UiO-rektoren forstår at koronastenginga fører til frustrasjon

– Eg forstår at det både er problem med motivasjonen og mykje frustrasjon på grunn av koronastenginga av universitetsbygningane. UiO har likevel godkjent 1100 søknader om tilgang.

OPNA LABORATORIUM: Førre måndag fekk masterstudentar tilgang til laboratorium i Kjemibygningen. Der var rektor Svein Stølen på plass saman med forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Dei andre på biletet er: Masterstudent Patricia Reyes Cordero, institutttleiar Einar Uggerud, Kjemisk institutt og masterstudent Aleksander Dalevold.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det seier rektor Svein Stølen i ein kommentar til kritikken frå biologiprofessor Nils Chr. Stenseth.

– Eg er glad for at Nils Chr. Stenseth er så tydeleg på at det er viktig med eit strengt smittevern, seier Svein Stølen til Uniforum.

– Eit tillitsbrot

Det var i går biologiprofessor Nils Chr. Stenseth gjekk hardt ut i Uniforum og kalla utestenginga av forskarar frå universitetsbygningane eit tillitsbrot. Etter hans meining står tilliten mellom forskarar og leiing på spel fordi forskarane må fylla ut fleire skjema før dei får endeleg svar på om dei får tilgang til kontora sine eller til eit laboratorium.

• Les i Uniforum: Stenseth: – Tilliten mellom forskarane og leiinga kan bli broten

– Må få ein oppvask

Stenseths synspunkt fekk støtte frå ein annan biologiprofessor, Kristian Gundersen.  Han meinte at heile opplegget ber preg av leiarar som skal visa handlekraft og ha ryggen fri.  – Me må få ein oppvask om manglande tillit til dei tilsette når dette er over, koronakrisa avdekkjer tydeleg at me manglar tillit i leiarkulturen. Eg opplever at folk er sinte, sa han til Uniforum.

– Behovet for oppfølging

Instituttleiar Rein Aasland ved Institutt for biovitskap forsvarte koronareglane instituttet har sett i verk og viste til at dei ikkje skil seg ut frå praksis andre stader på  Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. 

 Ein viktig grunn til å ha oversyn over kven som oppheld seg i bygningane våre er jo også behovet for oppfølging dersom me skulle få eit tilfelle av smitte blant våre tilsette, forklarte han.

– Vil ha ein bra situasjon for alle

Rektor Svein Stølen synest det er viktig å gå forsiktig fram med å lempa på koronastenginga.  – Akkurat no er det 2000 tilsette i universitetsbygningane etter at me har sagt ja til 1100 søknader om tilgang. 600 av dei er frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, fortel han.  No manar han til å ta omsyn til mange ulike grupper på universitetet.   – Det er nokon som er redde, medan andre tar det med stor ro. Derfor prøver me å skapa ein situasjon som er bra for alle, understrekar han. 

– Me må vita kven som er i bygningane

Også Svein Stølen grunngir kvifor det er viktig å ha ein formell prosedyre for tilgang.

– Me må vita kven som er i bygningane til ei kvar tid på grunn av smittesporing, slår han fast. Akkurat som Nils Chr. Stenseth er han uroa for kva som skjer med dei unge forskarane. – Eg deler den uroa med han. Nettopp derfor gir me ein del av dei tilgang. På det området har Stenseth og eg samanfallande tankar, konstaterer han. – Me var og tidleg ute med å tydeliggjera at me vurderer forlengingar, legg han til.

For Svein Stølen er det dessutan viktig å trekkja fram ei bestemt gruppe mellom dei yngre forskarane.

– Kvinner med barn i små husvære har fått det lettare etter at barnehagane og skulen opna for dei minste barna. Det er ei gruppe som er svært viktig for universitetet, seier han.

– Kjem truleg ein ny smittetopp

Svein Stølen er viss på at me enno ikkje ha sett slutten på koronaepidemien.

 – Det kjem truleg ein ny smittetopp. Derfor er det viktig at me viser at UiO er ein ansvarleg institusjon. Me må ta det roleg og opna opp gradvis, er han overtydd om.

Bodskapen hans til dei tilsette er klar.

 – Eg vil takka alle saman både dei som arbeider heimanfrå og dei som fysisk er på UiO. Og så vil eg trekkja fram dei tilsette i Eigedomsavdelinga som ikkje har noko val, men må vera på jobb fysisk kvar dag. Dei har overoppsynet med 500 000 kvadratmeter med bygningar og areal. Dei gjer ein kjempejobb.

 

 

Emneord: Koronavirus, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 5. mai 2020 13:38 - Sist endra 5. mai 2020 13:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere