Arne Benjaminsen om koronaberedskap: – UiO-tilsette skal vera på jobb heime

– Dei UiO-tilsette skal vera på jobb heime, så lenge dei ikkje får beskjed om å vera til stades i den bygningen der dei vanlegvis jobbar. Det understrekar universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

Ein mann sit ved skrivebordet med ein berbar PC framfor seg

HJULA I GANG: – Så sjølv om bygningane til Universitetet i Oslo er stengde, arbeider me alle saman for å halda hjula  i  gang på universitetet, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen på UiO. Alle bygningane blei stengde for tilsette og studentar i går klokka 18.00 for å hindra spreiing av smitte frå koronaviruset. Her vaskar Arne Benjaminsen hendene med antibac. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen  er ein av dei som er jobb i bygningen der han har sin daglege arbeidsplass, altså Lucy Smiths hus på Blindern. I 9. etasje sit han med dei næraste medarbeidarane i nærleiken. 

UiO og koronaviruset:

- alle universitetsbygningar er stengde for tilsette og studentar

- alle førelesingar må skje digitalt elles blir dei avlyste.

- alle tilsette skal vera heime og arbeida for UiO

- tilsette skal berre møte på jobb etter avtale med leiar

- alle arrangement  er avlyste

- alle reiser er avlyste

- UiO har sett sentral beredskapsleiing

- Kulturhistorisk museum er stengt

- Naturhistorisk museum er stengt

- 20 medisinstudentar som har hatt undervisning på Sunnaas sykehus blei sett i karantene  i to veker frå og med måndag etter at to tilsette fekk påvist smitte

- 31 medisinstudentar  som har hatt praksis på Augeavdelinga på Ullevål sykehus har måtta halda seg heime i to veker. Dei har no vore i karantene i snart to veker. Augeavdelinga opnar igjen denne veka.

- 1 tilsett ved UiO er  snart ute av karantene

UiO sette opp dispensarar for handhygiene på heile universitetet

Alle studentar og tilsette dette vedgår vert varsla via epost eller sms.

Les også UiOs informasjonssider om koronaviruset

Kjelde: UiO

– Det trengst folk for å kunna halda Universitetet i Oslo stengt, konstaterer han overfor Uniforum.  

Frå i går kveld klokka 18.00 stengde UiO-leiinga alle universitetsbygningane for både tilsette og studentar som eit tiltak for å hindra spreiing av smitte frå koronaviruset.  Det skjedde etter pålegg frå regjeringa og helsestyresmaktene som i går bestemte at alle universitet, høgskular, skular og barnehagar skulle stengjast.  

Gårsdagens tiltak gjeld framleis

Arbeidsdagen til universitetsdirektøren begynte litt annleis i dag enn tidlegare i veka.

I dag tidleg hadde Arne Benjaminsen møte med heile beredskapsgruppa.   Han presiserer at dei same reglane som blei innførte på universitetet i går, også er gjeldande no.

  – Alle universitetsbygningane er stengde og all  tradisjonell undervisning er kansellert. Noko digital undervisning går føre seg allereie, og meir blir sett i gang etter kvart. Det blir lagt ut meir informasjon om dette straks det skjer noko nytt, slår han fast.  

– Arbeider for å halda hjula i gang

Og Arne Benjaminsen ber folk om å halda seg heime og arbeida for Universitetet i Oslo der.

– Så sjølv om bygningane til Universitetet i Oslo er stengde,  arbeider me alle saman for å halda hjula  i  gang på universitetet, seier han. 

Det kan likevel dukka opp situasjonar der tilsette må dukka opp  fysisk på universitetet.

– Ja, men dei skal berre møta opp etter avtale med næraste leiar, og då står dei sjølvsagt til disposisjon for Universitetet i Oslo.

– Vil leggja ut ny informasjon heile tida

Og dersom dei har behov for å koma inn på den faste arbeidsplassen sin, er det framleis mogleg.

– Dei kan koma seg inn ved å bruka tilsettekortet sitt på vanleg måte, fortel han.  Arne Benjaminsen ber også alle om å fylgja med på nettsidene til  UiO.

– Der vil me heile tida leggja ut ny informasjon både om digital undervisning og andre ting, seier han.

Les meir om tiltaka på UiOs informasjonssider om koronaviruset

 

 

Emneord: Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 13. mars 2020 12:30 - Sist endra 13. mars 2020 13:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere