Nina Sandberg (A) etterlyser ein plan for krisestøtta til studentane

I ettermiddag legg regjeringa fram nye tiltak for 6,1 milliardar kroner for å motverka dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien. Stortingsrepresentant Nina Sandberg (A) saknar ein plan for bruken av den vedtekne støtta til studentane.

Portrett av ei kvinne

VIL HA PLAN: Stortingsrepresentant Nina Sandberg (A) ber regjeringa leggja fram ein plan for dei 600 millionar kronene som er igjen av den vedtekne krisemilliarden for studentane.  (Arkivfoto) 

Foto: Bernt Sønvisen

Akkurat no presenterer regjeringa nye tiltak og vidareføring av eksisterande ordningar for å bremsa dei økonomiske skadeverknadene av koronapandemien. Mellom tiltaka som skal setjast i verk er ei vidareføring av ordninga med å forlengja permitteringsperioden til 52 veker. I tillegg vert det føreslått å gjennonføra ein ny runde med lønnsstøtte for å ta permitterte arbeidstakarar tilbake i jobb i oktober, november og desember. 

Regjeringa ber også Stortinget om å løyva 1,9. milliardar kroner til å stimulera til aktivitetar i kultur-, frivillig- og idrettssektoren, står det i ei  pressemelding frå regjeringa.

– Må sjå framover

Finansminister Jan Tore Sanner (H)  åtvarar dei som trur at at krisa no er over.

FRAMOVER: – Me må leggja betre til rette for aktivitet og omstilling og i større grad sjå framover, seier finansminster Jan Tore Sanner. Her deltar han på ettermiddagens pressekonferanse om regjeringa sine nye koroantiltak (Foto: Skjermdump)

– Krisa er ikkje over, men me er inne i ein annan fase enn me var i  i vår. Det krev at me skiftar modus i krisehandteringa. Me må leggja betre til rette for aktivitet og omstilling, og i større grad sjå framover mot dei meir langsiktige utfordringane me går i møte, seier Sanner i pressemeldinga.

Heller ikkje næringsminister Iselin Nybø (V)  finn  grunn til å avblåsa krisa.

– Mange næringar og sektorar er framleis hardt råka. Dei nye tiltaka skal bidra til at me har eit livskraftig og variert næringsliv, kulturliv og transporttilbod også etter korona, seier Nybø.

– Skuffande og  overraskande

Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Nina Sandberg synest likevel at regjeringa også burde klart å leggja inn ein plan for resten av dei 1 milliard kronene som Stortinget har vedtatt skal gå til krisestøtte for studentar.

– Med 600 millionar i ubrukt krisestøtte til studentar, er det skuffande og overraskande at ikkje regjeringa har nokon plan for midlane i krisepakka dei la fram måndag,, skriv Nina Sandberg i ein epost til Uniforum. Ho viser til at då koronapandemien braut ut, fekk opposisjonen på Stortingete sett av ein milliard kroner som skulle gå til inntektssikring som stipend for studentar som hadde mista inntekta si.

Ordninga med inntektssikring som studentane kunne søkja på ,var på 26 000 kroner i lån. Av desse kunne 8000 kroner gjerast om til stipend.

• Les også:

Studenten får omgjort ekstra lån til stipend til høsten

For få studenter har søkt om tilleggslån

Vil ha treffsikker, sosialt rettferdig krisestøtte

– Mitt skriftlege spørsmål til statsråden i august viste at godt over halvparten av studentmilliarden stod ubrukt. Eg meiner at dette demonstrerer det me åtvara om heile vegen. Krisestøtte i form av lån treffer ikkje målgruppa godt nok. Studentar med svakt økonomisk fundament og som går i minus, vil kvia seg for å søkja på meir lån i krisetid, er ho overtydd om.   

– Pengane er løyvde. No må statsråden sørgja for at dei kjem studentane til gode i form av ein treffsikker, sosialt rettferdig krisestøtte, synest ho. 

– Pandemien kan ramma sosialt skeivt

Nina Sandberg peikar på at Arbeidarpartiet har etterlyst dette både i revidert nasjonalbudsjett og i forkant av krisepakka. Etter hennar meining bør ei løysing for de som treng det vera på plass når statsbudsjettet kjem.  Ho trekkjer fram at studentane sin økonomi er prega av få sommarjobbar, arbeidsløyse og permitteringar. Samtidig har det vore rekordsøking til høgare utdanning, medan bustadmarknaden har vore tøff.  – Om ikkje statsråden tar ansvar for desse studentane, er det ein reell fare for at pandemien rammar sosial skeivt og bidrar til større ulikskap i samfunnet, varslar Sandberg.

125 milliardar i  koronatiltak

Koronatiltaka som er lagde fram i 2020 er på til saman 125 milliardar kroner, inkludert dei forslaga som regjerina legg fram i dag.  I tillegg kjem auka kostnader til dagpengar og sjukepengar og lågare skatteinntekter, går det fram av pressemeldinga frå regjeringa.

 

Dette er nokre av tiltaka som vert føreslegne:

120 millionar kroner til næringsutvikling i distrikta. Her under 40 millionar kroner til næringshage- og inkubasjonsprogramma.

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 21. sep. 2020 16:25 - Sist endra 21. sep. 2020 17:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere