UiO-prosjekt får millionar til å forska på natur og sivilsamfunn i Norden

To forskingsprosjekt ved Universitetet i Oslo får millionar for å finna meir ut om Norden og forholdet til naturen og kva rolle sivilsamfunnet har spelt i utviklinga av den nordiske samfunnsmodellen.

Stortinget med nordiske flagg blafrande utanfor

NORDISK RÅD: Nordiske flagg heng utanfor Stortinget medan Nordisk råd har møte innanfor.  (Arkivfoto) 

Foto: Magnus Fröderberg/norden.org

Det er styret for forskingssatsinga UiO: Norden som har bestemt at dei to forskingsprosjekta får fleire millionar kvar ut 2022 for å forska på ulike sider av Norden. 

Det første prosjektet har temaet:  "The Ambivalence of Nordic Nature: Gift, Guilt, Grace" og blir leia av teologiprofessor Marius Timman Mjaaland ved TF, medan det andre prosjektet har temaet  "Nordic Civil Societies" og vert leia av førsteamanuensis Sunniva  Engh ved Institutt for arkeologi, konservering, historie (IAKH) på Det humanistiske fakultetet.

Då Uniforum tar kontakt med Marius Timman Mjaaland, har teologiprofessoren akkurat fått vita det glade nyhendet. Og han er svært nøgd.

– Det er svært gledeleg, skriv han i ein epost til Uniforum.

– Skam og skuld

Han fortel gjerne meir om kva forskingsprosjektet han skal leia, skal finna ut:

– Prosjektet fokuserer på det nordiske naturomgrepet, som på den eine sida er prega av ei nærmast romantisk førestilling om naturen som gåve og harmonisk opphav, ei opphavleg  tilhøyrsle med alt levande, men på den andre sida og i lys av den økologiske krisa er prega  av skam og skuld, slik me  ser i uttrykk som flyskam og unge menneske si erfaring av skuld, sinne og opprør mot overforbruk og forureining, fortel Marius Timman Mjaaland.

Greta Thunbergs skulestreik for klimaet

Og kanskje ikkje heilt uventa trekkjer han inn ei verdsberømt svensk jente på 16 år, når han skal forklara dette endå grundigare.

– Ambivalensen i forhold til naturen har det siste året fått eit eksemplarisk uttrykk i Greta Thunbergs skulestreik for klimaet som på kort tid spreidde seg over store delar av verda i form av demonstrasjonane Fridays for Future. Utgangspunktet vårt er at sjølv om krisa er global, så har den samtidig avdekt ein ambivalens i forhold til naturen som er typisk nordisk – karakterisert av destruksjon og verdsetjing, gåve og skuld, seier han.

 I hovudsak har prosjektet tyngdepunktet innanfor humaniora og samfunnsfag.  Men dei har også fått med seg biologiprofessor Dag Olav Hessen. Dei andre fagmiljøa som er representerte er filosofi og psykologi, litteratur og teologi.  Både Marius Timman Mjaaland og Dag Olav Hessen tilhøyrer kjernegruppa på fem forskarar. Dei tre andre er Elisabeth Oxfeldt frå Institutt for lingvistikk og nordiske studiar, professor Ole Jacob Madsen ved Psykologisk institutt og professor Arne Johan Vetlesen frå Institutt for filosofi, idé og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK).

Vil utfordra etablerte forteljingar om Norden

Førsteamanuensis Sunniva Engh ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) er også svært nøgd med at prosjektet ho leier har fått tildelt millionar frå UiO­: Norden for å få finansiert forsking på det nordiske sivilsamfunnet dei komande tre åra. Ho ser på dette som ei viktig forsking.  

– Me ynskjer å bidra til forståinga av ideane om Norden og den nordiske samfunnsmodellen gjennom å sjå på sivilsamfunnet si sentrale rolle og kva det har hatt å seia, i eit lengre historisk og transnasjonalt perspektiv. Me ynskjer å bidra til å utfordra etablerte forteljingar om Norden og det nordiske, omtalar ho prosjektet i ein epost til Uniforum.  

Skal gi auka innsikt i ideane om det nordiske

Men ambisjonane går langt vidare enn det.  Og dei vil også gå utanfor dei nordiske landa for å sjå kva som kan vera typisk nordiske trekk.

– Det nye tverrfaglege UiO:Norden-prosjektet Sivilsamfunn i Norden vil studera utviklinga av sivilsamfunn både i og utanfor dei nordiske landa fra 1800 til i dag. Gjennom å bruka sivilsamfunnet som eit prisme, vil prosjektet utforska korleis globale, transnasjonale og regionale interaksjonar har forma ideane om Norden og den ‘nordiske samfunnsmodellen’ over tid, forklarar ho i ein epost til Uniforum. Og Sunniva Engh trur studiet av sivilsamfunnet kan gi nye perspektiv på kva praksisar som er blitt sette på som nordiske. 

– Studiet av sivilsamfunnet, som ein sfære mellom staten, marknaden og det private, opnar opp for nye perspektiv på politiske, sosiale og kulturelle idear og praksisar som er blitt oppfatta som særleg nordiske. Gjennom ein historisk, transnasjonal og komparativ undersøking ynskjer prosjektet å gi auka innsikt i korleis ideane om Norden og den ‘nordiske modellen’ både er relasjonelle og konstruerte, og at dei vert endra over tid, fortel ho.

Nasjonalt, regionalt og globalt nivå

Sunniva Engh viser også korleis forskingsprosjektet skal delast inn i tre delprosjekt.  Dei er alle knytte til tre pilarar som forskarane skal sjå nærmare på, den første handlar om forholdet mellom stat og sivilsamfunnet på nasjonalt nivå, den andre om det nordiske, transnasjonale, sivile samarbeidet og utvekslinga på regionalt nivå og den tredje pilaren tar opp internasjonal påverknad og nordisk engasjement på globalt nivå.

– Delprosjekta vil sjå nærare på korleis Norden og den nordiske modellen både som normative omgrep og erfart praksis, er blitt forma av globale, transnasjonale og regionale erfaringar og utvekslingar, fortel ho.

30 forskarar deltar

Trass i at prosjektet handlar om Norden, deltar det også forskarar frå land utanfor Norden. Til saman er over 30 forskarar frå ulike fagdisiplinar frå Universitetet i Oslo, og universitet i Danmark, Sverige, Finland, Nederland og Storbritannia engasjerte.  

Prosjektet har hovudkvarteret ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) ved UiO. Men også Senter for utvikling og miljø (SUM) og Institutt for offentleg rett ved Det juridiske fakultetet er med.  Med på laget har dei også tre eksterne forskingsinstitusjonar. Det er Copenhagen Business School (CBS), Helsingfors universitet og Universitetet i Amsterdam.  Førsteamanuensis Sunniva Engh frå IAHK leiar prosjektet, men i prosjektleiinga har ho også med seg førsteamanuensis Klaus Nathaus (IAKH) og forskar Ruth Hemstad frå Nasjonalbiblioteket og IAKH).

 

Emneord: Norden, Sverige, Danmark, Finland, Island Av Martin Toft
Publisert 27. jan. 2020 04:30 - Sist endra 27. jan. 2020 09:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere