UiO innfører drastiske tiltak for å hindra spreiing av koronaviruset

Mest mogleg undervisning skal gå føre seg digitalt på Universitetet i  Oslo frå torsdag 12. mars. Alle tilsette får råd om å arbeida heimifrå, så sant dei kan det.  Det er to av tiltaka UiO-leiinga no set i verk for å hindra koronasmitte.

TILTAK MOT KORONAVIRUSET: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen og resten av UiO-leiinga innfører digital undervisning på alle førelesingar over 100 studentar. Alle reiser i regi av UiO blir avlyste.  – Liv og helse er prioritet nummer ein, seier han.

Foto: Ola Gamst Sæther

All undervisning med over 100 studentar skal frå i morgon gå føre seg digitalt. Om ikkje det går, vil førelesingane bli avlyste. Samtidig vert det oppfordra til at også undervisning for færre studentar, så langt som mogleg skal skje digitalt.

UiO og koronaviruset:

- alle førelesingar med over 100 studentar må skje digitalt eller blir dei avlyste.

- oppfordrar også førelesingar med færre enn 100 studentar til å tilby digital undervisning

- alle tilsette som kan bør arbeida heimifrå

-alle arrangement som ikkje er undervisning blir avlyste

- alle reiser i regi av UiO til risikoområde skal avlysast.

- UiO har sett sentral beredskapsleiing

- bibliotek og studentkjellarar blir stengde frå og med i dag

- fakultet og museum skal vera under beredskap

- 20 medisinstudentar som har hatt undervisning på Sunnaas sykehus er sett i karantene i to veker etter at to tilsette fekk påvist smitte

- 31 medisinstudentar  som har hatt praksis på Augeavdelinga på Ullevål sykehus har måtta halda seg heime i to veker. Dei har no vore i karantene i over ei veke

- 1 tilsett ved UiO er i karantene

- UiO oppfordrar studentar, tilsette eller tilreisande som kjem frå eller er i utsette område, til å fylgja vanlege hygienetiltak og instruksar frå lokale styresmakter.

UiO set opp dispensarar for handhygiene på heile universitetet

Dersom tilsette eller studentar vert smitta av koronaviruset, vert det sett opp ei sentral beredskapsleiing. 

Alle studentar og tilsette dette vedgår vert varsla via epost eller sms.

Les også UiOs informasjonssider om koronaviruset

Kjelde: UiO

 

Kansellerer reiser i regi av UiO

Det er det mest drastiske tiltaket som UiO no har sett i verk for å hindra at studentar og tilsette blir smitta av koronaviruset på universitetsområda. Også reiser som tilsette eller studentar  skal ut på for Universitetet i Oslo til risikoområda, vert no kansellerte.  Det opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen til Uniforum og i ein epost som er sendt til alle leiarar, einingar, organisasjonar og studentorganisjonar på Universitetet i Oslo. 

– Var dette ei vanskeleg avgjerd å ta?

– Nei. No fylgjer me dei oppdaterte råda frå Folkehelseinstituttet og slik verksemda er hos oss, så er det naudsynt å gjera dette. 

I eposten han har sendt ut understrekar Arne Benjaminsen at dette er svært viktig.

– Liv og helse er prioritet nummer ein. Me er ein del av ein nasjonal dugnad for å avgrensa smitte og me fylgjer tilrådingane og råda frå helsestyresemaktene.  Me legg vekt på å gjennomføra  primærverkemda ved universitetet, men innfører no fleire tiltak for å førebyggja smitte i perioden fram til 14. april, seier han i eposten.

– De innfører også restriksjonar på reiser. Gjeld det også private reiser?

– Nei, det har me ikkje makt til å gjera.

Skal leggja til rette for digital undervisning

Arne Benjaminsen understrekar at for at studentar skal få undervisning vil Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) leggja til rette for digital undervisning gjennom å bistå lokal IT.

– USIT tilbyr ein app for opptak av lyd og presentasjonar, som kan brukast i fjernundervisning. Dette inneber at førelesarar kan halda førelesing frå pc, seier han. Han håpar at den kan bli tilgjengeleg allereie frå i dag. Og han lovar meir informasjon om andre digitale løysingar som kan takast i bruk.

Alle arrangement i regi av UiO som ikkje er undervisning vert også avlyste. 

Arne Benjaminsen fortel at UiO også jobbar parallelt med å tilpassa gjennomføring av eksamen.

Det vert også sett i  verk andre tiltak:

- Alle fakultet, museum og einingar under universitetsstyret skal vera i beredskap.

Nye opningstider

Opningstida i bygningane til UiO  vil frå  i morgon vera fra kl 0800-1800.

– Dei som har tilgang til bygga vil ha tilgang utanom denne tida..Dette for å kunna utføra utvida reinhald og ha færre folk på campus. Det vil seia  også stenging av studentkjellarar og liknande med verknad frå i dag, opplyser Arne Benjaminsen i eposten. 

Biblioteka vil vera opna på dagtid, men stengja klokka 18.00, får Uniforum opplyst.

Dette er den sentrale beredskapsleiinga ved UiO:

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen (leiar)

Anita Sandberg, direktør  for HMS og beredskap,

Les meir på nettsidene til UiO

 

– Heimekontor for tilsette

Tiltaka inneber også tilrådingar for dei tilsette ved UiO.

– For tilsette tilrår me heimekontor dersom arbeidet tillet det og det ikkje er naudsynt å vera til stades. Dette vil i første omgang gjelda til 14.april. Parallelt vil det også opnast for meir fleksible arbeidstidsordningar. Avgjerdene om dette må takast lokalt mellom leiarar og medarbeidarar, understrekar han.

Koronaviruset i Noreg:  

- 440 tilfelle av koronasmitte i heile landet, ifylgje VG.

277 tilfelle, ifylgje Folkehelseinstituttet

- seks personar er innlagde på sjukehus

- ingen personar er døde

- 4 461er testa

- 5 tilfelle ved Augeavdelinga ved Ullevål sykehus

- 280 Ullevål-tilsette er i karantene

-alle som som har vore i områda med smitte, må halda seg heime frå jobb i 14 dagar etter dei har kome heim. 

- områda det gjeld er fastlands-Kina, Hong Kong, Singapore, Japan, Iran, Sør-Korea og regionane Lombardia, Piemonte, Emilia-Romagna og Veneto i Italia og Tyrol i Austerrike.

- Equinor var først ute med å be alle tilsette som har vore i Kina, Sør-Korea , Iran og Nord-Italia om å halda seg heime i to veker.

Kjelder: VG, NRK, Folkehelseinstituttet og OuS

Det skal heller ikkje reisast til og frå risikoområde. For alle andre område gjeld det at berre reiser som er heilt naudsynte kan gjennomførast, og etter avklaring med den næraste leiaren.  

– Me skal heller ikkje ta imot tilreisande frå risikoområde,opplyser han, og ber dei tilsette og studenane vurdera digitale løysingar som eit alternativ. 

– Fagmiljøa skal oppretthalde og ivareta kontakt med studentar og tilsette i utlandet og bistå desse ved behov, seier Arne Benjaminsen. Han er klar over at dette inneber store endringar for mange av studentar og tilsette på UiO, men han ser dei som heilt naudsynte.

– Det kan koma fleire tiltak den næraste tida, og råda kan presiserast, så alle må fylgja med på uio.no, legg han til. 

Det er meir informasjon på desse nettsidene:

Det medisinske fakultetet har gitt beskjed til alle studentane sine om at alle førelesingar er  mellombels avlyste frå og med i morgon 12. mars og fram til 22. mars. Det skjer på grunn av den uoversiktelege utviklinga av koronautbrotet det siste døgeret, går det fram av nettsidene til fakultetet.  Alle vanlege reglar om obligatorisk undervisning blir sette til side. Men fakultetet lovar likevel å tilby studentane naudsynt undervisning. Restriksjonane gjeld ikkje for dei studentane som er  i praksis i modul 5 og i modul 11 på profesjonsstudiet i medisin, står det på nettsidene til fakultetet.

Alle arrangement i regi av fakultetet blir også avlyste. Studentane blir oppfordra til å arbeida heimifrå. Dei får heller ikkje reisa til risikoområde og blir bedne om helst ikkje å dra på andre utanlandsreiser.

(Oppdatert kl. 16.33 med koronainformasjon til studentar ved Det medisinske fakultetet og informasjon om at biblioteka er opne på dagtid, men stengjer klokka 18.00)

Emneord: Koronavirus, Arbeidsforhold, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 11. mars 2020 12:54 - Sist endra 11. mars 2020 16:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere