Koronaopning: – Eit tilbod og ikkje ein ordre om å bruka arbeidsplassen

Frå neste veke kan UiO-tilsette venda tilbake til kontora sine.

– Dette som skjer no er eit tilbod, og ikkje ein ordre om å bruka arbeidsplassen, understrekar universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

To menn står framfor ei tavle og snakkar saman

KJEM TIL Å HJELPA: : - Så veit me jo at alle er blitt utfordra av å sitja heime i vekevis, og det å koma tilbake no og få ein viss grad av sosial kontakt på ein trygg måte, kjem til å hjelpa veldig mange i kvardagen, seier UiO-rektor Svein Stølen. - Helsestyremaktene sine råd er styrande for kva me gjer, understrekar universitetsdirektør Arne Benjaminsen. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

Både universitetsdirektør Arne Benjaminsen og og UiO-rektor Svein Stølen avviser at dei tolkar koronaråda frå regjeringa for liberalt.

Det var i går forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim sleppte nyhendet om at universiteta og høgskulane sakte, men sikkert kan begynna å opna dørene for studentar og tilsette frå og med måndag 11. mai.  Han rekna med at det ville føra til at mellom 25 og 30 prosent av studentane då kan venda tilbake til campus, slik at dei kan halda seg á jour med studia sine.

I Uniforum uttrykte UiO-rektor Svein Stølen stor glede over at han endeleg kan møta studentane igjen på universitetsområda etter at universitetet har vore koronastengt sidan 12. mars. Men han understreka at ikkje alle studentane kan koma til universitetet samtidig på måndag.

 – Nei, først må me sørgja for at det er tilsette i alle bygningane. Deretter vil me opna opp for masterstudentane. Rimeleg raskt vil studentane koma på plass, i alle fall frå måndag 18. mai, sa Svein Stølen. Og han gjorde det klart at dei tilsette også kan venda tilbake. – Dei som synest dei gjer ein like god jobb for jobben heime som på kontoret, kan sjølvsagt halda fram med det. Men dei som vil begynna å jobba på kontoret igjen, kan også gjera det, slo han fast.  I pressemeldinga frå regjeringa i går vert det derimot spesielt vist til situasjonen i Oslo-området.

“ I områder av landet der de ansatte er avhengig av å bruke offentlig transport, oppfordres arbeidsgivere å legge til rette for hjemmekontor og elektronisk møtevirksomhet i så stor grad som mulig, med fysisk tilstedeværelse på arbeidsplassen bare når det er nødvendig. Dette gjelder særlig i Oslo-området og i andre byer med press i kollektivtrafikken.»

Dermed ser det ut som om UiO no vil sleppa mange forskarar og teknisk-administrative inn igjen i bygningane, medan regjeringa ber folk som ikkje har eit prekært behov for å vera på arbeidsplassen sin om å halda seg heime.  

- Er ikkje det ei motsetning i desse bodskapa, rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen?

- Det kjem det ikkje til å vera. Me kjem til å balansera dette godt slik at me ikkje står i fare for bryta smittevernreglane, understrekar Svein Stølen.

– Det er klart at når statsråden snakkar om at frå 25 til 30 prosent av studentane vil vera på campus, så må også mange tilsette koma på campus. Så skal me gjera det på ein ordentleg måte.

– Helsestyresmaktene sine råd er styrande

Og det skriv også universitetsdirektør Arne Benjaminsen under på.

– Hovudsignalet som kom i går var at me måtte gjera opninga raskare og i eit større omfang enn det me opphavleg hadde planlagt. Og så er det sånn at me opnar og tilrettelegg gradvis og at premisset for det me gjer er at me kan gjera det på ein trygg og forsvarleg måte. Me etablerer hygiene, smittevern, reinhald først, og når det er på plass, så opnar me opp suksessivt. Og så passar me på at me overheld avstandsreglane, smittevernreglane og anna regelverk, seier han. - Helsestyresmaktene sine råd er styrande for alt me gjer, understrekar han.

– Sterkt ynske frå mange

- Men dei som ikkje vil bruka kollektivtransport fordi dei ikkje vil pressa seg inn på overfylte trikkar, bussar eller T-banar i rushtida, dei kan halda fram med å arbeida heimanfrå?

- Det me gjer, er at me legg til rette og ynskjer alle velkomne. Me har opplevd at det er eit sterkt ynske frå mange om å koma tilbake. Så seier me at dei som har problem med å reisa med kollektivtransport og ikkje ynskjer å reisa kollektivt, dei kan reisa på annan måte. I går fekk dei oppfordring frå rektor om å sykla eller gå, kjøra bil eller jobba heimanfrå., slår han fast.

- Eit tilbod og ikkje ein ordre

Arne Benjaminsen trekkjer også inn spesielt sårbare grupper.

- Dei som er i risikogrupper eller er i nær omgangskrins med folk i risikogrupper, dei skal framleis kunna halda fram med å jobba frå heimen. Om det er andre som har arbeidsoppgåver som godt kan gjerast heimanfrå, så er det stor fleksibilitet å leggja til rette for det. Dette som skjer no er eit tilbod, og ikkje ein ordre om å bruka arbeidsplassen, held han fast på.

Arne Benjaminsen viser også kva som skjer når det gjeld studentane.

- På studiesida skal det opnast lesesalar, kollokvierom og andre areal etter kvart som me får etablert forsvarleg vern rundt det.

- Miks mellom digitale og fysiske møte

- Vil de oppfordra tilsette til å halda fram med møte på Zoom i staden for å ha dei i eit møtelokale på Universitetet i Oslo?

- Når dei skal ha møte i møtelokale, så må dei passa på at storleiken på gruppa er innanfor regelverket og at dei held nødvendig avstand. Her er det meir fleksibilitet enn det har vore tidlegare. Det vil bli ein miks mellom digitale og fysiske møte, seier han.

Og for Svein Stølen handlar det om universitetet.

- Dette handlar også om korleis me er som eit universitet der me baserer oss på tillit. Det er utruleg mange fornuftige folk på Universitetet i Oslo, så eg er overtydd om at dei tenkjer når dei handlar. Så veit me jo at alle er blitt utfordra av å sitja heime i vekevis, og det å koma tilbake no og få ein viss grad av sosial kontakt på ein trygg måte, kjem til å hjelpa veldig mange i kvardagen. Eg tenkjer at me må vera fornuftige og ikkje gå for langt, er rådet hans.  

- Me tar avgjerdene våre rakrygga

- Så det vil seia at det ikkje har late dykk påverka av kritikken frå biologiprofessorane Nils Chr. Stenseth og Kristian Gundersen av den byråkratiske prosedyren for å få tilgang til bygningane?

- Me bryr oss om all kritikk me og høyrer på alle, slår Svein Stølen fast. - Og så tar me avgjerdene våre rakrygga utan å skulda på nokon som helst. Me tar dei avgjerdene som me meiner er rette til ei kvar tid. Men me høyrer alltid på konstruktiv kritikk. Det er soleklart.

- I gårsdagens Uniforum nemnde Stølen at det ville vera ein viss skilnad for dei som sit i ope landskap og dei som har eigne kontor. I Lucy Smiths hus sit jo mange i ope landskap. Vil det seia at få av dei har høve til å venda tilbake til arbeidsplassen sin dei første dagane, Arne Benjaminsen?

- Me vil leggja til rette for at de som ynskjer det, kan få koma tilbake. Når det gjeld landskap så må me halda avstand, og av og til må me laga rotasjonsordningar og av og til må me veksla mellom å bruka areal. I eit landskap er det viktig å halda avstand, og det vil seia at det ikkje kan brukast fullt ut.

- Også for Sogn Arena gjeld dei same reglane?

- Det gjeld det same for alle tilsette ved Universitetet i Oslo.

-Trygg og god måte

UiO-rektor Svein Stølen synest det er gledeleg at fleire studentar og tilsette snart kan venda tilbake til universitetet.

- Denne opninga me no ser er jo hyggeleg, for det handlar også for oss om kva eit universitet er. Og det å vera fysisk til stades er nødvendig. No kan me sjå på resten av mai, sommaren og hausten med optimisme. Så skal me sørgja for å gjera dette på ein trygg og god måte, seier Svein Stølen. 

- Og de to kjem til å vera på kontora dykkar i Lucy Smiths hus kvar dag framover?

- Ja, det vil me vera, stadfestar begge to.

Emneord: Koronavirus, Studentsaker, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 8. mai 2020 16:42 - Sist endra 8. mai 2020 16:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere