Tore Slaatta vil verta ARENA-direktør

Tore Slaata (62) er blant søkjarane til den ledige stillinga som ny direktør for ARENA Senter for europa-forsking ved UiO. Ti menn og ei kvinne  har søkt jobben.

Ein mann med briller står oppreist.

VIL BLI DIREKTØR FOR ARENA: Tidlegare professor i medievitskap ved UiO, Tore Slaatta er ein av dei elleve søkjarane til stillinga som ny direktør for ARENA Senter for europaforsking ved UiO. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Førstkomande måndag får me vita kven som truleg blir tilsett som ny direktør for ARENA Senter for europaforsking ved Universitetet i Oslo og overtar etter Erik Oddvar Eriksen. Då vil styret for ARENA bestemma seg for kven av søkjarane dei vil innstilla som kandidat overfor fakultetsstyret ved SV.  

Blant dei mest kjende søkjarane er Tore Slaatta, som i 2015 slutta som professor i medievitskap på UiO  for å bli generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Der blei han i rundt tre år, før han fekk permisjon for å skriva bok.  I 2018 søkte Tore Slaatta også stillinga som kommunikasjonsdirektør ved UiO.

Ein annan av søkjarane, professor Bernt Sofus Tranøy ved Høgskolen i Innlandet og Høyskolen Kristiania har også ei fortid ved UiO. Han har doktorgrad frå UiO, men er også gjesteforskar ved ARENA. 

Ei kvinne har søkt

Den einaste kvinna som har søkt jobben, er Kathleen Jennings, som i dag er leiar for seksjon for forsking og utvikling på SV-fakultetet ved OsloMet.  

Professor Daniel Naurin frå senteret for framifrå forsking PluriCourts, er den einaste av dei offentlege kjende søkjarane som i dag arbeider fast ved UiO. Ein annan av søkjarane, Maximilian Conrad, er professor i statsvitskap ved Universitetet på Island. Endå ein søkjar, Kjetil Jakobsen er historieprofessor ved Nord universitet i Bodø.

To av søkjarane, begge menn, vil ikkje ha namnet sitt offentleggjort.

Skal avgjerast på ekstraordinært møte

Det er det avgåande styret for ARENA som skal ta den endelege avgjerda om innstillinga  i eit ekstraordinært møte førstkomande måndag. Det har fått forlengja funksjonstida si av fakultetsstyret ved SV-fakultetet slik at det får det siste ordet når det gjeld kven som skal innstillast som kandidat  til direktørstillinga. Deretter vil det nye styret for ARENA  koma på plass.  Det er den avgåtte SV-dekanen Nils-Henrik von der Fehr og styreleiar for ARENA, Magnus Gulbrandsen som har leia tilsetjingsprosessen frå fakultetet.

I sakspapira går det også fram at noverande ARENA-direktør Erik Oddvar Eriksen har sagt seg villig til å halda fram i stillinga til den nye direktøren er på plass. Det er fakutetsstyret som til slutt formelt gjer den endelege tilsetjinga seinare i januar.

 

Dette er den fullstendige søkjarlista:

1. Hailemariam Andarge 38 No employment Akershus,mann

2. Thorbjorn Gaarder 64 Chief credit officer Oslo, mann

3. Søker er unntatt offentlighet, mann

4. Søker er unntatt offentlighet, mann

5. Kathleen Jennings 43 Head of Section for Research and Development, Faculty of Social Sciences, OsloMet -- Oslo Metropolitan University Oslo,kvinne

6. Daniel Naurin 49 Research Professor and Coordinator in political science at PluriCourts Oslo,mann

7. Kjetil Jakobsen 54,professor i historie, Nord universitet, Bodø Oslo,mann

8. Søknad trukket, mann

9. Tore Slaatta 62, professor, Dr. polit Oslo, mann

10. Maximilian Conrad 44, professor, Kópavogur, mann

11. Bent Sofus Tranøy 58, professor, Bærum, mann

Emneord: ARENA, EU, SV-fakultetet Av Martin Toft
Publisert 2. jan. 2020 17:02 - Sist endra 3. jan. 2020 10:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere