Pest og korona i Vitskapsakademiet

Pandemien – tillit i koronaens tid er temaet på dei opne førelesingane i Vitskapsakademiet denne våren.  – Det er eit sterkt behov for meir kunnskap, seier preses Hans Petter Graver. 

Ein mann sit framfor eit skrivebord med hendne på bordet

OPNE FØRELESINGAR: Preses Hans Petter Graver i Vitskapsakademiet inviterer til opne nettførelesingar om pandemiar kvar torsdag klokka 18.00.

Foto: Ola Sæther

Vitskapsakademiet er stengt på grunn av koronaepidemien.  Men det stansar ikkje akademiet i å ha opne førelesingar. No har nettet blitt den nye arenaen. Og nettopp koronaepidemien og andre pandemiar er temaet denne våren. 

– Me skal gi best mogleg forskingsbasert kunnskap til samfunnet. Det er mykje uvisse om koronaepidemien, og derfor er det eit sterkt behov for meir kunnskap, seier preses Hans Petter Graver i Vitskapsakademiet.  

"Middelalderens pest- dagens koronaepidemi? 

Førelesingsrekkja starta førre torsdag med antropologiprofessor Thomas Hylland Eriksen ved UiO som talte om solidaritet i pandemien. Den held fram denne torsdagen med biologiprofessor Nils-Christian Stenseth frå UiO. Han skal halda eit føredrag om “Middelalderens pest – dagens koronaepidemi? Kvar førelesing startar klokka 18.00 og varer i 20 minuttar.  Hans Petter Graver er ordstyrar og passar på at publikum på nettet får koma med spørsmål og kommentarar. 

– VIktig med historisk tilbakeblikk

– Det er viktig med ein arena der det er mogleg å koma med refleksjonar og tankar rundt koronaepidemien, seier han.  – Derfor er det også viktig å gi eit historisk tilbakeblikk på tidlegare epidemiar og visa kva dei har gjort med solidaritet og tillit og økonomien i samfunnet, legg han til.  

Rett etter påske slepp den første kvinnelege førelesaren til. Det er medisinprofessor Nina Langeland som er spesialist i indremedisin og infeksjonssjukdomar.  Ho ser på medisinaren si rolle i pandemien.

Debatten skal gå på den digitale plattforma Zoom. Dei som vil delta  finn lenkje til webinaret på nettsidene til Vitskapsakademiet. https://www.dnva.no/  Og for dei som ikkje får høve til å høyra det på direkten, vil det vera mogleg å høyra på eit opptak av webinaret. 

 

Emneord: Koronavirus, Videnskaps-Akademiet Av Martin Toft
Publisert 2. apr. 2020 00:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere