UiO får fem av sju europeiske toppstipend til yngre forskarar i Noreg

UiO får fem av dei sju europeiske toppstipenda ERC Starting Grants som er tildelt yngre forskarar ved norske universitet.  Ingrid Lossius Falkum  er ein av dei fem som får det prestisjetunge forskingsstipendet.

FÅR TOPPSTIPEND: Ingrid Lossius Falkum er ein av dei fem UiO-forskarane som får tildelt eit Starting Grant-stipend frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).

Foto: Ola Sæther

No klokka 12.00 blei det kjent at Universitetet i Oslo får fem av dei sju europeiske toppstipenda ERC Starting Grants som er tildelt yngre forskarar i Noreg.  Alle dei fem UiO-forskarane tilhøyrer Det humanistiske og samfunnvitskaplege fagmiljøet og tre av dei fem er kvinner. 

Rektor Svein Stølen er svært nøgd:

– ERC-tildelingane handlar om kvalitet og viser at UiO har mange yngre forskere i forskingstoppen i Europa. Det handlar om kvalitet og viser at UiO er gode. Og det er veldig viktig at med deltar på Europa-arenaen, slår han fast. Stølen viser til at det ikkje er første gong gjer det så godt under tildelinga av stipenda frå ERC (Det europeiske forskingsrådet).  – I fjor fekk med seks Starting Grants og då kom UiO på tiandeplass av dei europeiske universiteta som fekk desse stipenda.  Dette viser at me har gode yngre fagfolk som me skal byggja framtida vår på, understrekar Svein Stølen overfor Uniforum.

Både Det humanistiske fakultet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet får tildelt to prosjekt kvar, medan Det juridiske fakultetet får eitt av forskarstipenda som ber namnet Starting Grants.

 

Dette er dei to prosjekta ved SV-fakultetet:
 

Forskar Are Skeie Hermansen ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi vil i prosjektet OrgMIGRANT studere økonomisk integrasjon av innvandrararane  og  etterkommarane deira frå eit organisasjonsperspektiv. Prosjektet skal undersøkja segregasjon mellom arbeidsplassar og ulikska  i organisasjonar ved bruk av detaljerte data frå Noreg og utvalde andre land i Vest-Europa og Nord-Amerika. https://www.sv.uio.no/iss/personer/vit/aresh/

Førsteamanuensis Elisabeth Schober ved Sosialantropologisk institutt skal i prosjektet PORTS utforska hamnene som økonomisk front mellom den enkelte by og det globale havet. Både det lokale og det globale er fokus for PORTS. Schober vil undersøkja kva dagliee prosessar som held denne livsnødvendige og verdsomspennande flyten gåande. Ho ynskjer også å svara på korleis dei maritime arbeidarane opplever den globaliserte handelen, kappløpet mot botnen og den aukande automatiseringa. https://www.sv.uio.no/sai/personer/vit/schober/index.html

 

Dette er dei to prosjekta ved Det humanistiske fakultetet:  

 

Bodhisattva Chattopadhyay  får stipendet til prosjektet «CoFutures: Pathways to Possible Presents» som  tar utgangspunkt i fiksjonsforteljingar om framtida.  Framtidsfiksjon set  lesaren i stand til å spekulera, sjå for seg, og i nokre  tilfeller føresjå moglege  framtider: framtidige samfunn, teknologiar og kunnskap.  Det kan setja  oss i stand til å endra, utvikla og tilpassa samtiden mot ei mer ynskeleg  framtid, og stilla  spørsmål ved spenningar og konfliktar i notida. Prosjektet sitt  mål er å formulera  ny teori for korleis foøestillingar om framtida endrar notida.

Ingrid Lossius Falkum med prosjektet «The Developing Communicator: Pragmatics, Sense Conventions and Non-Literal Uses of Language » (DEVCOM) skal visa kva stadier og faktorar  som bidrar til barn si pragmatikkutvikling, det vil seia  evna  til å forstå talarar sine hensikter.  DEVCOM kombinerer innsikter frå lingvistikk, filosofi og psykologi.

– Prosjektet har som mål å gi nye teoretiske innsikter om utviklinga  av våre kommunikasjonsferdigheiter, med vidtrekkende bruksretta  implikasjonar blant annet for språktileigning, læring og utdanning, forklarar Ingrid Lossius Falkum i ei pressemelding frå UiO.
 

 

Dette er prosjektet ved Det juridiske fakultetet:
 

Maja Janmyr er tildelt ERC-midler for prosjektet BEYOND som revurderer fullstendig innverknaden av internasjonal flyktningrett i ei tid når vern  av flyktningar blir stadig meir politisert og mange politiske aktørar stiller spørsmål ved den vidare relevansen av FNs flyktningkonvensjon.  Prosjektet er det første til å utvikla eit heilt nytt globalt og teoretisk rammeverk for å forstå posisjonen og oppførselen til dei mange statane som ikkje har ratifisert FNs flyktningkonvensjon - men som likevel er vertskap for nokre  av vår tids største flyktningerupper. Her tenkjer me til dømes på land som Libanon, Bangladesh og Pakistan. Kunnskapen me får av å empirisk studera  desse tilfella  er viktige ikkje berre for å utvikla ein  mer effektiv global flyktningerett, men også for å få ei djupare innsikt i korleis internasjonale konvensjonar - og folkeretten for øvrig - faktisk verkar. Prosjektet sitt  fulle navn er: “Protection without Ratification? International Refugee Law beyond States Parties to the 1951 Refugee Convention”., står det i ein omtale av prosjektet som Universitetet i Oslo har skrive.

Alle tildelingane av ERC Starting Grants vert det informerte om på ein eigen nettportal frå ERC.

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Forskning, ERC Av Martin Toft
Publisert 3. sep. 2019 12:07 - Sist endra 3. sep. 2019 12:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere