SV og Psykologisk institutt får millionar for å redusera kjønnsubalansen

Kvinner dominerer på psykologistudiet, men så langt har ikkje det ført til ei betring av kjønnsfordelinga i faste vitskaplege stillingar. Mellom 2016 og 2019 blei det berre tilsett ei kvinne i dei 13 ledige stillingane som førsteamanuensis. Eit nytt prosjekt skal gripa tak i dette.

Universitetsbygningen til Psykologisk institutt

UBALANSE: Det er ubalanse i forholdet mellom kor mange kvinner som blir tilsette i vitskaplege stillingar på Psykologisk instituttt i høve til menn.  No får instituttet pengar frå Forskingsrådet for å få tilsett fleire kvinner.  

Foto: Ola Sæther

Med ein million kroner frå Forskingsrådets program BalanseHub skal det gjerast ein innsats for å retta opp ubalansen mellom kvinner og menn i faste vitskaplege stillingar på Psykologisk institutt. Endå éin million går til heile Det samfunnsvitskaplege fakultetet som også har registrert at talet på tilsetjingar av kvinner i faste vitskaplege stillingar har gått ned der dei siste åra. Det går fram av ei melding på nettsidene til Psykologisk institutt og SV-nytt.

Ei avdeling med berre menn som professorar

Det er likevel Psykologisk institutt som har det skeivaste forholdet mellom kjønna i dei faglege stillingane. Ifylgje ein tekst som instituttet har lagt ut på nettsidene sine, sit det no menn i 69 prosent av toppstillingane. Ved Avdeling for klinisk psykologi er kjønnsbalansen best. Der er 43 prosent av professorane menn og 57 prosent kvinner. Verst ute er Avdeling for kognitiv og klinisk nevrovitskap. Der er alle professorane menn.

– Denne skeivleiken mellom disiplinane våre krev verkemiddel som me må tilpassa kvar enkelt fagavdeling, seier instituttleiar Bjørn Lau på nettsida til Psykologisk institutt.

Der går det også fram at mellom 2016 og 2019 blei det tilsett 12 menn i dei 13 ledige stillingane som førsteamanuensis. Den store kjønnsubalansen i dei faglege stillingane var også grunnen til at Psykologisk institutt sende inn ein søknad til Forskingsrådsprogrammet BalanseHub. Formålet med det programmet er at det skal vera ein stad der norske forskingsinstitusjonar kan møtast og får siste nytt om idear, metodar og teoriar om kjønnsbalanse i universitets- og høgskulesektoren.

Vil etablera akademisk karriereutviklingsprogram

Dei tiltaka som Psykologisk institutt kan koma til å setja i verk ved hjelp av milliontildelinga, er eit norsk akademisk kvinnenettverk, ei halv rådgjevarstilling med ansvar for likestilling og mangfald på Psykologisk institutt. I tillegg er planen å etablera eit akademisk karriereutviklingsprogram, med spesiell vekt på kvalifikasjonskrav til vitskaplege toppstillingar.

– Me vil også bruka eksisterande nasjonale nettverk til å diskutera og fremja relevante problemstillingar og verkemiddel, som Nasjonalt fagorgan for utdanning og forsking innan psykologi, seier instituttleiar Bjørn Lau i meldinga på nettsidene til Psykologisk instittut. Pengane som instituttet har fått må brukast opp i perioden 2021 og 2022.

Feil veg på SV-fakultetet

Det er altså ikkje berre Psykologisk institutt som ikkje klarer å få til meir balanse mellom kjønna når det gjeld kven som får kremjobbane. Det same gjeld for heile Det samfunnsvitskaplege fakultetet. I perioden 2015 til 2020 har fakultetet hatt ein nedgang i kvinnelege årsverk og ein auke i talet på mannlege årsverk i stillingar som førsteamanuensis. Det går fram av ei melding som er publisert på SV-nytt.  Derfor har også SV-fakultetet søkt og fått midlar som skal hjelpa til med å få gjort noko med kjønnsubalansen. Fakultetet har også fått ein million kroner frå Forskingsrådets program BalanseHub.

Dekan Anne Julie Semb synet utviklinga har gått feil veg dei siste åra.

– Dei fleste eningane ved fakultetet har ei utfordring når det gjeld kvinnedelen i førstestillingar. For rundt ti år sidan var fakultetsleiinga optimistisk med tanke på å nå målet om tilnærma kjønnsbalanse i slike stillingar. No kan me konkludere med at dette var for optimistisk, seier Semb til SV-nytt.

Vil finansiera ein koordinator

Pengane frå Forskingsrådet trur ho kan gjera det lettare å finna ut kva som er grunnen til at dei ikkje har lykkast med å tilsetja fleire kvinner i faste førstestillingar.- Me skal også utvikla eit karriereutviklingsprogram for tilsette i tidleg karrierefase der me ynskjer å ha ein tilleggsdel for kvinner i postdoktorstillingar, seier Semb. I tillegg til utvkling av eit karriereprogram for forskarar i tidleg karrierefase, inneheld prosjektet også aktiv deltaking i BalanseHub og fire fakultetsinterne seminar.

Prosjektet skal også finansiera ein koordinator i 20 prosent stilling.

 

Emneord: Likestilling, Psykologi, SV-fakultetet, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 1. des. 2020 15:29 - Sist endra 1. des. 2020 15:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere