Barn lærer å laga meksikanske fantasidyr i Historisk museum

Kunstnaren Oscar Becerra Mora er berømt for å laga fantasidyr frå Mexico. No i vinterferien held han kurs for barn i Kulturhistorisk museum på UiO.

Ein mann underviser barn i å laga meksikanske fantasidyr

FANTASIDYR: Kunstnaren Oscar Becerro Mora viser barna i Historisk museum korleis dei skal laga meksikanske fantasidyr, også kjende som alebrijes.

Foto: Ola Gamst Sæther

I foredragssalen i tredje etasje i Historisk muserum er rundt 20 barn med og utan foreldre djupt konsentrerte med å klippa og lima pappmasjé. Dei skal laga meksikanske fantasifigurar eller «alebrijes», som også er blitt verdskjende gjennom animasjonsfilmen «Coco.»

– Veldig gøy!

Ei av dei Uniforum møter er Dagny Viesselman.

– Dette er veldig gøy. Og å laga skulpturar er det aller kjekkaste, seier ho, medan ho klipper og limer ivrig.

– Eg skal laga ein rar fantasifisk, avslører ho.

Ei jente sit og arbeider med å laga eit fantasidyr med papir og lim
FANTASIFISK: Dagny Viesselman er i ferd med å laga ein fantastisk fantasifisk av pappmaché. (Foto: Ola Sæther)

Dagny Viesselman fortel gjerne om korleis ho fekk vita om dette kurset.

– Tanta mi er veldig glad i Mexico, så eg visste ein del om det frå før. Men den første gongen eg såg dei meksikanske fantasifigurane var i filmen «Coco», fortel ho. Veslesystera hennar, Petra, er også med på kurset.

– Eg skal laga ein flygefisk, seier ho. Begge er einige i at dette er gøy.

– Det er endå kjekkare enn å gå på skulen.

– Ein draum

Kunstnaren sjølv, Oscar Becerra Mora, går frå barn til barn for å instruera dei i korleis dei sjølve kan bruka eigne idear for å laga sine personlege fantasifigurar. Og han fortel korleis denne kunstforma blei til.

–Dei oppstod eigentleg som ein draum hos kunstnaren Pedro Linares på 1930-talet. Han såg føre seg fleire fantastiske figuarar og begynte å laga dei med papir som materiale. Han blei også inspirert av påskefeiringa i Mexico og folk begynte å bruka figuarane hans der. Men det viktigaste var truleg at han fekk god kontakt med kjente meksikanske kunstnarar, mellom dei, Diego Rivera. Ein av kunstnarane gav han i oppdrag å laga endå meir fantasifulle figurar, sjølv om dei ikkje var like fantastiske og fargerike som dei som vert laga i dag. Alebrije er altså eit fantasidyr. fortel han.

FANTASIEN ER GLOBAL:  – Barna vert tiltrekte av fantasien over heile verda. Det gjeld også for mange vaksne. For det fantastiske det finst det element av i alle kulturar, seier den meksikanske kunstnaren og sosialantropologen Oscar Becerra Mora. Denne veka held han kurs i å laga meksikanske fantasidyr. (Foto: Ola Sæther)

– Barn vert tiltrekte av fantasien

Oscar Becerra Mora har laga svære fantasidyr som har stått på flyplassane i Denver og Seattle i USA. Han har også vore på eit lengre opphald ved det polske etnografiske museet i Warzawa. No skal han vera i Oslo fram til byrjinga av mars etter invitasjon frå Mexicos ambassade i Noreg. Dei kom med eit tilbod til Kulturhistorisk museum om å lata han få halda eit kurs i å laga meksikanske fantasidyr eller alebrijes. Kunstaren er godt nøgd med responsen frå barna.

 – Barna vert tiltrekte av fantasien over heile verda. Det gjeld også for mange vaksne. For det fantastiske det finst det element av i alle kulturar. Før eg kom hit, las eg om myter og historier i den nordiske kulturen. Det viser seg at heile verda har delar av dei same fantasiane. Så dei er eigentleg ein del av det sambandet me har oss menneske i mellom, reflekterer han.

– Dei passar på deg

Ei av dei vaksne som har med seg sonen sin på kurset, er Nadia Zamarron. Ho er leiar for Meksikansk kultur- og kunstforening (MEKKU) i Noreg. Ho synest dette er ein fin måte å visa fram den meksikanske kulturen på.

FIN MÅTE: Nadia Zamarron er leiar for Meksikansk kunst- og kulturforening i Noreg og synest dette kurset er ein fin måte å visa fram meksikansk kultur på. (Foto: Ola Sæther)

– Alebrijes er på mange måtar ein fantasifigur som alle har, ein slags englar. Dei passar på deg og til slutt guidar dei deg fram til dødsriket, seier ho. Og figurarane skil seg ut frå kvar dei kjem frå i Mexico.

– I staden som eg kjem frå, Oaxaca, har kvar landsby sine eigne tradisjonelle fantasifigurar, fortel ho.  

Kunne visa fram meksikansk kultur til barn

Etter kvart dukkar også Mexicos kulturattaché i Noreg, Ernesto Malda opp. Han synest dette er ei positiv kulturoppleving.  

– Vanlegvis står me bak arrangement av tradisjonell meksikansk kultur for vaksne. Den meksikanske kulturen har mange ting som barn likar. Og då me høyrde at mange barn har vinterferie, men likevel blir verande i byen, tenkte me at me kunne få vist fram meksikansk kultur til barn på denne måten. Og me fekk vita at nokre av barna også kom frå familiar med dårleg råd, så derfor bestemte me saman med museet at kurset skulle vera nesten gratis, seier Ernesto Malda.

Eit meksiknask fantasidyr eller alibrijes
SISTE KUNSTVERK:  Det siste meksikanske fantasidyret Oscar Becerra Mora har laga, er inspirert av nordisk kultur og myter. (Foto: Ola Sæther)

– Stor oppslutning

Samarbeidspartnaren hans på Kulturhistorisk museum har vore mangfaldskurator Tone Cecilie Simensen Karlgård.

– Eg synest det er viktig å visa fram meksikansk kultur på denne måten. I USA høyrer me i dag om barn som vert mobba fordi dei har bakgrunn frå Mexico. Mange meiner det er eit resultat av president Donald Trumps prosjekt om å byggja ein mur som skal hindra at folk frå Mexico tar seg over til USA, seier ho.

Og Simensen Karlgård er godt nøgd med kurset.

– Det er flott at det har fått så så stor opplutning. Kurset var fullteikna ei veke etter at me annonserte det, fortel ho.

Og ho trekkjer fram samarbeidet med Mexicos ambassade.

– Det kom i stand i samband med markeringa av Dei dødes dag, som me har arrangert her kvar år i 19 år. I fjor haust føreslo kulturattaché Ernesto Malda at me kunne få til eit kurs i å laga meksikanske fantasifigurar også.

Kulturhistorisk museum har kurs i å laga meksikanske fantasidyr fire dagar denne veka. I morgon blir den siste dagen. Og det er framleis nokre plassar igjen. No håpar Tone Simensen Karlgård at museet også kan få sin eigen fantasifigur.

– Ja, Oscar Becerra Mora skal laga ein til oss. Me har enno ikkje bestemt kor stor den skal bli, seier ho.

 

Les meir om kurset i å laga alebrijes

 

 

 

 

 

Emneord: Mexico, Kunst, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 20. feb. 2020 12:53 - Sist endra 20. feb. 2020 12:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere