Sommarskulen krev engelsktest frå engelskspråklege søkjarar frå Afrika

Sommarskulen ved UiO krev at engelskspråklege studentar frå Afrika må ta engelsktesten TOEFL for å gå på eit seks veker langt kurs.

SOMMARSKULEN KREV ENGELSKSTEST: – Engelsk er offisielt språk i Gambia. Det er også undervisningspråket frå barnehage til universitet, slår doktorstipendiat Hassan Njie frå Gambia fast.. Medisinprofessor Johanne Sundby peikar på at språkkravet fører til at flere gode kandidater frå Gambia må gi opp draumen om å ta eit kurs i internasjonal helse.

Foto: Ola Gamst Sæther

 – Det kostar dei ein formue fordi dei må til nabolandet for å ta testen, seier doktorstipendiat Hassan Njie frå Gambia og medisinprofessor Johanne Sundby.

Begge er svært overraska og fortørna over at ein god kandidat frå Gambia som dei oppfordra til å søkja seg inn på eit seks veker langt kurs på Den internasjonale sommarskulen, no truleg må gi opp draumen om å ta eit kurs i internasjonal helse. Grunnen er kravet om at han også må ta TOEFL-testen for å kunna stadfesta at han kan skriva og snakka engelsk.

– Då må han dra til nabolandet Senegal, og det har han ikkje råd til, fortel Johanne Sundby ved Avdeling for samfunnsmedisin og global helse. Ho set også i styret for Den internasjonale sommarskulen ved UiO.

Doktorstipendiat Hassan Njie tykkjer også kravet er underleg.

– Engelsk er offisielt språk i Gambia. Det er også undervisningspråket frå barnehage til universitet, slår han fast.

Færre søkjarar frå Afrika og Sør-Asia

Også dei fleste engelskspråklege masterprogramma ved UiO krev at engelskspråklege studentar frå Afrika tar TOEFL-testen.

Fylgja blir at stadig færre studentar frå Afrika og Sør-Asia søkjer seg til Den internasjonale sommarskulen og til engelskspråklege masterutdanningar ved UiO.

Medisinprofessor Johanne Sundby er ikkje i tvil om grunnen.

– Finansieringa av dei er redusert. Me har ikkje lenger kvoteprogrammet og ikkje Norads stipendprogram. Andre institusjonelle stipend krev at studentane studerer i heimlanda sine. Dei studia som studentane ynskjer å gå på, finst ofte ikkje i heimlanda deira. I Gambia har du ikkje noko doktorprogram i helse eller helseøkonomi, slik Hassan Njie ville studera, seier ho og viser til doktorstipendiat Hassan Njie frå Gambia, som sit rett overfor henne på kontoret i Frederik Holsts hus.

–Så om han likevel vil ta ein ph-d. i helseøkonomi må han dra til ein annan stad. For Hassan Njie tok det frykteleg lang tid å koma hit, for det er ei frykteleg lang byråkratisk mølle, konstaterer ho.

Språkkrav skaper høgare hindringar

– Ein ting som har gjort hindringane endå høgare, er dei nyleg innførte språkkrava. Før kunne me på ulike måtar finnna ut kva språkkunnskapar søkjarane hadde, og me vil sjølvsagt ha søkjarar som både snakkar og skriv engelsk. Men kravet bør vera at dei har ein eksamen frå ein skule som underviser i engelsk, synest ho.

Johanne Sundby brukar seg sjølv som døme på ein person som stort sett held alle førelesingane sine på engelsk.

– Sjølv er eg professor ved Universitetet i Oslo og underviser på engelsk. Ingen har nokon gong spurt meg om eg kan bevisa at eg kan snakka engelsk. Eg har ikkje tatt ein einaste test som kan stadfesta det. Slike reglar gjeld altså ikkje for meg,. Tilfeldigvis har eg ein high school-eksamen frå USA, men det er ingen som har sjekka det, understrekar ho.

– Svært dyr

Johanne Sundby trekkjer fram at TOEFL-testen av mange vert rekna som uhilda og ikkje korrupt.

– Faktum er at den kan også vera korrupt, for me har opplevd studentar som har bestått den utan å kunna snakkka og skriva godt nok engelsk. Dessutan er den svært dyr. I Noreg har dei fleste råd til å betala for den, men i Gambia vert den for dyr for dei alle fleste, For dei vil det kosta to månadsløner berre å få utført den testen.

–Og nå må de også dra til eit naboland for å kunna ta den testen, doktorstipendiat Hassan Njie frå Gambia?

– Ja, tidlegare var det mogleg å dra til Ghana for å ta testen, og då måtte du ta fly.

Johanne Sundby viser til at det i praksis har vore umogleg å ta TOEFL-testen i dei vestafrikanske landa. Det vil seia at det først er kostnader med å koma til eksamensstaden før dei også må betala det som sjølve testen kostar. Hassan Njie forklarar kor komplisert det er.

–For å kunna få eit visum til Noreg, må søkjarar frå Gambia dra til eit visumsenter i Senegals hovudstad Dakar for å søkja om visum til Noreg. Då må du dra dit på ei lang bussreise. Og så må du betala for kostnadane med å senda visumsøknaden vidare til Noregs ambassade i Ghana. Når visumet er klart, må du dra tilbake til Dakar for å henta det. Til saman utgjer desse kostnadene ein formue. Derfor blir det superdyrt for ein vanleg student frå Gambia å få gjennomført den testen. seier han.  

Noreg åleine om språkkrav i Europa

Det som overraskar meg er at gambiarar drar både til Storbritannia og til USA for å studera. Ved nokre universitet i USA må dei ta ein test som heiter GRE. Dett er i hovudsak for å testa matematikkunnskapane dine, men ikkje språkkunnskapane dine sidan engelsk er offisielt språk i Gambia. Det er også undervisningspråket frå barnehage til universitet. Derfor er dei ikkje uroa for språkkunnskapane..

Noreg er det einaste landet i Europa som stiller så strenge krav. Det er underleg, tykkjer han. Så når eg fortel det til vennene mine, synest også dei det er underleg sidan engelsk er det språket med brukar heile tida, fortel han.

– Og du trengte heller ikkje ta ein TOEFL-test for å få doktorgradsstipend i Noreg?

 – Nei, absolutt ikkje. Dei spurte meg aldri om det. Og dei eksamenane som me tar i Afrika, var også på lista over godkjente eksamener hos NOKUT, fortel han.

 – Så når du har tatt desse ulike gradane ved eit universitet i Gambia, har du allereie bestått desse testane, legg Johanne Sundby til.

Både Den internasjonale sommarskulen og masterprogramma ved UiO krev likevel at alle søkjarar som kjem frå engelskspråklege land i Afrika skal ta TOEFL-testen, medan det ikkje er eit krav for dei som skal ta eit doktogradsstudium ved UiO.

– Og på opptaket til masterprogramma ser dei ikkje ein gong på søknaden din, så lenge du ikkje kan leggja ved ei stadfesting på at du har tatt TOEFL-testen, seier Johanne Sundby.

– Dette gjer det vanskeleg å få godt kvalifiserte studentar og gode folk frå Gambia til å ta til dømes eit seks veker langt kurs på Den internasjonale sommarskulen. Me ynskjer å ha både masterprogram, doktorgradsprogram og studia på Den internasjonale sommarskulen som reiskapar som kan brukast i forskingssamarbeidet me driv med Gambia, noko me har gjort i 25 år, fortel ho.

Johanne Sundby forstår ikkje kvifor det brått har blitt så restriktivt når det gjeld kven som kan koma inn på Sommarskulen.

– Nei det gjer eg ikkje.

Det gjer heller ikkje Hassan Njie som ber Universitetet i Oslo å plukka ut folk på andre måtar. – Det er greit at dei krev TOEFL-test frå søkjarar som kjem frå land som ikkje er engelskspråklege. Når det gjeld folk frå Gambia, bør det heller sjå på kva som er deira historiske erfaring med dei. Hadde dei vanskar med dei gambiske studentane som kom hit først? Slik sett kunne dei ha fått ein del referansar som kunne ha vore med på å bestemma opptaksrutinane.

– Me har aldri hatt språkproblem med gambiarane, peikar Sundby på. 

– Det er nokre få frå Asia som har kome med falske vitnemål om at dei har tatt testen. Kanskje 1 av 100. Uansett så lærer dei seg godt engelsk når all undervisning og samtale går føre seg på engelsk, konstaterer ho.

– Om me skal kunna få over dei personane som er godt kvalifiserte, og som me vil samarbeida med, må dei få høve til å søkja på både sommarskulen og på masterstudia. Det er ikkje bra viss det blir ein strukturell diskriminering, seier ho.

– Så det vil seia at det eigentleg kan vera enklare for franskspråklege i Afrika å ta ein TOEFL-test fordi dei kan gjera det i heimlandet sitt?

– Ja, svarar Hassan Njie.

– Dei kan berre gå rett inn på TOEFL-kontoret i Senegals hovudstad Dakar og ta testen der.

– Har lært opp mellom 15 og 20 gambiarar

Og den kandidaten som de gjerne ville ha hit, er han godt kvalifisert?

– Han har ein mastergrad frå eit internasjonalt engelskspråkleg program og har studert samfunnshelse og arbeider som helsekoordinator for sjukepleiarar og jordmødrer i ein provins i Gambia. Så eg plukka han ut nettopp fordi eg tenkte på kandidatar som kunne ha fordelar av eit slikt opphald.

Johanne Sundby peikar på at Avdeling for samfunnsmedisin og global helse allereie har god erfaring i å samarbeida med Gambia.

– Me har lært opp mellom 15 og 20 gambiarar ved instituttet. Alle arbeider i dag i helsetenesta i Gambia, unntaket er to personar som arbeider for FN. Det er absolutt kapasitet til å betra helsetenestene i Gambia.

Hassan Njie trekkjer også inn dei politiske forholda i Gambia.

– Eg kan forstå at dei norske styresmaktene ikkje ynskte å støtta opp om det tidlegare regimet som ikkje førte ein politikk som respekterte menneskerettar og demokrati og dei andre verdiane Noreg står for. Men no har me fått eit nytt politisk system som arbeider for demokrati og godt styresett og for å styrkja og betra menneskerettane i Gambia. Så dette er eit godt høve til å sparka i gang eit godt forhold mellom Noreg og det nye politiske styret i Gambia. Og universiteta våre treng også eit program for å få tilsett fleire forskarar frå Gambia. I dag er mange av dei vitskaplege tilsette frå Etiopia. Mange av dei faglege leiarane er frå Etiopia. Eg kjenner dei ikkje så veldig godt personleg, men eg vil tru at nokre av dei også har fått utdanninga si frå Noreg.

Føreslår nettbasert engelsktest

Og Johanne Sundby og Hassan Njie håpar at Universitetet i Oslo på eit eller anna vis, kan ta i bruk andre vurderingar enn TOEFL-testen for å finna ut om engelskspråklege studentar frå Afrika er gode nok i engelsk.

– Faktum er at nesten alle er langt flinkare i akademisk engelsk enn det dei norske studentane er, slår Johanne Sundby fast.

– TOEFL-testen er blitt ein forretningsidé som nokon tener mykje pengar på. Det hadde vore langt betre om universiteta kunne organisert ein nettbasert engelsktest. Det skulle ikkje vera så vanskeleg å få til, trur ho.

Hassan Njie er heilt einig.

– Ja, det hadde vore mogleg å bruka Skype også.

– Må møta fastsette opptakskrav

Uniforum har tatt kontakt med direktør Nita Kapoor på Den internasjonale sommarskulen ved UiO. Ho peikar på at sommarskulen fylgjer dei same opptakskrava som er sett av UiO sentralt  og viser til opptakssidene. Der vert det kravd dokumentasjon av gode nok engelskkunnskapar.

MÅ MØTA OPPTAKSKRAV: – For å kunna ta eksamen og evt. få tildelt ECTS, må ein altså møta dei fastsette opptakskrava, opplyser direktør Nita Kapoor  på Den internasjonale sommarskulen, UiO. (Foto:Ola Sæther)

– Kurs på sommarskulen er studiepoenggivande, og for å kunna ta eksamen og evt. få tildelt ECTS, må ein altså møta dei fastsette opptakskrava. Av det me kan sjå frå nettsida til TOEFL, er det mogleg å ta testen i Gambia, går det fram av ein epost frå Nita Kapoor.  Ho kjenner heller ikkje til om det er endringar på gang.

«Så vidt meg bekjent, gjør UiOs fagorgan på akkreditering og innpassing av utenlandsk utdanning kontinuerlig vurdering av kravene, men hvorvidt det er planlagt nye endringer i listen over land som blir unntatt engelsktest, kjenner jeg ikke til,» skriv Nita Kapoor.

Ingen krav om engelsktest for søkjarar frå Gambia

Uniforum tar derfor kontakt med NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning) for å høyra korleis språkkrava er for personar frå Gambia som søkjer seg inn på studium i Noreg. 

Kommunikasjonsrådgjevar Kristian Bergh  viser til at fagfolka understrekar at NOKUT ikkje har mandat til å fastsetja kva opptakskrav Den internasjonale sommarskulen ved UiO skal ha, heller ikkje når det gjeld krav til engelskkunnskapar. Bergh peikar derimot på at det er ingen krav til at gambiske søkjarar skal ta engelsktesten på GSU-lista. Den lista er bindande ved opptak til høgare utdanning. 

Hos Samordna opptak går det fram at søkjarar frå Gambia har dekt kravet til engelsk om dei har bestått eksamen «på Senior school certificate eller på GCE, Ordinary eller Advanced level».

Med bakgrunn i desse opplysningane tar Uniforum på nytt kontakt med direktør Nita Kapoor i Den internasjonale sommarskulen. Ho understrekar at Sommarskulen ikkje bestemmer opptakskrava, og at Uniforum i dette tilfellet bør ta kontakt med avdelingsdirektør Hanna Ekeli i Studieavdelinga som fastset opptakskrava for alle masteremna ved UiO.

UiO har ikkje unntak for engelskkrav for søkjarar frå Gambia

Avdelingsdirektør Hanne Ekeli i Avdeling for studieadminstrasjon på UiO gir Nita Kapoor rett i at Gambia er mellom landa der søkjarane får krav om at dei må ta TOEFL-testen for å kunna koma inn på engelskspråklege masteremne på Den internasjonale sommarskulen eller  andre delar av UiO. Ho viser først til lista over land og kva som vert kravd av testar frå søkjarar frå ulike land. 

– I GSU-lista er det blant anna fastsett krav for dekking av engelsk for generell studiekompetanse, som gjeld for opptak til grunnutdanningar. Ved opptak til engelskspråklege masterprogram og –emne ved UiO er det eit skjerpa krav. Her er det karakterkrav i engelsk for norske/nordiske søkere, kravet til resultat på engelskttest er høgare, og det vert  kravd dokumentasjon i form av test frå mange fleire land enn ved vurdering for generell studiekompetanse, forklarar ho.

Hanna Ekeli viser til at det er mange ting som spelar inn når desse krava blir fastsette. 

– Det har blant anna vore sett på gjennomføringsdata i samanheng med engelsknivå for ulike søkjargrupper. Det er også viktig at det skal vera oversiktleg og enkelt å gi informasjon og vurdera søkjarar,  seier ho. 

Hanna Ekeli nemner også kravet til søkjarar frå Gambia. 

– Søkjarar frå Gambia må dokumentera ein engelskest for opptak til masterprogram og –emne på UiO. Etter det me kjenner til er det no mogleg å ta ein TOEFL-test i Gambia, fortel Hanna Ekeli. 

Ho viser også til lista over kva land som får unntak frå dei strenge krava til engelskstestar.  Der står ikkje Gambia. Det einaste landet i Afrika som får unntak er Sør-Afrika. Søkjarar frå andre land som får det er mellom andre Trinidad/Tobago, Jamaica, Fiji, Singapore, Hongkong og Guyana. Dei har til felles at dei har blitt styrte av Storbritannia. På lista står også engelskspråklege land som USA, Canada, Storbritannia og Irland.  Det gjer også dei nordiske landa. Men Gambia vert altså ikkje unntatt frå kravet om engelsktest, sjølv om også det landet har vore ei koloni under den britiske trona til liks med Jamaica, Trinidad/Tobago, Guyana og Hongkong. 


 

Emneord: Gambia, Afrika, Den internasjonale sommerskole, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 10. feb. 2020 04:30 - Sist endra 10. feb. 2020 10:25

Betyr dette at studenter fra Gambia til sommerskolen som bare skal ta bacheloremner oppfyller engelskkravet i hht GSU-lista mens de som skal ta emner på masternivå er underlagt "skjerpede krav" og derfor ikke får opptak?

Bjarne Skov - 10. feb. 2020 16:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere