Korona: Alle skular og barnehagar i Oslo vert stengde

Alle skular og barnehagar i Oslo vert stengde.  Det opplyste byrådsleiar Raymond Johansen på ein pressekonferanse i dag.

STENGJER SKULAR OG BARNEHAGAR: Byrådsleiar Raymond Johansen kunngjorde i dag at Oslo stengjer alle skular og barnehagar som eit tiltak mot spreiinga av koronaviruset.

Foto: Sturlason

Dermed må alle barn i Oslo halda seg heime. Mange foreldre må også vera heime saman med barna sine. Dermed må dei arbeida heimifrå. Universitetet i Oslo har allereie bede om at så mange tilsette som har høve til det om å bruka heimekontor.

Stengjer først ungdomsskular og vidaregåande skular

Oslo kommune stengjer ungdomsskular og vidaregåande skular frå og med i morgon, medan barneskular og barnehagar blir stengde frå måndag. Det opplyste byrådsleiar Raymond Johansen og byråd Inga Marte Thorkildsen i dag. Også mange av fritidstilboda i Oslo blir stengde.Stenginga gjeld førebels i to veker framover.

– Alle arrangement med over 50 personar vert forbodne i Oslo. Det sa byråd Robert Steen på pressekonferansen i ettermiddag.

Inn- og utreiser til Oslo bør også vurderast, både ferjetrafikken og flytrafikken til og frå Gardermoen, sa Raymond Johansen.  Han ber dei statlege styresmaktene setja i verk tiltak.

– I Oslo kjem det ikkje på tale å stengja alle butikkar utanom matbutikkar og apotek, slik Italia har gjort, seier Raymond Johansen til NRK.

Skular og barnehagar i heile landet kan bli stengde

Ifylgje NTB kjem statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie til å kunngjera at alle skular og barnehagar i heile Noreg skal stengjast. Det skal bli offisielt kunngjort på ein pressekonferanse klokka 14.00 i dag.

Pressekonferansen kan fylgjast her.

 

 

Emneord: Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 12. mars 2020 13:57 - Sist endra 12. mars 2020 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere