Seks frå UiO deltar i Forskar Grand Prix Oslo

I kveld blir det avgjort kven som skal vera representant for Oslo-regionen i i finalen i Forskar Grand Prix til helga. 10 deltakarar stiller på scenen på Latter. 

Ein mann snakkar på ei scene med bilete av ei bok og nokre stikkord på veggen bak

Halvor Høen Hval frå Kjemisk institutt ved UiO vann delfinalen i Forskar Gran d Prix for Oslo og Akershus i 2019. I kveld vert det avgjort kven som blir vinnar i 2020. (Arkivfoto) 

Foto: Yngve Vogt/Apollon

Alle kandidatane har fire minutt på seg til å fortelja om den forskinga dei held på med. 

Tema som blir tatt opp i Forskar Grand Prix i Oslo er mellom anna emne som:intervalltrening,

hoggormbitt,,beinskjørleik, traume, friske grisar, kunstige mini-organ, usunne val i idretten og organdonasjon.  Den mystiske Lofotkvervelen er eit anna emne som det skal forteljast om på  scena på Latter.  

Førstkomande laurdag går finalen i Forskar Grand Priz av stabelen i Trondheim. Klokka 18.00 i  dag går startskotet for landsdelsfinalen for Oslo. Då vil ein av dei ti deltakarane bli kåra som vinnar og sendt vidare til finalerunden. Seks av dei ti deltakarane i Oslo-finalen kjem frå Universitetet i Oslo. 

Det er desse yngre forskarane frå UiO som deltar, går det fram av ei sak som er lagt ut på nettsidene til UiO. 

• Emil Junge Nielsen Busch frå Det teologiske fakultetet 

• Marita Skjuve frå Psykologisk institutt

• Katrine Rolid frå Institutt for klinisk medisin

• Arvid Nikolai Kildahl frå Psykologisk institutt

• Frøydis Sved Skottvoll frå Kjemisk institutt

• Marta Trodahl frå Institutt for geofag

 

Men det deltar også fire kandidatar frå andre utdanningsinstitusjonar i Oslo-regionen. På nettsidene til Forsker Grand Prix finn me desse namna: 

• Jan Åge Kristoffersen, Noregs idrettshøgskule

• Ingrid Marie Håkenåsen, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) 

• Hannah Harjen, Noregs miljø-  og biovitskaplege universitet (NMBU)

• Annette Vogt Flatby, OsloMet 

 

Det er mogleg å sjå direktestrøyminga av arrangementet som startar klokka 18.00:

Sjå sendinga live her. 

 

Emneord: Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 22. sep. 2020 13:10 - Sist endra 22. sep. 2020 13:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere