Dei første studentane har no tatt i bruk laboratoria på Kjemisk institutt

Masterstudentane Patricia Reyes Cordero og Aleksander Dalevold er mellom dei første studentane som i dag kunne ta i bruk eit laboratorium på Kjemisk institutt. I ettermiddag fekk dei besøk av statsråd Henrik Asheim og UiO-rektor Svein Stølen.

TOK I BRUK LABORATORIUM:  Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim besøkte dei første masterstudentane som fekk ta i bruk eit laboratorium på Kjemisk instuttt i dag. Frå venstre masterstudent Patricia Reyes Cordero, insitutttleiar Einar Uggerud, masterstudent Aleksander Dalevold, rektor Svein Stølen og Henrik Asheim. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Rundt 40 personar har no fått løyve til å vera til stades i Kjemibygningen på Nedre Blindern, sjølv om Universitetet i Oslo eigentleg er stengt for både tilsette og studentar på grunn av koronatiltaka. Det opplyser instituttleiar Einar Uggerud på Kjemisk institutt. Fleire av dei er teknisk tilsette, men no har også fleire masterstudentar fått lov til å koma tilbake til laboratoriet for å fullføra masteroppgåvene sine. Mellom dei er Patricia Reyes Cordero og Aleksander Dalevold og rettleiaren deira, kjemiprofessor Lise Lotte Gundersen. Dei to studentane får vera i laboratoriet i to dagar.

Statsråd fekk leksjon frå masterstudentar

I dag måtte dei også opna laboratoriet for forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim, UiO-rektor Svein Stølen og instituttleiar Einar Uggerud. Dei to studentane gav statsråden ein leksjon i kva dei held på med i laboratoriet og fortalde om korleis det går med masterstudiet deira. 

– Eg skal etter planen bli ferdig i juni, og det skal eg klara, lova Patricia Reyes Cordero. Og så la ho til at koronaviruset eigentleg kom på rett tidspunkt for henne.

– Ja, for eg var på veg inn i ein frustrasjonsperiode, og då trengte eg denne pausen, avslørte ho.  Men Aleksander Dalevold har tapt tid. – Eg blir nok ein månad seinare ferdig enn det eg hadde planlagt, sa han til Uniforum. 

Skal ta igjen tapt undervisningstid til hausten

Instituttleiar Einar Uggerud fekk fortald statsråd at han eigentleg ikkje var så uroa for digital undervisning i seg sjølv.

 – Problemet er at det går utover lærings- og studiemiljøet når studentar og førelesarar ikkje er til stades.

– Ja, det er eg heilt einig med deg i, sa Henrik Asheim. Og Einar Uggerud meinte at det var viktig å kunna opna sakte, men sikkert for at studentar skulle få bruka laboratoriet.

– Då kan me bruka denne erfaringa på andre master- og ph.d-studentar fram til sommaren. Går det bra, kan me finna ut korleis me skal gjera det til hausten. Dei neste to månadane me har tapt i undervisning i vårsemesteret, skal me ta igjen til hausten, varsla Uggerud.

– Det må kunna opnast meir etter kvart. Ja, det er klart, sa Henrik Asheim.

Rektor Svein Stølen meinte det var heilt greitt at UiO gjekk litt forsiktigare fram enn høgskular andre stader i landet.

– Dette universitetet har jo like mange tilsette og studentar til saman som ein mindre norsk by har innbyggjarar. Derfor har me planar om ein rein digital start til hausten, men også planar for ein fullstendig open start, sa Stølen. 

UNDERVISER STATSRÅDEN:  Masterstudenten Aleksander Dalevold underviser forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i kjemi.  (Foto: Ola Gamst Sæther)

Håpar å seia noko tydeleg i juni

Og Henrik Asheim tykte det var rett å gå litt forsiktig fram i byrjinga. 

– Målet vårt har vore å vera så tydeleg som mogleg. Rektor seier noko riktig når han seier at Universitetet i Oslo er noko anna enn Campus Alta og at dei opnar forsiktig. Me har heile tida dialog med Helse- og omsorgsdepartementet, helsestyresmaktene og sektoren. Derfor håpar eg at me kan seia noko kjempetydeleg i juni om det som skjer til hausten, sa Asheim.

 Blir det eit tripp-trapp-tresko-opplegg der først forskarar får tilgang, så dei teknisk-administrative før studentane slepp inn heilt til slutt? 

– Forskarane må kanskje begynna å jobba i cohortar, sa han med eit smil og ein latter. I eit intervju med Uniforum, var det tydeleg at Henrik Asheim var nøgd med det han hadde observert på Kjemisk institutt på UiO.

– Det er veldig hyggeleg å sjå at ein er i gang. Eg har vore mange gonger tidlegare på Universitetet i Oslo, og det brukar å yra av liv, men det er framleis ganske tomt i gangane, så eg merkar at det er ein unormal situasjon. Det er viktig å sjå at det vert slept opp for å få dei studentane som er avhengig av  lab til å få moglegheita  til å koma tilbake. Det er ikkje minst viktig for studentane sjølve, slår han fast. Abid Raja er blitt kulturminister medan det nesten ikkje er kultur igjen i Noreg, og korleis er det for deg å vera forskings- og høgare utdanningsministerutan særleg fysisk aktivitet på universiteta?

– Det er trist, ikkje minst for sektoren sjølv. Vanlegvis er det fullt liv heile tida med studentaktivitetar om kveldane. Alt det er sett på pause akkurat no. Det som har vore fantastisk å sjå er korleis sektoren har gripe den sjansen det har gitt dei og gjort det beste ut av det.  Undervisninga har gått så godt som den kan, det er ikkje optimalt, men den har gått på nett.  Eg trur mange studentar har opplevd å  bli fylgde opp og lagde merke til. Sakte, men sikkert kan me på grunn av dei strenge reglane me har hatt, opna opp. Då har me vore veldig flinke til å prioritera kven som treng øvingsrom eller laboratorium først, sa han til Uniforum. 

– Færrast mogleg skal bli skadelidande

Og han hadde også ein viktig bodskap til alle studentane:

– Den dugnaden som me alle held på med begynner å gi resultat.  Målet vårt er at færrast mogleg skal bli skadelidande av dette. Me er på veg tilbake til normalen, sjølv om det vil ta litt tid, konstaterte han.

Masterstudentane sette stor pris på besøket frå forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

– Eg synest det har vore gøy og spennande. Men også litt stressande, synest Aleksander Dalevold, som er masterstudent i uorganisk kjemi.  Også for han får stenginga av universitetet konsekvensar. 

– Eg blir nok ein månad seinare ferdig enn det eg hadde planlagt. Det skal likevel gå greitt, seier han til Uniforum.

Også medstudent Patricia Reyes Cordero har det gått stort sett bra for, trass i utestenginga frå laboratoriet fram til i dag.  

– Førebels går det. Men det står framleis igjen ein del eksperiment. Dei gjer eg her på UiO, men om eg ikkje får tilgang, kan eg ikkje bli ferdig med dei. Eg håpar at eg får fleire dagar, slik at eg kan koma på labben og bli ferdig med det eg må. Det har gått greitt, eg har vore heime og lese og skrive og slappa litt av.

Når ho er ferdig i  juni, veit ho kva ho ynskjer å gjera. – Eg tenkjer å finna meg ein jobb og begynna å jobba, kanskje på eit sjukehus, fortel ho.

KJÆRKOMEN KORONAPAUSE: Masterstudent Patricia Reyes Cordero synest det var kjærkome med ein koronapause.   – Eg var på veg inn i ein frustrasjonsperiode, og då trengte eg denne pausen, sa ho til statsråd Henrik Asheim, då han besøkte eit laboratorium på Kjemisk insitutt. (Foto Ola Gamst Sæther) 

– Vert snakk om forseinkingar

Kjemiprofessor Lise-Lotte Gundersen er rettleiaren til dei to masterstudentane. For henne var det også hennar første dag i laboratoriet etter at Universitetet i Oslo blei stengt 12. mars.

– Det er veldig hyggeleg for det er jo dette me primært jobbar med. Det er lite av dette som kan gjerast heimanfrå, faktisk ingenting.  Det har vore mykje uvisse, så det er godt å sjå at me i alle fall er i gang med noko, seier ho til Uniforum. 

For henne hadde det vore endå betre om dei kunne vore der endå meir.

 – Ja, helst fulle veker og fulle dagar. Det er avgrensa kva ein får gjort på korte opningstider og korte veker. Det er ein start, og eg håpar inderleg at det går mot meir normale tider i løpet av våren, seier ho. Lise-Lotte Gundersen trur koronapausen får fylgjer for studentane.

 – Det vert snakk om forseinkingar. Det er vanskeleg å tenkja seg noko anna. Førebels har me ikkje noko oversyn over kor mykje forseinka dei blir og om me må endra på målsetjinga. Me skal vurdera om det er mogleg å ha litt kortare tid i labben.

Sjølv skal ho heller ikkje vera på jobb i Kjemibygningen kvar dag.

– Nei, eg går ein turnus saman med kollegaene mine, slik at det alltid er ein vitskapleg tilsett på plass i seksjonen kvar dag, Det handlar også om tryggleik, seier ho til Uniforum.

 

Emneord: Koronavirus, Undervisning, Kjemi Av Martin Toft
Publisert 27. apr. 2020 18:52 - Sist endra 27. apr. 2020 18:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere