Forsvarsministeren avlyste møte på UiO fordi han kan ha vore eksponert for koronaviruset

Forsvarsminister Frank Bakke Jensen avlyste møte på Universitetet i Oslo i dag fordi han kan ha  vore eksponert for  koronaviruset. 

Ein mann ser på ein soldat

AVLYST: Forsvarsminister Frank Bakke Jensen måtte avlysa møte på UiO etter truleg å ha vore eksponert for koronaviruset.

Foto: Forsvarsdepartementet

Forsvarsminister Frank Bakke Jensen har avlyst alle møte og besøk i næraste framtid  fordi han kan ha vore eksponert for koronaviruset. Etter planen skulle han ha halde ei open førelesing for studentane i statsvitskap på Blindern i dag kl. 13.30. Det samfunnsvitskaplege fakultetet fekk rett før møtet melding om at han likevel ikkje kunne stilla opp, får Uniforum opplyst. 

I ei pressemelding frå Forsvarsdepartementet heiter det fylgjande "Det er per nå en uavklart situasjon, og inntil mer informasjon foreligger så gjør statsråden og Forsvarsdepartementet forebyggende tiltak for å forhindre eventuell videresmitte."

 

 

Av Martin Toft
Publisert 10. mars 2020 14:53 - Sist endra 10. mars 2020 16:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere