Studentmilliard blei barbert ned til 750 millionar kroner

Framstegspartiet braut med dei andre opposisjonspartia og støtta regjeringa sitt forslag til koronastøtte til studentane. Dermed blei den lova milliarden redusert med 250 millionar.

Ein mann står midt i ei gate og smiler

MIDT PÅ TREET: – Med tanke på den støtta som er gitt til institusjonane og til samskipnadane, og ser på heilskapen, så er me sånn midt på treet nøgde, seier leiar for Norsk studentorganisasjon, Andreas Trohjell. I dag blei milliardpakka til studentane redusert til 750 millionar kroner i Stortinget. 

Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO

Den 12. januar gjekk leiaren i Stortingets utdannings- og forskingskomité, Roy Steffensen frå Framstegspartiet offensivt ut i VG og lova 1 milliard kroner i koronastøtte til studentane. Resten av opposisjonspartia gjorde det seinare klart at dei ville støtta løyving av ein studentmilliard. Dette var det felles forslaget Frp; Sp, SV og Arbeidarpartiet kom med 18. januar:  «Stortinget ber regjeringen raskest mulig opprette en krisestøtteordning for studenter som har opplevd inntektstap grunnet koronapandemien i vårsemesteret 2021. Ordningen skal være mer tilgjengelig og ha en høyere stipendandel enn ordningen våren 2020 og ta utgangspunkt fra en ramme hvor stipendene utgjør 1 mrd. kroner»

I dag blei den samla koronastøtta til studentane behandla i Stortinget. Då enda Framstegspartiet opp med å støtta forslaget til regjeringa som vil tildela 750 millionar kroner i støtte til studentane. Dermed går studentane glipp av 250 millionar kroner av den summen dei opphavleg hadde blitt lova.  

Mellomnøgd studentleiar

Leiaren for Norsk studentorganisasjon, Andreas Trohjell er likevel ganske nøgd med den endelege studentpakka.

 – Me hadde sjølvsagt ikkje takka nei til endå fleire millionar, men med tanke på den støtta som er gitt til institusjonane og til samskipnadane, og ser på heilskapen, så er me sånn midt på treet nøgde, seier han til Uniforum.  

– Skuffa

Stortingsrepresentant Nina Sandberg er talsperson for Arbeidarpartiet i i forsking og utdanning og sit i Utdannings- og forskingskomiteen. Ho er ikkje nøgd med koronapakka for studentane.   

– Me er veldig skuffa over at regjeringen og FrP ikkje lytta til studentane. No får me i staden ein snever krisepakke, som treff for få studentar. I opposisjonen har me kravd meir stipend og at ordninga også omfattar førsteårsstudentar. Det blir dessverre nedstemt i dag, konstaterer Nina Sandberg i ein epost til Uniforum.

Ho viser til at studentane hadde kome betre ut om ein samla opposisjon hadde støtta forslaget frå partiet hennar.

– Arbeidarpartiet føreslår ein reell studentmilliard, aukar stipendelen til minst 45 prosent, og inkluderer førsteårsstudentane, understrekar ho.

Glade for initiativ

NSO-leiar Andreas Trohjell er glad for støtta studentane har fått frå fleire stortingspolitikarar. – Me er glade for at Nina Sandberg og fleire andre tok initiativ for at denne pakka skulle bli betre for studentane. No er det ikkje noko tak på desse pengane, så om det er fleire studentar enn rekna med som har behov for å få omgjort ein større del av lånet til stipend, vil det vera mogleg å få til, seier han.

– Men eg skulle gjerne sett at pakka var endå betre, legg han til.

– Vil ha støtte som treff betre

Nina Sandberg tykkjer at studentane har bore ei stor bør under koronapandemien, og at ho og partiet har stått på studentane si side frå dag 1.

– Arbeidarpartiet bidrog til den første studentmilliarden, og til ordninga som vert diskutert i dag. Me har etterlyst nye kriseordningar sidan den førre ordninga løp ut i sommar. No vil me at støtta vert gitt på ein måte som treff betre enn det regjeringa legg opp til, avsluttar Sandberg.

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 23. feb. 2021 15:59 - Sist endra 23. feb. 2021 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere