Sakte, men sikkert vaknar UiO til liv etter koronadvalen

– Dei første to månadane under koronaepidemien var eg heilt åleine i Eilert Sundts hus. No er me fem personar i denne etasjen. Det seier fakultetsdirektør Gudleik Grimstad. Uniforum har undersøkt om livet på UiO har normalisert seg etter koronapausen.

Ein mann trillar ei tralle med masse datautstyr gjennom ein korridor

TEKNISK TRALLE: Fakultetsdirektør Gudleik Grimstad delte ut headset og skjermar til dei tilsette som arbeidde heimanfrå. Sjølv var han på kontoret nesten kvar dag under koronastenginga. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Frå den 11. mai har både tilsette som ber om det og studentar som har behov for det, fått  lov til å venda tilbake til  universitetsbygningane på Blindern, Gaustad,  i Geitmyrsveien og i sentrum.  Rundt to veker ettter den avgjerda tar Uniforum temperaturen på Universitetet i Oslo for å finna ut om det er mange som nyttar seg av dette tilbodet. 

Turen går frå Eilert Sundts hus og Lucy Smiths hus på Blindern  til Domus Juridica i sentrum. Og me møter tilsette på cellekontor og i ope landskap. Innimellom treff me også tre studentar på ein benk utanfor SV-fakultetet.

– Stille og tomt

Miniturneen vår startar i 4. etasje i Eilert Sundts hus på SV-fakultetet. Det er fakultetsdirektør Gudleik Grimstad som kjem ut frå kontoret sitt og tar imot oss tysdag denne veka.  Han er truleg den einaste som har vore på jobb på arbeidsplassen,  medan alle andre har hatt heimekontor.

– Det har vore stille og tomt, men eg har stort sett sete i Zoom-møte store delar av dagen. Sånn sett har arbeidsdagen min likna litt på den dei andre har hatt, sjølv om eg har slept å barnehagebarn og skulebarn rundt meg, slik andre har hatt, fortel han med eit smil  til Uniforum.

– Men eg veit at det har vore tungt for somme, legg han  til. 

Sjølv om Gudleik Grimstad knapt har hatt ein einaste kontordag heime, klarer han å leva seg inn i  situasjonen til dei tilsette som har måtta leva med det. 

– Fekk gjort forbausande lite

Fleire trur at dei skal bli meir effektive når dei er heilt åleine på  arbeidsplassen. Gudleik Grimstad vedgår at han er ein av dei.

– Ja, eg trudde det. Men faktum er at eg fekk gjort forbausande lite, og langt mindre enn det eg hadde trudd. Det var så mykje som handla om korona og tiltak og kva me skulle gjera. Eg måtte driva med utlevering av maskiner til folk som trengte det, fortel han. 

Det var absolutt ikkje slik han hadde sett føre seg at det skulle bli. 

– Eg trudde eg skulle få mykje tid til å tenkja lange tankar og gjera større ting. Dagane har gått forferdeleg fort og berre smuldra litt bort, er det inntrykket han sit igjen med. 

Dei siste dagane har han fått selskap av både dekan Anne Julie Semb og andre av kollegaene i korridoren. Så det er litt nærmare ein normalsituasjon.

– Ja, eg synest det.  Det er litt fleire her no, men mange er avhengige av kollektivtransport og har fått barna ut av huset, og derfor klarer dei å få gjort ting heime. Det er ting som tyder på at mange synest det er fint å ha heimekontor også, konstaterer han.

Har gitt teknisk bistand til tilsette

Gudleik Grimstad viser oss også ei tralle med masse teknisk utstyr.

– Eg har måtte sørgja for at folk har det utstyret dei treng for å kunna jobba heime. Det kan vera skjermar, , kamera  og skrivebrett, slik at dei har kunna gjera jobben sin heime, fortel han.

Gudleik Grimstad trur det har vore verst for dei som arbeider på laboratoria til Psykologisk institutt.

– Dei er avhengige av å få inn prøver og testa levande menneske, og når det ikkje  går lenger, forsvinn arbeidsoppgåvene deira rett og slett, minner han om.

Den einaste som var igjen

Etter at regjeringa kunngjorde koronatiltaka 12. mars, hadde han brått ingen å snakka med på arbeidsplassen.

– Då var eg den einaste som var igjen i heile bygningen, seier han, før han vender tilbake til kontoret der han har administrert fakultetet  gjennom Zoom-møte.

– Viss du har ein god agenda, kan dei møta vera meir effektive enn dei fysiske møta, er konklusjonen hans.

– Fint å få snakka med folka

To  etasjar over, på Sosialantropologisk institutt, møter me kommunikasjonsrådgjevar Erik Engblad og doktorstipendiat Martine Greek.

– Eg driv med forskingsformidling gjennom sosiale media, så eigentleg har eg heimekontor der eg kan få utført alle arbeidsoppgåvene mine. Men det er fint å koma hit for å møta folka og få snakka med dei, synest han.  

PÅ KONTORET IGJEN: Kommunikasjonsrådgjevar Erik Engblad er endeleg på kontoret på Sosialantropologisk institutt igjen. Her intervjuar han doktorstipendiat Martine Greek om doktoravhandlinga hennar, ein månad før ho skal disputera digitalt. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Samtalepartnaren hans, Martine Greek held på med ei doktoravhandling om utviklingspolitikk i Chile og nyliberalisme. 

– Og no skal eg skriva ei sak om avhandlinga hennar til nettsidene våre, fortel Engblad. Martine Krok leverte inn avhandlinga i desember, men har undervist i halv stilling sidan den gongen. Om ein månad skal ho ha ein digital disputas. 

– Lett å mista motivasjonen

– No har eg sete heime og undervist i to månader og det har eigentleg gått greitt. Det er ei litt anna stemning i det digitale rommet enn i det fysiske. Det er fint å vera tilbake på Blindern. For eg kjenner at det er lett å mista motivasjonen og ha framdrift utan noko kollegialt fellesskap når eg sit heime åleine, seier ho til Uniforum.  

Og når ho innser at ho må  ha ein digital disputas, er ho glad for ein ting.

– Eg får heldigvis sitja på kontoret mitt i Eilert Sundts hus.

Erik Engblad er svært nøgd med korleis Universitetet i Oslo har takla koronasituasjonen.

– Det har klart å tilpassa seg på ein overraskande rask og smidig måte, akkurat som mange andre institusjonar. For oss som er engasjert i klimaet, er det forstemmande eigentleg  å sjå kor fort forandring kan skje, når ein får kniven på strupen.  Eg håpar det momentumet kan bli brukt til å gjera forandringar på andre område, seier han til Uniforum.

– Godt å møta andre studentar

På ein benk ute på plassen framfor Eilert Sundt hus treff med dei tre psykologistudentane Milin Kim, Nina Auestad og Anne Ravndal.  Det er ein av dei første dagane  dei er tilbake på universitetet etter at dei har  site heime på hybelen eller hos foreldra sine og fylgd med på digital underviisning frå Universitetet i Oslo.

ENDELEG SAMAN IGJEN: Dei tre psykologistudentane Anne Ravndal , Nina Auestad  og Milin Kim  er glade for å  møta kvarandre igjen. Her sit dei på to benkar utanfor Eilert Sundts hus på Blindern.  (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det er godt å møta andre studentar og gå på biblioteket, sjølv om me framleis må isolera oss litt frå kvarandre. Men det er akkurat som om det enno ikkje er blitt verkeleg,  seier Milin Kim.  – Sjølv om me har hatt kontakt gjennom zoom, var det kjekt å møta folk igjen fysisk, legg ho til.  

– Tar alltid med meg bøkene opp i senga

Nina Auestad er svært glad for at ho kan koma tilbake til universitetet.

– Prinsippet mitt er at eg skal studera på universitetet og ikkje heime. Og eg er ikkje særleg flink til å studera heime, for då får eg aldri sova. Du kan godt seia at eg nesten ikkje har sove på dei to månadane me har måtta vera heime, smiler ho.

– Eg tar nemleg alltid med meg bøkene opp i senga. Så no er eg glad for at eg kan skilja mellom privatlivet og studentlivet. 

Heilt utan kontakt med medstudentar har ho ikkje vore.

– Nei, me har av og til møtt kvarandre i parkar, fortel ho.  

Anne Ravndal drog til foreldra i Kristiansand då Universitetet i Oslo stengde og ho har fylgt den digitale undervisninga derifrå. Denne veka er også ho på UiO for første gong sidan koronastenginga 12. mars.

– Det er fint å treffa medstudentane mine igjen og sleppa å studera heilt åleine. Og så er det fantastisk å ha tilgang til eit bibliotek der der er fullstendig roleg, og der du ikkje har famiilen springande rundt deg heile tida,  synest ho. 

– Deilig å vera tilbake

Midt på Blindern står Lucy Smiths hus. I femte etasje sit dei tilsette i Seksjon for kommunikasjon i ope landskap. På den eine sida sit det fire personar i landskapet, medan det er ingen personar på den andre sida.

– Det kan faktisk aldri vera fleire enn 20 personar til stades samtidig i denne etasjen på grunn av smittevernreglane, seier seksjonssjef Liv Dalen Tennøe.  Ei av dei andre som har vendt tilbake er kommunikasjonsrådgjevar Malin Littauer Yndesdal.

– Det er deilig å vera tilbake, til godt utstyr og til stolen min. Dessutan er det kjempefint å møta kollegaene mine igjen, sjølv om me har hatt god kontakt digitalt også.  No kan eg  gå til og frå jobb. Eg saknar dette kontoret mykje meir enn eg saknar heimekontoret,  fortel ho.  Og å sitja saman med mange andre har ho ikkje noko imot.

LIKAR OPE LANDSKAP:  – Eg likar ope landskap eg.  Det seier kommunikasjonsrådgjevar Malin Littauer Yndesdal i Seksjon for kommunikasjon i 5. etasje i Lucy Smiths hus på Blindern. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Nei, eg likar ope landskap eg. Og her er det god avstand, så forholda ligg til rette for det, meiner ho.  Sjølv om UiO  har lempa på koronatiltaka, sit mange av dei tilsette i 5. etasje i Lucy Smiths hus, framleis heime. 

– Etter at eg kom tilbake, har det aldri vore fleire enn 5 personar på plass i dette opne landskapet.

Ei av dei som er der ganske ofte er grafisk formgjevar Hanne Utigard.

 – Eg har i gjennomsnitt vore innom ein gong i veka sidan koronatiltaka blei innført. Som regel har eg sete åleine, så eg har lurt på kvar det blitt av folk. I dag er det deilig å sjå andre personar i den andre enden av lokalet.

– Sit ikkje akkurat og kliner med kvarandre

Fleire har trekt fram ope landskap som særleg smittefarleg under ein koronapandemi.  Det har ikkje skremt Hanne Utigard.

– Me sit så pass langt frå kvarandre her, og me sit vel ikkje akkurat og kliner med kvarandre heller, konstaterer ho med ein latter.

Frå spøk til alvor, så understrekar ho at det ofte er naudsynt for henne å dra til arbeidsplassen i Lucy Smiths hus for å kunna gjera jobben sin.

– Det er tekniske årsaker til det, som til dømes at eg treng ein tung, stasjonær PC og doble skjermar - som er naudsynte på dei tyngste prosjekta og som må restartast i blant,  fortel ho.  

Dei dagane ho har vore til stades, har ho lagt merke til dei nye vanane alle har fått. 

– Me driv og vaskar hendene våre heile tida. Eg har aldri hatt så reine hender nokon  gong i livet mitt, slår ho fast.  Det er ein ting ho saknar frå tida før koronaen.

– Me et ikkje lunsj saman, slik me gjorde før.

Eit skot for baugen

Ein halv time lang spasertur frå Lucy Smiths hus, ligg Domus Juridica midt i Oslo sentrum.  Bygningen blei opna med brask og bram i januar og skulle bli den nye storstova for både studentar, forskarar og andre tilsette på Det juridiske fakultetet.  Den gleda fekk dei kjenna på i to og ein halv månad. Då kom koronapandemien som eit skot for baugen og både studentar og tilsette måtte ut av bygningen, og begynna å jobba og studera heimanfrå.  

TOMT LANDSKAP: I Domus Juridica er det mange arbeidsplassar i det ope landskapet som framleis ikkje er tatt i bruk av dei tilsette.  Mange førertrekkjer framleis å arbeida heimanfrå. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– I høve til digitale forelesingar var me heldigvis betre førebudde enn dei fleste, sidan dei fleste førelesarane hos oss har som rutine å gjera førelesingane også digitalt, seier underdirektør Oddrun Rangsæter i fakultetssekretariatet. 

– For å gjera resten av undervisninga digital har det vore gjort ein heltemodig innsats av dei tilsette, legg ho til.

– Færre enn 20 personar til stades


Då me treff henne, må me leita grundig for å finna kollegaer av henne. Det klarer me, men dei er veldig få.

– I dag er det vel færre enn 20 personar til stades I heile bygget, konkluderer ho med etter ei rask hovudrekning.

– Det er fleire som er her andre dagar, men det er mange som vel å vera her kanskje to eller tre gonger i veka, og så har dei heimekontor dei andre dagane. Mykje er avhengig av kor lenge barna deira er i barnehage eller på  skule, eller kor lang reiseveg dei har. Men alle som har ynskt å koma attende kan arbeida her, fortel ho.


Oddrun Rangsæter var på  jobb I bygget stor deler av tida også då heile universitetet var stengt.
 – Det går framleis føre seg mykje bygningsrarbeid, og det kom arbeidarar og ulike leveransar, så det var viktig å vera til stades, seier ho.

FAST INVENTAR: Antibac-boksen er blitt eit fast inventar i alle lokala til Universitetet i Oslo etter at vaske- og hygienereglar blei det viktigaste tiltaket for å slå ned koronapandemien både på UiO og i resten av Noreg.  Dette biletet er frå den nye jussbygningen i Oslo sentrum, Domus Juridcia.  (Foto: Ola Gamst Sæther) 


– Heilt fantastisk

Førstekonsulent  Vibeke Andersen  begynte jobben med å arbeida på heimekontor. Ho er glad for å få venda tilbake.

– Det er heilt fantastisk, utbryt ho. – Og det er ein luksus å sitja i ope landskap med så få folk her, synest ho.


Lars Christian Botten er sjef i Økonomiseksjonen, og han er ein av dei som har vore på kontoret  dei siste to vekene etter at universitetet opna for dei tilsette å koma tilbake.

– Det har vore litt einsamt, men det har vore veldig roleg, og nesten utan støy, konstaterer han.
– Det er viktig å vera her for å få ferdig tertialrekneskap og rapportar, tykkjer han.

– Fint å kunna vera her eller heime


I 7. etasje held Senter for framifrå forsking, PluriCourts til. Der er avdelingsleiar Siri Johnsen på plass på cellekontoret sitt.

– Det er fint at eg kan ha valet mellom å vera her og å vera heime, fortel ho. Hennar inntrykk er at folk tar litt ulike avgjerder når dei får valet mellom å vera på jobb eller å jobba heimanfrå.

HAR HALDE LIV I BLOMANE: Avdelingsleiar Siri Johnsen på SFF-senteret PluriCourts har jamleg vore innom arbeidslpalssen i Domus Juridica for å vatna blomane til dei tilsette. – Elles har eg hatt heimekontor til me fekk beskjed om at me kunne koma tilbake iigjen, fortel ho. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det er mange individuelle vurderingar frå person til person. I neste veke begynner ein nytilsett vikar, og då må eg vera til stades for å læra henne opp, synest ho.  

 – Elles har eg hatt heimekontor til me fekk beskjed om at me kunne koma tilbake igjen. Før det var eg her berre for å henta  post og vatna blomar, smiler ho.   

– Me har også fått bestilt og levert varer i samband med at me framleis er relativt nyinnflytta i Domus Juridica. I dag har me starta opp eit kjøleskåp og eit fryseskåp utan at noko gjekk gale, seier ho tilfreds. 

Men ho kjem også med ein annan viktig grunn til at det er viktig å vera til stades og ikkje berre kommunisera digitalt.

– Når folk ser at avdelingsleiaren sit her om ettermiddagen, kjem dei ofte på at det var noko viktig dei skulle ta opp med meg. Den kontakten får du ikkje gjennom zoom, slår ho fast.

Ventar studentane i august

Nokre av dei tilsette har altså vendt tilbake til Domus Juridica.  I august ventar Oddrun Rangsæter også å sjå studentane på plass.

– Først må me leggja til rette for det. Slik reglane er no. må me mellom anna sperra av annankvar lesesalsplass, og det vert spennande  å sjå kor mange me får lov til å samla i same rom.

Uniforum kan konstatera at situasjonen på Universitetet i Oslo enno ikkje er heilt som før. Sakte, men sikkert begynner det yrande livet i universitetsbygningane likevel å ta seg opp igjen etter koronadvalen. Det syner den vesle rundturen me gjorde tysdag og torsdag denne veka på Blindern og i Domus Juridica i Oslo sentrum.

 

 

 

 

 

Emneord: Koronavirus, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 29. mai 2020 11:02 - Sist endra 29. mai 2020 11:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere