UiO skal vera leiande i Norden på humaniora

For første gong i historia har UiO no fått ein eigen humaniorastrategi. – Målet er at UiO skal vera leiande på humaniora både i Noreg og i Norden og bidra til å løysa dei viktigaste samfunnsutfordringane, seier HF-dekan Frode Helland.

Ein mann md briller snakkar

BEVISSTGJERA:  – Dette er eit forsøk på å bevisstgjera alle om humaniora, seier HF-dekan Frode Helland etter at han har leia ei gruppe som har utarbeidd UiOs første humaniorastrategi. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var i fjor universitetsstyret vedtok den aller første humaniorastrategien for UiO.  Arbeidet er utarbeidd av ei gruppe leia av HF-dekan Frode Helland med representantar frå dei fem fakulteta; Det juridiske, Det samfunnsvitskaplege, Det utdanningsvitskaplege, Det teologiske og Det humanistiske fakultetet.  I tillegg har også Kulturhistorisk museum vore med i gruppa. 

– Det er viktig å vera klar over at humaniora spenner over fag på heile universitetet. Også på medisin har dei fag som medisinsk etikk og på Mat.nat. har dei forskingsetikk. Og samtidig står Det humanistiske fakultetet bak det einaste fellesfaget for alle studentar på UiO, nemleg exphil. , understrekar han. 

Dette er dei seks hovudområda til strategien:

Historie, kulturarv og estetikk 

Kunnskap og skule 

Språk og kulturkompetanse 

Berekraftig utvikling og klimautfordringa

Teknologi som kultur og livsform 

Demokratisk utvikling 

Les heile humaniorastrategien

Les meir på HFs nettsider

(Kjelde: HFs nettsider)

– Humaniora er viktig for UiO og for samfunnet

Frode Helland peikar også på at dette er aller første gong det er laga ein eigen strategi for humaniora på UiO.

 – Dette er eit forsøk på å bevisstgjera alle om humaniora. Alle hovudstrategiar seier noko om  kvar me står i dag. Og humaniora er viktig for UiO og for samfunnet. Humaniora er del av  slik at universitetets bidrag ei danning av det 21. hundreåret, der kontekstforståing og kritisk tenking er viktig, seier Frode Helland.

– Ein utruleg viktig premissleverandør

Han viser til at strategien er ei direkte oppfylging av regjeringa si humanioramelding frå 2017  og Forskingsrådets evaluering av humaniora i Noreg, der UiO gjorde det usedvanleg bra.   Frode Helland synest også humaniora får den plassen den fortener i samfunnsdebatten. 

 – Ja, det synest eg i og for seg. Men det finst mange mytar om humaniora, så det kan vera at me har eit slags omdømmeproblem. Humaniora er ein utruleg viktig premissleverandør for skuleverk, media, kultursektoren, departement. Det er ingen som lenger snakkar slik dei gjorde på 1980- og 1990-talet om humaniora si legitimeringskrise. Det er ikkje det som er utfordringa i dag, slår han fast.

– Svært viktige for enkeltmenneska

Rektor Svein Stølen er også ein ivrig våpendragar for humaniora.

– Det er ikkje alltid heile samfunnet forstår kva humaniora betyr for kvart enkelt menneske. Det er få menneske som eg kjenner som ikkje er opptatt av idear, historia si, og det samfunnet dei er ein del av, å forstå andre menneske i andre delar av verda og av språk. Heile fagporteføljen som er omfatta av denne strategien er svært viktige for enkeltmenneska. Det å først få ei humanioramelding frå regjeringa og så ein humaniorastrategi frå UiO, synest eg er heilt naudsynt for å visa den dimensjonen.  Kanskje me må hjelpa samfunnet med å få inn perspektiva om kva det har å seia for oss. Situasjonen er at i dag får medisin og teknologi mykje merksemd. Så derfor er det ekstremt viktig for samfunnet at me viser dei andre dimensjonane,  seier Svein Stølen til Uniforum. 

UiO-rektoren trekkjer inn den politiske utviklinga i Noreg og i andre land for å visa korleis faga i humanioraporteføljen kan hjelpa oss til å forstå det som skjer. 

– Ein del av dei utfordringane me ser i verda, og som me kanskje også kan bli utsette for her, handlar jo om det å forstå historia, idear, religion og menneskeleg samspel, konstaterer han. 

Og så trekkjer Svein Stølen fram korleis humaniora på UiO har sett store spor etter seg ved dei siste tildelingane av forskingspengar frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).

– Spelte ei rolle i at Noreg blei ein nasjon

HF-dekan Frode Helland går tilbake til grunnlegginga av Noregs første universitet i 1811 og korleis humaniora heile tida har vore ein sentral del av universitet sin DNA. 

– Humaniora spelte jo ei rolle i at Noreg blei ein nasjon og er viktig også i dag. Mange av dei utviklingstrekka som me ser elles i verda, viser kor viktig det er å ha eit bevisst og kritisk forhold  til eigen historie og kulturbakgrunn og til møtet mellom eigen kultur og andre kulturar, seier han.

Også han er opptatt av kor bra humaniora gjer det ved tildelingar av forskingspengar frå ERC (Det europeiske forskingsrådet) og etableringa av senter for framifrå forsking. 

– I høve til kjøttvekta, tar me ein uforholdsmessig stor del av ERC-tildelingane, og det er viktig å ta med seg, synest Frode Helland.

Kunstig intelligens  

No har også humaniora fornya seg gjennom å ha oppretta både eit fag som handlar om klima og å ha med kunstig intelligens i fagtilbodet sitt. 

– Saman med naturvitskap oppretta me honours-programmet, og dei første to åra har kunstig intelligens vore hovudtemaet. Der er det viktig å visa korleis møtet mellom menneske og teknologi er og fungerer, forklarar han.

Svein Stølen er svært opptatt av posisjonen humaniora har på UiO.  

SVÆRT GODT: – Dei internasjonale evalueringane viser også at det er ingen tvil om at humaniora og samfunnsvitskapane på UiO gjer det svært godt, slår UiO-rektor Svein Stølen fast. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Den er svært viktig også historisk. Men humaniora handlar ikkje berre om faga på Det humanistiske fakultetet, men handlar også om resten av verksemda til UiO.  Ein av dei styrkane me har er koplinga mellom forsking, utdanning og formidling, og musea. Dei internasjonale evalueringane viser også at det er ingen tvil om at humaniora og samfunnsvitskapane på UiO gjer det svært godt, slår han fast. 

Svein Stølen viser også til korleis Universitetsstyret heile tida pressa på for å få utvikla ein humaniorastrategi.

– Dei hadde eit skikkeleg trykk og var opptatt av at den måtte vera offensiv og byggja på UiOs strategi 2030, seier Svein Stølen.

Og no skal humaniora-strategien injiserast i alle delar av Universitetet i Oslo.

- Det blir ein jobb for oss alle å få strategien til å få noko å seia for universitet, for dei tilsette og for studentane.  Det er ein jobb som me begynner med no og som ikkje er over, seier Frode Helland. 

Skal jobba for at humanistisk forsking blir prioritert av Noreg og Europa

For Svein Stølen og rektoratet er oppgåva no å leggja inn eit godt ord og ei god setning om humaniora både nasjonalt og internasjonalt. 

– Rolla vår er at me klarer balansen mellom dei ulike fagfelta på UiO. I tillegg skal me jobba for at både Forskingsrådet, Kunnskapsdepartementet og Europa prioriterer humanistisk forsking. Gjennom The Guild har me blant anna vore opptatt av og sørgja for at alle desse klyngene som er oppretta gjennom Horisont Europa har fått med ord som gjer at det er mogleg å få med humaniora og samfunnsvitskap. Det er eit arbeid der teologidekan Aud Tønnessen har vore involvert, fortel han. 

– Uhyre viktig

Og Frode Helland er ikkje i tvil om at kandidatar med humaniorabakgrunn vil vera attraktive for arbeidslivet. 

– Då saka var oppe i Universitetsstyret, viste styremedlem Idar Kreutzer til eit oppslag i Financial Times det det stod at arbeidslivet var opptatt av å få tak i folk som kunne utøva kritisk tenking og ha god kontekstforståing. Det er nettopp dette tankesettet me prøver å trena studentane våre opp i. Og det er uhyre viktig innanfor humaniora,  understrekar han.  

– Ekstremt god søking

Dei siste åra har det også blitt oppretta tverrfaglege tilbod på tvers av fakulteta på UiO. Det tykkjer HF-dekanen har vore svært positivt.  

– Det er ein av dei morosame tinga som har skjedd dei siste åra, dei nye studietilboda med kryssinga av fakultetsgrensene og at det har vore så vellykka. Det gjeld både Honours-programmet mellom HF og Mat.nat. og med SV frå hausten av, men også det nye programmet i  Filosofi, politikk og økonomi, som har hatt ei ekstremt god søking, og det bidrar med noko heilt nytt.

– Smekkfulle av avansert forsking

Når det gjeld den pågåande koronapandemien, har HF-dekanen erfart at det har ført til auka interesse for humaniora både frå media og andre. 

– Ja, avisene hadde aldri tidlegare vore så smekkfulle av til dels svært avansert forsking om tidlegare epidemiar, som spanskesjuka og korleis ein prøvde å læra kva økonomiske konsekvensar spanskesjuka hadde, og korleis samfunnet måtte innretta seg for å løysa det, fortel han.

Viktig med spisskompetanse

Og så går han vidare til utbrotet av koronapandemien for eitt år sidan.

– Sidan pandemien oppstod i Kina, er det viktig at eit samfunn har spisskompetanse på Kina, og at me har folk som kan kinesisk og etter kvart som pandemien blei verdsomspennande, var det viktig at me hadde kompetanse på globale forhold og om korleis den blir handtert i forskjellige land. Og når Kongressen i USA blir storma, og demokratiet er under press også i vår eigen verdsdel, så er det også klart at me må ha kompetanse på språk og kultur, religion og styresett og historie for å få forstå betre kvifor demokratiet er berekraftig og limet i eit samfunn. Humaniora er ikkje dei einaste på UiO som kan bidra, men blant faga som kan bidra til forståing av dette, seier Frode Helland.

– Så humaniora er inne i ein renessanse akkurat no?

– Det er i alle fall ikkje slik at eg opplever det som ei krise i dag. Utfordringa er kanskje heller at me må nytta av oss dei moglegheitene som er der, seier HF-dekan Frode Helland til slutt.

 

Emneord: HF, Teologi, Jus, UV, SV-fakultetet, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2021 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere