Smittevernutval gir råd om koronaviruset på odontologi

Det odontologiske fakultetet har oppretta eit mellombels smittevernutval som ein fylgje av utbrotet av koronaviruset i Kina, Sør-Korea og mange andre land.   – Nyleg frårådde me fem tannpleiarstudentar å dra på praksis til Tanzania, seier utvalsleiar Morten Enersen til Uniforum.

Ein mann i kvit frakk står midt i øvingsrommet for tannlegestudentane

Å SIKRA SMITTEVERNET: – Det viktigaste me gjer er å sikra smittevernet gjennom den behandlinga som blir gitt ved fakultetet. Dette inkluderer også undervisning i smittevern både teoretisk og praktisk gjennom alle delar av studiet, seier Morten Enersen, som er leiar for det temporære smittevernutvalet på Det odontologiske fakultetet. 

Foto: Ola Sæther

To tannlegestudentar frå Universitetet i Oslo får ikkje dra til Sør-Korea for å ha praksis på sjukehus der. Og fem tannpleiarstudentar som etter planen skulle dra til landsbygda i Tanzania for å ha praksis der, har vald å avlysa reisa. Grunnen er det aukande talet av personar som er blitt sjuke av koronaviruset. 

• Les i Uniforum: Koronavirus hindrar tannlegestudentar studieopphald i Sør-Korea

Koronaviruset i Noreg:

- 19 tilfelle av koronasmitte, Tromsø, Oslo, Bergen

- 5 tilfelle ved Augeavdelinga ved Ullevål sykehus

- 150 Ullevål-tilsette er i karantene

-alt helsepersonell som har vore i områda med smitte etter 17. februar, må halda seg heime frå jobb i 14 dagar etter dei har kome heim. 

- områda det gjeld er fastlands-Kina, Hong Kong, Singapore, Japan, Iran, Sør-Korea og regionane Lombardia, Piemonte, Emilia-Romagna og Veneto i Italia 

- Equinor har bede alle tilsette som har vore i Kina, Sør-Korea , Iran og Nord-Italia om å halda seg heime i to veker

Kjelder :OuS , NRK og  Folkehelseinstituttet 

 

Det er dekan Pål Barkvoll ved Det odontologiske fakultetet som etter råd frå det temporære smittevernutvalet legg føringar i arbeidet på fakultetet. Utvalet vert leia av førsteamanuensis i mikrobiologi, Morten Enersen ved Institutt for oral biologi.  I utvalet har han også med seg ein kirurg, ein klinikksjef og to spesialsjukepleiarar.

– Det var lett på kort varsel å rå dei fem tannpleiarstudentane frå å ta turen til Tanzania. Med tanke på at tanzanianske studentar i Kina blir oppfordra til å bli verande i Kina på grunn av at helsevesenet er så mykje betre der enn i Tanzania, synest me det var ei lett avgjerd å rå til at dei ikkje burde reisa, seier Morten Enersen til Uniforum.

Koronaviruset i i verda :

Globalt: 87 161 smitta

Kina: 79 968 smitta 

Sør-Korea:3736 smitta

Italia: 1128 smitta

Cruiseskipet Diamond Princess: 706 smitta

Iran: 593 smitta

Japan: 239 smitta

Singapore: 106 smitta

Frankrike: 100 smitta

USA: 62 smitta 

Tyskland: 57 smitta

Kuwait: 45 smitta

Spania: 45 smitta

Storbritannia:35 smitta

I Norden og Russland: 

Noreg: 19 smitta

Sverige: 15 smitta

Danmark: 3 smitta

Finland 2 smitta

Russland: 2 smitta

Island: 0 smitta

Kjelder: WHO og Folkehelseinstituttet

 

Etter hans meining er det spesielt viktig at det finst eit smittevernutval på Det odontologiske fakultetet. 

– Det er heile tida nær kontakt mellom pasientar, instruktørar, undervisarar og tannlege- og tannpleiarstudentar. Det er alltid fokus på korleis folk kan bli smitta og bli sjuke gjennom dropesmitte. Nettopp derfor er det viktig for oss med retningslinjer, fortel han til Uniforum.

UiO og koronaviruset:

Universitetet i Oslo oppfordrar studentar, tilsette eller tilreisande som kjem frå eller er i utsette område, til å fylgja vanlege hygienetiltak og instruksar frå lokale styresmakter.

UiO set opp dispensarar for handhygiene på heile universitetet

Dersom tilsette eller studentar vert smitta av koronaviruset, vert det sett opp ei sentral beredskapsleiing. 

Alle studentar og tilsette dette vedgår vert varsla via epost eller sms.

Les også UiOs informasjonssider om koronaviruset

Kjelde: UiO

 

Han viser til at det i 2018 blei etablert tilrådingar for smittevern for klinisk odontologi.

 – Likevel har me alltid og i alle år hatt god hygiene på Det odontologiske fakultetet, forsikrar han oss om. 

– Samla alt om smittevern i eit dokument

Det var likevel ein gong denne gode rutinen, kom opp til eksamen.

– Me skulle ha ei samkjøring av undervisningsopplegget og rutinar for tre lærestader i odontologi, Oslo, Tromsø og Bergen. Då peika Folkehelseinstituttet på at det var viktig å samla alt om smittevern i odontologi i eit dokument, fortel han. Helsepersonellova og smittevernlova er overordna.

– Smittevern for klinisk odontologi dekkjer basale og spesielle smitteverntiltak også i tannlegepraksis, slår han fast.

Morten Enersen er nøgd med det dei saman med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har fått til: 

– Me har klart å laga eit dokument om smittevern som omfattar all klinisk odontologi i Noreg, fortel han. Ifylgje Morten Enersen har dei alltid vore føre var på det fakultetet der han arbeider.

– Det er eit stort fokus på smittevern og derfor er det god beredskap på OD. Basale smitteverntiltak er grunnpilaren i alt me føretar oss. Derfor tar me alltid dei viktige og naudsynte forholdsreglane, forklarar han, før han understrekar ein ting:

– Smittekjeda er aldri sterkare enn det svakaste leddet.

Sjølv veit han ikkje så mykje detaljar om koronaviruset.

– Det blir sidestilt med sesonginfluensavirus, men samtidig kjenner me til korleis situasjonen utviklar seg, konstaterer han.

Ingen koronavirustilfelle hos utvekslingsstudentar

Førebels har ikkje dei hatt tilfelle av koronaviruset hos studentar som er på utveksling frå andre land.

– Det viktigaste me gjer er å sikra smittevernet gjennom den behandlinga som blir gitt ved fakultetet. Dette inkluderer også undervisning i smittevern både teoretisk og praktisk gjennom alle delar av studiet, sentralt for forsvarleg utøving av klinisk odontologi, slår han fast.  

Morten Enersen er glad for at han sjølv dreiv som tannlege, før han satsa på ein karriere som forskar. 

– Då er eg fullt klar over kor viktig det er med smittevern.

Eigne retningslinjer for å opna sendingar frå Kina

Det temporære smittevernutvalet arbeider ikkje berre med inn- og utreisande studentar og tilsette.  Dei skal også sjå etter korleis det går med sendingar til og frå Kina.  Det er ofte tanntekniske arbeid i metall, porselen eller akryl.

SMITTEVERNUTVAL: Førsteamanuensis Morten Enersen leier det temporærer smittevernutvalet ved Det odontologiske fakultetet. (Foto: Ola Sæther) 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Mange tanntekniske laboratorium får materiale frå kinesiske underleverandørar, også frå Hubei-provinsen. Instruksane våre går ut på at når det kjem ei pakke til oss frå Kina, så utgjer det ingen fare så lenge dei ikkje inneheld levande eller døde dyr. Men me har sett opp spesielle retningslinjer for korleis pakkene skal opnast. Alle pakker må pakkast opp etter ein spesiell prosedyre som inkluderer hanskebruk og desinfeksjon av det aktuelle arbeidet, fortel han.   

Det odontologiske fakultetet samarbeider med dei andre odontologiske utdanningane i Tromsø og i Bergen og med Oslo universitetssykehus når det gjeld å ha felles retningslinjer for å kunne verna pasientar, studentar og tilsette best mogleg mot koronaviruset.

På Det odontologiske fakultetet i Oslo behandlar dei 50 000 pasientar i året.

Ber pasientar med symptom på sjukdom om å utsetja timar

Dekan Pål Barkvoll har det overordna ansvaret for all verksemd på fakultetet, også pasientbehandlinga som utgjør ein stor del av verksemda. Det er etablert klare styringslinjer i forhold til studentane, dei tilsette og pasientane. Studentar og tilsette som arbeider med pasientar har og fått informasjon om kva dei skal gjere om dei har vore på reise i områder med utbreidd smitte av koronavirus.

 – Han har også gitt melding om at me bør ha med ei setning om at pasientar kan tinga timar på eit seinare tidspunkt, dersom dei har symptom på forkjøling, hoste, feber eller er kortpusta eller har vore på reise i område som har hatt smittespreiing i lengre tid. Så no legg me inn ei slik setning i alle sms-meldingane me sender ut, fortel Morten Enersen.  

– Vanleg handhygiene og nysing og hosting  i papirlommetørkle eller i olbogen er vanlege rutinar folk kan ha for å hindra smitte. Det som er spesielt, er at me ikkje hevar auga når 1000 personar døyr av influensa årleg. Men når eit ukjent virus som liknar litt på influensa, kjem hit, då blir folk opptatt av at det blir sett i verk åtgjerder. Paradokset er at det aldri har vore så lite sjukdom i Noreg, som det året alle skulle verna seg mot svineinfluensa, peikar han på.

Har informert UiO sentralt

Uniforum har også vore i direkte kontakt med dekan Pål Barkvoll på Det odontologiske fakultetet. Han legg vekt på at den sentrale beredskapsleiinga og Eining for HMS og beredskap på Universitetet i Oslo også fylgjer situasjonen nøye for universitetet som institusjon.

 – Dei er informerte om dei tiltaka og planane som vert sette i verk på OD. Grunnen til at me må arbeida særskilt med denne problematikken på OD handlar sjølvsagt om klinikkverksemda. Store universitetstannklinikkar kan på grunn av sin natur - aerosoler frå vassbor – ikkje skilde kontor, ha eit stort potensial for å spreia smitte om ein ikkje fylgjer optimale smittevernrutinar, opplyser han til Uniforum i ein epost.

Barkvoll peikar samtidig på at klinikkane til Det odontologiske fakultetet er den einaste pasientverkemda som heilt og halden vert eigd og drifta av UiO. Dekanen viser også til at når det gjeld sjukehusa er det helseføretaka som set i verk rutinane der.  

UiO set opp beredskapsleiing om nokon blir smitta

Universitetet i Oslo sentralt har også sendt ut informasjon om kva som må gjerast dersom tilsette eller studentar vert smitta av koronaviruset.  Der går det fram at  det då skal setjast opp ei sentral beredskapsleiing. Og dersom det er mistanke om at smitte eller stadfesta sjukdomstilfelle vil dei studentane og dei tilsette dette vedgår, verta varsla med sms og epost, går det fram av ein epost universitetsdirektør Arne Benjaminsen sende ut på fredag ettermiddag. 

 

Emneord: Odontologi, Studentforhold, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 2. mars 2020 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere