Andreas Trohjell er valt til ny leiar for Norsk studentorganisasjon

Andreas Trohjell frå Universitetet i Bergen er  i dag valt til leiar for Norsk studentorganisasjon.  Lisa Maria Mandlfloen frå Høgskolen i  Innlandet stilte som motkandidat, men tapte røystinga. 

Ein mann står med Bergen sentrum i bakgrunnen

NY STUDENTLEIAR: Andreas Trohjell frå Universitetet i Bergen er valt til ny leiar for Norsk studentorganisasjon. 

Foto: Henriette Frøysland-Thorkildsen/Studvest

– Eg kan ikkje venta til å koma i gang med å jobba for at studentrørsla skal bli høyrt og for at me skal få gjennomslag for ynskja til studentane, seier  den nyvalde leiaren Andreas Trohjell i ei pressemelding frå Norsk studentorganisasjon. 

Andreas Trohjell er frå Arendal, men har dei siste åra vore matematikkstudent på Universitetet i Bergen. Der er han no leiar for Studentparlamentet, eit verv han har fram til han overtar formelt som leiar for Norsk studentorganisasjon 1. juli i år.  Han overtar vervet etter Marte Øien som kjem frå NTNU i Trondheim.   Trohjell var også nominert av ein samrøystes valkomité. 

• Les i Uniforum:  Andreas Trohjell innstilt som ny leder for NSO

Digitalt landsmøte

Valet av Andreas Trohjell blei gjennomført på det digitale ekstraordinære landsmøtet til Norsk studentorganisasjon i dag, melder både Universitas og Studvest og Norsk studentorganisasjon. Landsmøtet markerte også tiårsjubileet for Norsk studentorganisasjon (NSO) etter fusjonen mellom Norsk Studentunion og Studentenes Landsforbund i 2010 med helsingar frå blant andre statsminister Erna Solberg, Ap-leiar Jonas Gahr Støre, Venstre-leiar Trine Skei Grande, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og SV-leiar Audun Lysbakken. Også forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim kom med ei helsing på skjermen og takka NSO for samarbeidet, ifylgje Universitas. 

Historia til organisasjonen starta eigentleg i 1936, då Norsk Studentunion blei grunnlagt. Det blei markert under 80-årsjubileet i 2016.

– Skal sørgja for at partia prioriterer høgare utdanning

I pressemeldinga frå Norsk studentorganisasjon lovar den nyvalde leiaren Andreas Trohjell å arbeida hardt for å få gjennomslag for studentane:  

– Politisk har me mykje å ta tak i dette året, spesielt korleis me skal koma oss heilskinna gjennom korona-krisa, samtidig som me sørgjer for at studentrettane vert tekne vare på. Så skal me sørgja for at partia skal prioritera høgare utdanning og studentar i deira partiprogram før valet neste år. Me skal jobba for at det ikkje skal vera mogleg å snakka om høgare utdanning utan å snakka med studentrørsla, seier Trohjell i pressemeldinga. 

Dette er dei andre medlemane som blei valde inn i arbeidsutvalet i dag:

Nestleiar: Felipe F. Garcia, NTNU

Fag- og forskingspolitisk ansvarleg: Annbjørg Pasteur Stø, NTNU

Fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg: Julie Størholdt Iversen

Velferds- og likestillingspolitisk ansvarleg: Jonas Økland, Handelshøyskolen BI i Oslo

Internasjonalt ansvarleg: Joachim Børlie, Universitetet i Stavanger

(Oppdatert kl. 13.41 med namn på alle dei nyvalde medlemane i arbeidsutvalet og med kommentar frå nyvald NSO-leiar Andreas Trohjell) 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2020 13:08 - Sist endra 18. apr. 2020 13:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere