Han skal forska på tillit og truverd til helsestyresmaktene i Noreg under koronapandemien

I kva grad har folk i Noreg tillit til  helsestyresmaktene og korleis opparbeider dei seg høgt truverd under pandemien?  Det skal UiO-professor Øyvind Ihlen finna ut ved hjelp av forskarkollegaer og ei tildeling på 5 mill. kr frå Forskingsrådet.

NY PROBLEMSTILLING: – Den handlar om “resiliens” det vil seia evna samfunnet har til å takla kriser, som til dømes ein koronapandemi, forklarar Øyvind Ihlen, professor på Institutt for media og kommunikasjon. No leier han forsking på tillit og truverd folk i Noreg har til helsestyresmaktene. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var tidlegare i dag det blei kjent at 11 forskingsprosjekt på UiO hadde fått tildelt pengar til pandemiforsking frå Forskingsrådets koronapott på 130 millionar kroner. Eitt av prosjekta handlar om tillit til helsestyresmaktene og korleis dei opparbeider seg truverd.  Professor Øyvind Ihlen på  Institutt for media og kommunikasjon, UiO tok initiativet til det, sende inn søknad og leier det. 

– Då desse koronamillionane blei hasteutlyste av Forskingsrådet i midten av mars, kasta eg meg rundt og fekk sendt inn ein søknad saman med gode kollegaer.  Det er gledeleg at me har fått søknaden  godkjent og får pengar til denne forskinga, seier han til Uniforum. 

Var i gang med pandemi før pandemien

Prosjektet passar som hand i hanske til det forskingsprosjektet han og forskarkollegaene hans allereie er i gang med. 

– Ja, det stemmer.  For i fjor hadde me fått pengar til eit forskingsprosjekt på pandemi. Det skulle gå fram til 2023.  I fjor haust  lurte me på kva område me skulle ta for oss, vaksinemotstanden eller andre emne. Så dukka brått koronapandemien opp i januar/februar,  og då var me ikkje lenger i tvil. Det måtte bli forsking på koronapandemien, fortel han. 

Då handla det mykje om kommunikasjon og informasjon frå helsestyresmaktene.

 – Derfor fekk ein av forskarane våre. Truls Strand høve til å driva deltakande observasjon hos Folkehelseinstituttet og hos Helsedirektoratet. Dermed hamna han midt i sentrum av hendingane, akkurat medan dei skjedde. Ei stund måtte han avslutta observasjonen, men han slapp raskt til igjen, seier Øyvind Ihlen til Uniforum.

– Ser på evna samfunnet har til å takla kriser

Då pandemien kom til Noreg, måtte dei framskunda arbeidet med fokusgruppene.

– Då byrja professor Eli Skogerbø å jobba med dette, opplyser han.  Og ho er også med på det nye prosjektet som handlar om tillit og truverd til regjering og helsestyresmaktene under ein pågåande pandemi. Det skal ho forska på saman med Petter Brandtzæg frå det same instituttet.   

– No har me i tillegg lagt til ei ekstra problemstilling til. Det handlar om “resiliens” det vil seia evna samfunnet har til å takla kriser, som til dømes ein koronapandemi, forklarar Øyvind Ihlen.  

 I det opphavlege prosjektet hadde dei også med seg retorikkprofessor Jens Kjeldsen frå Universitetet i Bergen saman med ein postdoktor frå same universitet. I tillegg har dei samarbeidspartnarar på Aarhus Universitet i Danmark og Ørebro universitet i Sverige.

I det nye prosjektet har dei lagt til ein bit som borar djupare i sosiale media og ein som jobbar meir med tillit og spørjeundersøkingar.

– Nokre av tankane våre bak det, er at me skal kunna sjå på ulikskapar i pandemien og undersøkja korleis styresmaktene i dei skandinaviske landa kommuniserer ulikt under koronaepidemien, seier Øyvind Ihlen. 

Kor opne er regjeringa og helsestyresmaktene?

Dei vil også vera opptekne av kor opne regjeringane og helsestyresmaktene er når det gjeld viktig informasjon som har å gjera med epidemien. 

– Eit døme på det er rapporten om situasjonen for spesielt utsette barn, som barne- og familieminister Kjell-Ingolf Ropstad sat på i ni dagar før den blei publisert.  Det fekk han saftig kritikk for både av opposisjonspolitikarar og av Aftenposten på leiarplass, slår han fast. 

Medieprofessoren kan allereie no slå fast at dei også skal sjå på kva journalistar er opptekne av å skriva om pandemien.

 – Ofte går det på diskrepans, altså usemje mellom fagpersonane og regjeringa,  altså dei gongene regjeringa vel ikkje å fylgja råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet når det gjeld koronatiltaka, fortel han.

I den nye undersøkinga vil dei også analysera det som kjem fram i sosiale media.

 – Derfor får me med oss forskingsinstituttet SINTEF som har god bakgrunn for å gjera slike undersøkingar.  Institutt for samfunnsforsking er også med. Og me samarbeider dessutan med Folkehelseinstituttet, NRK, Redaktørforeininga, Opinion og Kantar.

– Eit stjernelag

Samtidig har dei også oppretta eit eige vitskapleg råd:

– Det er eit stjernelag med folk frå Helsedirektoratet, Kommunikasjonsforeininga, Medietilsynet, og Noregs mest siterte professor, Jon Elster frå Columbia University i New York.  Dessutan har me med verdas fremste ekspert på krisehandtering, Timothy Coombs frå Texas A & M, og Finn Frandsen frå Aarhus Universitet.

Sjølv om dei no får fem millionar kroner ekstra til pandemiforsking, vert ikkje det nok til at det kan opprettast nye forskarstillingar.

– Nei, me må gjera forskinga innanfor dei vitskaplege stillingane me allereie har i prosjektet.  Hovudprosjektet PAR skal gå føre seg fram til 2023, medan prosjektet som dei fekk tildelt pengar til i dag, PAR-TS, skal halda på i to år, fram til 2022, fortel han. 

Forskarane skal i denne tida driva med medieanalyse, spørjeundersøkingar og intervjua tilsette i kommunikasjonsavdelingane til Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. 

– Dette blir både svært interessant og spennande, trur Øyvind Ihlen.

Emneord: Koronavirus, Helse, Media Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2020 22:53 - Sist endra 7. mai 2020 22:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere