UiO-forskarar: Tidleg flytting av Alzheimer-pasientar kan gjera dei meir sjølvhjelpne

Det er viktig at Alzheimer-pasientar så tidleg som mogleg får plass på ein institusjon eller spesialbustad. Då vil dei klara seg betre, viser forsking leia av medisinprofessor Jens Pahnke ved UiO.

Ein mann i kvit frakk sit framfor eit vitskapleg instrument

BETRE LIV: Nye funn om Alzheimer gir forskarane meir kunnskap om korleis dei som får sjukdomen kan få eit betre liv. UiO-professor Jens Pahnke og fagfellane hans viser korleis tidleg flytting av Alzheimer-pasientar kan gjera det lettare for dei å orientera seg  på ein ny stad før symptoma på sjukdomen har kome.

Foto: Ola Gamst Sæther

For fleire år sidan oppdaga forskarar at Alzheimer-pasientar har nokre avleiringar i hjernen. Fram til no har dei vore einige om at desse avleiringane ikkje har noko å seia for korleis sjukdomen utviklar seg. Nokre av pasientane hadde heller ingen dokumenterte problem i dagleglivet på grunn av desse avleiringane.

Alzheimers sjukdom:

Alzheimer er i dag den vanlegaste formen for demens.

- Sjukdomen er ein tilstand karakterisert av eit gradvis, jamt og irreversibelt tap av nerveceller i hjernebarken.

-Nedbrytinga av nerveceller resulterer i nedsett hukommelse, svekking av andre kognitive funksjonar og endringar i personlegdomen.

- Den blei først oppdaga av den tyske psykiateren og patologen Alois Alzheimer i 1906.

- Mellom 77 000 og 104 000 menneske har demens i Norge, og 60-70 prosent av desse er Alzheimer-pasientar. Blant personar over 80 år er 12-15 prosent ramma av sjukdommen i større eller mindre grad.

- I heile verda finst det 45,6 millioner mennesker med Alzheimer. Det er sannsynleg at talet kan tredoblast  innan 2050.

Kjelder: Wikipedia, Institutt for klinisk medisin, UiO

No har medisinprofessor Jens Pahnke og dei to fagfellane hans ved UiO og Oslo universitetssykehus , Surya Prakash Rai og Markus Krohn funne ut at desse avleiringane likevel kan fortelja viktige ting om dei som er sjuke av Alzheimer. Det er funn som dei har skrive om i ein fagfellevurdert artikkel som nyleg blei publisert i Journal of Alzheimers Disease.

Tidleg opplæring sit i minnet lenge

-Me har gjennomført forskjellige forsøk med mus og undersøkte dei på to forskjellige måtar. Me har brukt Alzheimer-mus og starta med å gi dei opplevingar, før dei får tilført avleiringar i hjernen, altså før dei starta med sjukdomen. Me gjennomførte symjetesten med dei, der dei må finna ei plattform under vatn. Etter to dagar har dei ingen problem med å finna plattforma, og heller ikkje etter to månader har dei vanskar med å finna den. Og når me undersøkjer desse musa seinare, så hugsar dei også kvar plattforma var, fortel Jens Pahnke.

– Gløymer kvar plattforma er

Men dette biletet endrar seg totalt når dei ser kva som skjer med den musegruppa som allereie har fått utvikla Alzheimer.

– Når me har Alzheimer-mus som blir opplærte seinare og når symptoma på sjukdomen er der, då gløymer dei faktisk kvar plattforma er, noterte han seg.

Dei undersøkte den siste gruppa med mus då dei var to månader gamle, då sjukdomen hadde starta, då dei var tre månader gamle og etter at dei hadde blitt sju månader. Og dei såg straks store skilnader mellom dei to musegruppene:

– Dei musene som blei opplærte tidleg, allereie etter to månader, dei hugsa alt då dei var sju månader gamle, medan dei musene som blei lærte opp seinare, då dei var tre månader gamle, hugsa ingenting då dei var sju månader gamle. Så dei hadde store problem med å finna fram til plattforma gjennom denne symjetesten, seier Jens Pahnke.

– Kan hugsa etter at dei har fått sjukdomen

Og dette funnet kan altså overførast direkte på pasientar med Alzheimer.

– De som dei lærer før dei får utvikla sjukdomen, det kan dei hugsa etter at dei har fått sjukdomen. Men det er vanskeleg for dei som allereie har fått sjukdomen å læra noko, når dei har fått symptoma. Ofte har dei problem med å orientera seg for alt blir opplevd som nytt. Så om dei reiser til ein ny stad er alt nytt, det blir vanskeleg for dei å orientera seg. Det viser at det er naudsynt å kunna bruka heile hjernen for å kunna oppretthalda hukommelsen, understrekar han.

– Best å flytta til spesialbustad før dei får symptoma

Jens Pahnke meiner at det er mogleg å trekkja ein konkret konklusjon ut av dette funnet også.

– Det er viktig for pasientar at dei ikkje blir flytta etter at dei har fått symptoma på at dei har Alzheimers sjukdom. Då blir det vanskeleg for dei å orientera seg om dei blir flytta til ein sjukeheim. Viss sjukdomen er komen veldig langt, vil dei uansett ikkje merka det, så det vil ikkje utgjera ein skilnad for dei. Det beste for desse pasientane er dermed at dei blir flytta til sjukeheim eller ein bustad for personar med demens, før dei får symptoma på sjukdomen og før dei får for store problem, understrekar han.

Jens Pahnke viser til Nederland der dei har bygd eigne landsbyar for pasientar med Alzheimer.

– Det er masse folk som bur der, ikkje berre demenspasientar, men også personar på frå 50 og 60 år som ikkje veit om dei vil få demens, fordi dei då kan tilpassa seg og bu der veldig lenge om dei skulle bli sjuke. Dei får pleiarar og støtte, og vil ikkje trengja å bu på ein eigen institusjon. Då går det mykje betre for alle pasientane, fortel han.

Faste rutinar er viktige for desse pasientane

Den godt omtalte forskinga av nonner med Alzheimer, (The Nun study) viser at faste rutinar er veldig viktige for desse pasientane.

– Dei står opp klokka 05.00, har bønn, går til kyrkje og gjenopplever alt dag etter dag. Og dei kan bli veldig gamle. Men om dei lærer noko heilt nytt når dei er gamle, får dei store problem.

– Konklusjonen dykkar er altså at dersom ein person veit at han eller ho vil få Alzheimer, så det viktig at personen flyttar til ein institusjon eller bustad for slike pasientar så tidleg som mogleg for at dei ikkje skal mista orienteringssansen heilt?

– Ja, det er riktig. I dag finst det ingen behandling. Om personar på 55 år veit at dei vil få det problemet, er det viktig at personen flyttar tidleg til ein bustad der dei framleis kan tilpassa seg i to til tre år, før dei får sjukdomen. Om dei flyttar seinare, vil det gi dei store problem. Dei vil ikkje gjenkjenna området rundt seg, og dei vil ha store problem med å tilpassa seg. Dette er første gong nokon har klart å visa kva som er problemet gjennom slike museeksperiment, slår han fast.

Har lagt all dokumentasjon ope ut på nettet

Og det internasjonale vitskapege tidsskriftet Journal of Alzheimers Disease, som har hovudsete i USA, godkjente artikkelen for publisering allereie tre veker etter at dei hatt fått tatt imot den. Det er han svært nøgd med.

– Dei var veldig interesserte i funnet. Ein av dei fagfellane som las gjennom artikkelen, var så interessert at han ville vita alt om forsøka våre og bad oss om å senda dei over til han. Det me har gjort, er at me har lagt alle funna våre og eksperimenta våre ut på nettet slik at alle interesserte har full tilgang til all dokumentasjon, fortel Jens Pahnke.

Han håpar også dette funnet kan gjera livet litt betre for Alzheime-rpasientar.

– Det kan bli mogleg å få utvikla eit medikament som kan utvida den tidlege fasen, ved å nytta museeksperimenta våre, slik at dei klarer seg betre i fleire år enn det dei gjer i dag, seier Jens Pahnke.

«Nødvendig med nye funn frå menneske»

Uniforum har også tatt kontakt med førsteamanuensis Evandro Fei Fang ved Avdeling for klinisk molekylærbiologi ved UiO og Akershus universitetssykehus, for å få vurderinga hans av dette forskingsfunnet. Han synest forskinga til Jens Pahnke og fagfellane hans har reist viktige spørsmål om Alzheimers sjukdom. Samtidig peikar han på ein ting.

«Med tanke på dei store skilnadene mellom mus og menneske, er det nødvendig med nye funn frå menneske. Her kan eg visa til dei årelange forskingsprosjekta, HUNT (Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag/Red. merknad) og Tromsø-studien. Analysar  av korleis øvingar, fysisk trening og mental trening kan gjera minnet betre i den tidlege fasen av Alzheimer, kan supplera funna frå desse museeksperimenta. Dei kan også kasta lys over utviklinga av strategiar for å ta tidleg tak i behandlinga av yngre personar med ulike typar Alzheimer», skriv Evandro Fei Fang i ein epost til Uniforum. 

 

Emneord: Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 8. juni 2020 15:00 - Sist endra 8. juni 2020 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere