier Agnete Fredriksen, grunnleggjaren av vaksineselskapet Vaccibody. Her er ho på plass i laboratoriet i Forskningsparken.

Foto: Vaccibody

I dag har Vaccibody 57 tilsette i Noreg og planlegg å utvida staben endå meir både innanlands og utanlands. Grunnlaget for suksessen er utviklinga av ein vaksine mot kreft som byggjer på det funnet grunnleggjaren Agnete Fredriksen leverte inn patentsøknad på saman med rettleiarane Bjarne Bogen og Inger Sandlie på UiO. 

No er dei også i gang med å utvikla neste generasjons vaksine mot koronaviruset, ein vaksine som skal vera fleksibel og kunna brukast mot fleire muterte variantar av viruset.

Uniforum møter Agnete Fredriksen digitalt heime i stova i ein av nabokommunane til Oslo. På grunn av dei strenge koronarestriksjonane i Oslo-regionen etter funn av mutert virus i Nordre Follo, hadde ho ikkje lov til å kryssa kommunegrensene for å dra til hovudkvarteret i Forskningsparken. Derfor blei det ikkje noko fysisk intervju på kontoret. 

Nå ho tenkjer tilbake på livet som doktorgradsstudent i immunologi, så var ikkje det så forskjellig frå livet til dei andre doktorgradsstudentane på UiO.

– Eg gjorde det same som eg elles ville gjort. Men i tillegg var funna eg hadde gjort så lovande at eg tidleg blei trekt inn i arbeidet med å rettleia masterstudentar og andre doktorgradsstudentar, fortel ho.

Og oppstarten av Vaccibody tok til i det små.

– Ja, me fekk IPN-midlar (Innovasjonsprosjekt i næringslivet/Red.merknad)  frå Forskingsrådet, og det var nok til at me kunne engasjera ein forskar, samtidig som eg kunna jobba 20 prosent som forskingssjef ved sidan av ei stilling som postdoktor dei første åra, seier ho.

På den tida handla det meste om forsking som blei finansiert av Forskingsrådet. 

Vendepunktet

2012 var året då alt endra seg. 

 – Det var eigentleg då me starta eit kommersielt firma. Og sidan den gongen har alt gått svært fort. Frå me fekk framstilt det første produktet og til med fekk det inn i klinikk, gjekk det ganske raskt, spesielt med tanke på kor få me var og som gjorde det for første gong. Me behandla pasientar for første gong i 2015 med det første produktet. Etter at arbeidet vårt med å laga personifiserte kreftvaksiner tok til, har det gått svært fort og på skinner og me har fått gode resultat, fortel ho. Agnete Fredriksen viser til at selskapet vaks litt roleg og kontrollert i den perioden.

– Då me fekk så gode resultat, fekk me også betre kontakt og respons frå legemiddelselskapa og som er avhengige av for å ta produkta våre vidare. Så starta me ein strategi for å utvida, hausten 2019. Og då bestemte me oss for å utvida og starta opp med produksjon av infeksjonsvaksinar og tilsette Gunnstein Norheim for å leia det arbeidet frå 1. april i fjor, fortel Agnete Fredriksen til Uniforum. 

Forhandlingar midt i koronaepidemien

Det var midt i verdas verste krise.

– Heilt tilfeldig skjedde det midt i koronapandemien og me skulle produsera infeksjonsmedisinar samtidig som me var midt i intense forhandlingar med farmasiselskapet Genentech om den personifiserte vaksinen vår. Og me visste at om det landa, ville me vera på ein heilt annan stad. Me ville få ei validering av teknologien for oss sjølve og få potensielle midlar til å få byggja utover. Så det har skjedd veldig mykje dei siste to åra, tykkjer ho.

– Heilt utenkjeleg

Utviklinga frå å vera doktorgradstudent til å bli direktør for ei milliardbedrift basert på hennar eige forskingsfunn, hadde ho aldri drøymt om då ho tok til med doktorgradsstudiet.

– Eg hadde aldri høyrt om at nokon gjorde det i Noreg, så eg var berre glad for å kunna begynna på ein doktorgrad for å læra noko nytt kvar dag. Det er vanskeleg å forklara korleis det var på universitetet då eg begynte i 2002. Eg kjem heller ikkje frå nokon business-familie, så for meg var dette heilt utenkjeleg.

– Kven var det du fekk mest støtte frå på Universitetet i Oslo?

– Når det gjeld forskinga, så var det veldig gode grupper der med både Bjarne Bogen og Inger Sandlie. Dei var også mine medoppfinnarar med masse kunnskap frå før, blant anna med ein vaksine som heitte Troybodies, som var eit godt grunnlag for å starta Vaccibody. Den var ei litt mindre fleksibel og brukbar vaksine, men som me sjølvsagt bygde mykje på då me laga Vaccibody. Det å ha jobba med Troybodies var viktig for meg i byrjinga, sidan det var ingen som hadde jobba med det som seinare blei Vaccibodies.  Det var fine grupper å vera på, synest ho.

Medinova og Biomedisinsk innovasjon gav assistanse

Agnete Fredriksen fekk også ein del assistanse for å kunna kommersialisera funnet ho hadde gjort:

– Då fekk eg hjelp frå det som den gongen heitte Medinova, og som no er ein del av Inven2.  Dei hjelpte til med patentering og å guida framover om korleis eg skulle gjera det. Inkubatorselskapet Biomedisinsk innovasjon var også viktig for oss den gongen. Det hadde mange private investorar og hadde som mandat å screena interessante idear som kom ut frå universiteta, altså frå Birkeland og Medinova som blei slått saman til Inven2.  Så dei hjelpte oss med korleis me kunne etablera eit selskap og kontakta investorar basert på funnet vårt. Utan dei veit eg ikkje kva som hadde skjedd.

Fekk masse støtte frå ein forskar

– Du har sagt i andre intervju at du blei møtt med skepsis på UiO då då fortalte at du ville kommersialisera forskingsfunna dine. Kven var desse personane?

– Det var ein eg hugsar som støtta meg masse, nemleg Fridthjof Lund-Johansen. Han sa til meg “Berre gjer det Agnete! Han hadde vore nokre år i USA. Elles var det ganske gjengs at på UiO var det stor skepsis til å gå ut av grunnforskinga. Me hadde eit forskingssamarbeid med sjukehuset og UiO, som me skreiv under på, men det var ganske ofte at det var møte der dei sa “Ja, me veit, men me synest eigentleg ikkje det er greitt”. Eg trur det var frykta for det ukjente som fekk dei til å koma med slike utbrot. I mitt hovud forskar me på eit minst like høgt nivå i Vaccibody som på ei akademisk gruppe. Eg har aldri skjønt at det skal vera noko dumt å få til noko som folk kan ha nytte av, seier ho.

– Trur du den haldninga til UiO har forandra seg sidan den gongen du opplevde det?

– Ja, det trur eg. SPARK-initiativet er der no for å hjelpa folk som er den fasen som eg var i for å få til spennande forskingsprosjekt på grunnlag av doktorgraden. Det oppmuntrar dei til å tenkja kommersielt. Så det har skjedd masse.

Agnete Fredriksen fekk Forskingsrådets innovasjonspris for 2020. Då gav ho prispengane på 500 000 kroner nettopp til SPARK-initiativet på UiO.

– Ja, eg synest SPARK er ein rett måte å gjera det på. Eg var ein del med i byrjinga som styremedlem i Norin, som inviterte SPARK over frå San Francisco i California for å fortelja om SPARK-programmet første gongen.

– Få biverknader med ein slik kreftvaksine

Vaccibody er i ferd med å utvikla ein vaksine mot kreft.  Agnete Fredriksen meiner at det vil få mange positive fylgjer for kreftpasientar.

– Visjonen vår er at alle som får diagnosen kreft på eit eller anna tidspunkt skal få tilbydd ein kreftvaksine. Det er generelt sett svært få biverknader med ein slik kreftvaksine. No er det også mykje enklare å kartleggja kva endringar du har i dine tumorceller (kreftceller) som ein vaksine kan hjelpa til med å få ein sterkare immunrespons mot det som finst i dine tumorceller, om den er heilt individtilpassa til deg eller om den går på noko som du har og som andre har i tillegg. Det er to forskjellige strategiar som begge kan  brukast. Og den behandlinga har få biverknader ved at den hjelper immunforsvaret til å bli betre eigna til å kjempa mot kreften i kombinasjon med immunterapi. All annan immunterapi er i dag litt lite spesifikk, så det å leggja på ein kreftvaksine vil hjelpa deg så optimalt som mogleg, det trur me vil gå betre og vil vera noko som alle får på eit eller anna tidspunkt.

– Når vil den vera klar til bruk?

– Det er vanskeleg å seia. For det kan utviklast mange forskjellige samtidig til forskjellige undergrupper av kreft og som har forskjellige endringar i seg. Den individtilpassa kreftvaksinen har me no overført til Genentech, så dei har kontroll på tidslinja der og kor lang tid det vil ta. Det kjem an på om ein satsar på å få det fram til marknaden for ei lita pasientgruppe som er ein veldig biotekmåte å utvikla det på. Innan større legemiddelfirma er me ofte mest opptatt av å gjera det så bra som mogleg før det kjem på marknaden slik at det kan tilbydast til mange samtidig. Me kan ikkje diktera Genentech i kva utvikling dei skal ha. Det vil også vera avhengig av resultata framover. Det vil truleg ta minst tre år, spår ho.

– Ein revolusjon for oss

– No er koronapandemien framleis ikkje over, og korleis går det med Vaccibodys utvikling av vaksinar mot korona?

– No er det svært mykje fokus rundt desse mutasjonane. Det har skjedd ekstremt store forandringar sidan desember. Eg trur dei fleste no innser at det må lagast fleire og nye vaksinar og at me ikkje blir kvitt alt som er koronavirus med ein magisk tryllestav i løpet av dei næraste månadene. Derfor har me behov for vidare forsking og utvikling av nye vaksinar som kanskje kan verka uavhengige av dei mutasjonane som kjem. Den britiske muterte varianten ser ut til å vera om lag like sensitiv til vaksinen og tidlegare immunitet som den opprinnelege, men det kjem no tydelegvis mutasjonar der vaksinen ikkje fungerer like godt utan at me veit kvar kvar mutasjonane kjem. Det er ein revolusjon for oss på mange måtar. For me får verkeleg vist fram genetisk baserte vaksinar, som har vore under utvikling lenge, men ikkje vore på marknaden, fortel ho.

STOR LAB: – Planen vår er å overta ein stor lab i Forskningsparken om eitt år, seier Agnete Fredriksen. Ho grunnla selskapet Vaccibody med funn ho hadde gjort i doktoravhandlinga si i immunologi på Universitetet i Oslo. (Foto: Vaccibody)

 

– Mykje som opnar seg no 

Agnete Fredriksen ser også at Vaccibody har mykje å bidra med i utviklinga av vaksinar mot korona.

– Det er også med mutasjonane data som heller mot at det er ein viktig del av immunforsvaret som er litt vanskeleg å testa under utvikling. Det involverer T-celler, som er noko av det me brukar aller mest i kreftvaksinefeltet, og der Vaccibody har ekstra mykje kompetanse. Korona viser også kor viktig desse kan vera for infeksjonsvaksinar, spesielt når det er endringar og mutasjonar i virusa. Me har også ein genetisk basert vaksine. Så når det gjeld forretningar, er det mykje som opnar seg no.  Me er like urolege og leie som resten når det handlar om situasjonen som me er i. Me håpar det fungerer så bra som mogleg med dei første vaksinane, men me har ei forplikting på oss til å sjå korleis me kan bidra.

– Og når er koronavaksinen dykkar klar?

– Nei, det er endå vanskelegare å svara på no. Som me har sagt før jul, så må me fylgja med på kva som skjer i feltet og med dei vaksinane som kjem ut og kva som skjer. Nett no er det aller mest eit behov for å laga ein vaksine som fungerer også mot endringar, så det er noko som me heile tida må vera på toppen av. Her kan me ikkje varsla nokre tidslinjer, slår ho fast.

– Og kvar er Vaccibody om ti år?

– Eg tenkjer vanlegvis fem år fram, ti år blir litt lenge. No er me i ein stor vekstfase og me har ei plattform som me veit at me kan spinna ut av. No handlar det om å byggja og byggja i rett fart med dei rette menneska og få laga mange produkt. For det første vil me nok vera ganske mange tilsette, fleire hundre, og ha etablert oss i fleire land, men framleis vera i Noreg, og ha mange produkt på veg og mange godkjende produkt både mot kreft og andre infeksjonssjukdomar. Og på den tida vil me truleg også ha begynt å jobba litt utanfor vaksinefeltet også, spår ho.

Vil halda seg i Forskningsparken

– Vil de bli for store for Forskningsparken?

– Forskningsparken er ganske fleksibel, og me har ingen planar om å flytta hovudkvarteret til ein annan stad. Planen vår er å overta ein stor lab i Forskningsparken om eitt år, seier ho.

Agnete Fredriksen oppfordrar andre forskarar som gjer funn som kan kommersialiserast om å gjera det same som ho har gjort.

– Det er sunt for selskapet at den som har jobba med forskingssida er knytt til selskapet. Så kan ein definera rolla si etter kvart avhengig av kva ein som person synest er morosamt å gjera etter kvar som ein lærer.  No kunne eg berre ha jobba med forsking om eg ville, fordi me har så mange detaljerte og store forskingsprosjekt. Eg synest også det er gøy å jobba med firma, strategi, investorar og pengar, rett og slett “business development”-sida av det, vedgår ho.

 Agnete Fredriksen er glad for utviklinga ho har opplevd frå ho begynte som forskar til ho no sit i leiinga for sitt eige selskap.

– Ja, det er utruleg givande å koma dit at ein kan utvikla noko på labben som kjem pasientane til gode og som kan bli anerkjent av dei største ekspertane i feltet. Det er målet, understrekar ho.

 

 

Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2021 04:30 - Sist endra 5. feb. 2021 09:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere