No gler Svein Stølen seg til å få studentane tilbake

– Det blir ei glede å kunna ynskja studentar tilbake på campus. Det seier UiO-rektor Svein Stølen etter at regjeringa har gitt klarsignal til at universiteta og høgskulane gradvis kan opna dørene for studentar og tilsette frå neste veke.

Fleire personar av begge kjønn står bak eit bord og serverer frukost til studentar

ENDELEG OPNING:  Rektor Svein Stølen gler seg til han endeleg kan få møta studentar igjen på universitetsområda. Her serverer han studentar frukost i samband med 20-årsjubileet til Georg Sverdrups hus i fjor haust. (Arkivfoto)

Det var på regjeringa sin pressekonferanse klokka 18.00 i ettermiddag forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim kunngjorde at studentar som hadde behov for tilgang til lokale for å halda seg á jour med studia sine, kan venda tilbake frå måndag 11. mai. 

Sjølv rekna han med at det vil dreia seg om mellom 25 og 30 prosent av alle studentane.

– Dette var det me hadde håpa ville skje, seier UiO-rektor Svein Stølen til Uniform, like etter at regjeringa har avslørt gladnyhendet.

– Eg reknar med at det blir ein hektisk planleggingsdag på Universitetet i Oslo i morgon, varslar han. 

– Opnar først opp for masterstudentane

For det som er sikkert er at ikkje alle studentane kan koma til universitetet samtidig på måndag.

 – Nei, først må me sørgja for at det er tilsette i alle bygningane.  Deretter vil me opna opp for masterstudentane. Rimeleg raskt vil studentane koma på plass, i alle fall frå måndag 18. mai, seier Svein Stølen. 

Han er heilt sikker på at mange studentar har behov for å treffa andre studentar igjen.

– Ikkje minst blir det viktig for dei igjen å kunna samlast i kollokviegrupper, sjølvsagt med minst ein meter avstand mellom dei.  

– Fakulteta får ansvaret for å opna bygningane

Stølen har også tru på at også andre aktivitetar kan startast igjen.

 – Ja, det må opnast opp både for pasientkontakt og for laboratorieforsøk for dei som det er aktuelt for, legg han vekt på.  

I hovudsak vil han delegera ansvaret for å opna universitetsbygningane og gi tilgang til studentar og tilsette, til fakulteta. 

– Det vil vera ulike prioriteringar frå fakultet til fakultet og frå institutt til institutt.

Også tilsette kan venda tilbake

–Vil dette seia at dei teknisk-administrative og dei vitskaplege tilsette kan koma tilbake på jobb frå måndag?

– Dei som synest dei gjer ein like god jobb for jobben heime som på kontoret, kan sjølvsagt halda fram med det. Men dei som vil begynna å jobba på kontoret igjen, kan også gjera det. Men det vil sjølvsagt vera ulike reglar for dei som sit i opne landskap og dei som har eigne kontor, understrekar han. Me må framleis tenkja smittervern, understrekar Svein Stølen.

Emneord: Koronavirus, Studentforhold, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2020 20:30 - Sist endra 7. mai 2020 20:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere