To kvinner vil kjempa om dekanvervet på Det juridiske fakultetet

Ragnhild Hennum og Trine-Lise Wilhelmsen stiller som dekankandidatar ved Det juridiske fakultetet. Det er truleg både første gong det blir eit reelt dekanval og første gong ei kvinne blir vald som jusdekan.

DEKANKANDIDATAR: Jusprofessorane Trine-Lise Wilhelmsen (t.v.) og Ragnhild Helene Hennum stiller begge som kandidatar under dekanvalet ved Det juridiske fakultetet denne hausten. 

Foto: UiO og Ola Sæther

Jusprofessorane Ragnhild Helene Hennum og Trine-Lise Wilhelmsen har begge sagt ja til å stilla mot kvarandre i dekanvalet ved Det juridiske fakultetet denne hausten. Det stadfestar begge to overfor Uniforum. Ragnhild Hennum er professor ved Institutt for offentleg rett, og har fartstid som tidlegare rektor Ole Petter Ottersens prorektor frå 2014 til 2017. Trine-Lise Wilhelmsen er professor ved Nordisk institutt for sjørett.  

- Erfaring både sentralt og lokalt

Ragnhild Hennum er sikker på at ho har mykje å gi som dekan. – Eg har lyst til å vera med i vidareutviklinga av Det juridiske fakultetet. Og eg har god erfaring både lokalt og sentralt, seier ho til Uniforum.  Ho trekkjer også fram ein annan ting.

 – Eg er glad i universitetet og i fakultetet og no vil eg bidra til å gjera fakultetet endå betre, seier ho.  – Det juridiske fakultetet gjer det stadig godt på alle internasjonale rangeringar, understrekar ho.

– Fleire varierte undervisningsformer

Hennum synest heile fakultetet er inne på ei god bylgje.

– Det produserer både mykje god forsking og god undervisning, Me har også mange fine studentar, men me ynskjer å ha fleire varierte undervisningsformer, varslar ho. Resten av valplattforma vil ho ikkje fortelja meir om, før den er offisielt kunngjort seinare i dag.

Med seg på dekanlaget sitt har ho professor Tarjei Bekkedal ved Senter for europarett som studiedekankandidat, medan professor Vibeke Blaker Strand ved Institutt for offentleg rett er forskingsdekankandidat. 

Vil ha fram kvinnene 

Trine-Lise Wilhelmsen er professor ved Nordisk institutt for sjørett.  Ho peikar på fleire grunnar til at ho seier ja til å bli dekankandidat ved Det juridiske fakultetet. 

– Det har aldri vore ein kvinneleg dekan på Det juridiske fakultet, og det er viktig at me får ein no. Derfor takka eg ja då eg blei spurt om å stilla, men no stiller det to kvinnelege kandidatar, seier ho til Uniforum.  Wilhelmsen trekkjer fram endå eit argument. 

– Det formuerettslege miljøet på Institutt for privatrett og Nordisk institutt for sjørett  (NIFS) har aldri hatt nokon kvinneleg representant i dekanatet. Det er ein hovudgrunn til at eg stiller i konkurranse med Ragnhild Hennum, fortel ho. 

– Eg har 11 års erfaring som instituttleiarr ved NIFS  og meiner eg har noko å tilføra fakultetet med omsyn til leiingsfilosofi og samarbeid, seier Trine-Lise Wilhelmsen. 

  Wilhelmsen går ikkje ut med innhaldet i valplattforma før den blir kunngjort offisielt seinare i dag.

Hennar dekanlag er sett saman av jussprofessor Benedikte M. Høgberg frå Institutt for offentleg rett. Ho er kandidat til studiedekanvervet. Som kandidat til forskingsdekanvervet har Trine-Lise Wilhelmsen med seg professor Geir Stenseth frå Institutt for privatrett. 

Det er framleis mogleg for andre å melda seg på i dekanvalet på Det juridiske fakultetet. For den aller siste påmeldingsfristen er sundag 15. september. Då har valkomiteen frist til 20. september før dei presenterer alle kandidatane.

Og dekanvalkampen startar offisielt 1. oktober og varer fram til 15. oktober. Det elektroniske valet opnar den 18. oktober og held på fram til 25. oktober. Valresultatet blir kunngjort tre dagar seinare, den 28. oktober.  Den 1. januar 2020  kan det nye dekanatet ta til med jobben sin.

Les også  valplattforma til Ragnhild Hennums dekanat:

Les også valplattforma til Trine-Lise Wilhelmsens dekanat

Les også valsidene til Det juridiske fakultetet.

(Oppdatert klokka 08.50 og 12.29)

 

Emneord: Dekanvalg, Juss Av Martin Toft
Publisert 10. sep. 2019 04:01 - Sist endra 11. sep. 2019 17:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere