Ole Martin Moen: – Pessimistane bør vera tilhengjarar av menneskeleg forbetring

– Pessimistar som filosofen Peter Wessel Zapffe bør heller vera tilhengjarar av menneskeleg forbetring enn å argumentera for at det er gale å føda barn. Det seier forskar Ole Martin Moen som i morgon får tildelt Zapffe-prisen.

IKKJE EINIG MED ZAPFFE: Ole Martin Moen deler ikkje Zapffes syn om at det er gale å føda barn. – Eg har sjølv to barn på seks år. Men eg er einig med Zapffe i at livet har meir liding enn det me trur.

Foto: Ola Sæther

Forskar og filosof Ole Martin Moen (34) har aldri vore redd for å argumentera for synspunkt som strir imot det som er gjengs oppfatning i samfunnet. Han har forsvart aktiv dødshjelp og vore ein sterk støttespelar for ei filosofisk retning som blir kalla for menneskeleg forbetring eller på engelsk «human enhancement».

Ole Martin Moen:

- fødd i 1985

- forskar og filosof ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk, UiO

- leiar forskingsprosjektet «What should not be bought and sold» finansiert av Forskingsrådet

- har doktorgrad i filosofi frå Universitetet i Oslo og har vore gjesteforskar ved University of Oxford og Berkeley-universitetet i California

- torsdag 19. september får han utdelt Zapffe-prisen frå UiO for ein artikkel om Zapffes antinatalisme

(Kjelde: Universitetet i Oslo)

I artikkelen «Anti-Natalism and Human Enhancement»  skriv han om den norske filosofen Peter Wessel Zapffe og argumenterer for kvifor Zapffe og andre pessismistar heller burde vera tilhengjarar av menneskeleg forbetring enn å vera imot at det blir født barn. Den artikkelen har ført til at han i morgon får tildelt Zapffe-prisen på 100 000 kroner av UiO.

– Gratulerer med prisen, Ole Martin Moen!

–Tusen takk for det.

– Korleis er det å få tildelt den prisen?

 – Det er veldig fint. Zapffe meinte at det er gale å få barn, og var ein såkalla anti-natalist, og av den grunn fekk han heller ingen eigne barn. Derfor gjekk heile formuen hans inn til dette fondet. Så då føler eg meg litt som arvingen hans. I staden for å få eigne biologiske barn, så prøver Zapffe på den måten å få intellektuelle barn, seier Ole Martin Moen med eit smil.

Til dagleg arbeider han som forskar ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk ved Universitetet i Oslo.

Som filosof synest Ole Martin Moen at Peter Wessel Zapffe er ein svært interessant tenkjar.

– Zapffe og Arne Næss er kanskje dei mest interessante filosofane Noreg har hatt. Derfor er det ei stor ære å få denne prisen.

Peter Wessel Zapffe (1899-1990)

- norsk filosof, forfattar, jurist og fjellklatrar fråTromsø

- tok sin juridiske embetseksamen i 1923, og den skreiv han på rim

- Skreiv essayet «Den sidste Messias» (1933) og der lanserte han sin biosofiske metode

- skreiv doktoravhandlinga «Om det tragiske», 1941

- teorien hans går ut på at mennesket har overutvikla evner i høve til dei omstenda dei lever under og derfor passar det ikkje inn i naturen.

- også kjent for boka «Vett og uvett. Stubber fra Troms og Nordland»

- hadde ingen livsarvingar, og han og kona gav alt dei eigde til Universitetet i Oslo, som danna stiftinga  Berit og Peter Wessel Zapffes fond. som anna kvart år deler ut pris til ein forskar som har skrive om Zapffes filosofi

(Kjelder: Wikipedia og UiO)

Deler eit pessimistisk verdsbilete

Ole Martin Moen fortstår at det ikkje er lett å sjå samanhengen mellom Zapffes pessimistiske livsfilosofi og den filosofien for menneskeleg forbetring som Moen sjølv står for.

– I utgangspunktet skulle ein ikkje tru det var så mykje. Zapffe har ein svært pessimistisk verdsbilete, og det har for så vidt eg også. Zapffe meiner derfor at me menneske burde utrydda oss sjølve ved å lata vera å skapa fleire menneske, seier han.

I artikkelen om Zapffes filosofi samanliknar Moen Zapffe med andre antinatalistar som Arthur Schopenhauer og David Benatar. Så prøver han å visa kvar Zapffe ligg i dette landskapet av antinatalistar.

– Deretter trekkjer eg inn dagens bioteknologi og viser kva han kan fortelja oss om det. Det er lett å tenkja at Zapffe ville ha vore imot bioteknologi, fordi han er imot bio og at det blir skapt nye vesen som også vil lida. Kort fortalt meiner han at om me skaper eit liv, så er det til eit liv som ikkje er verdt å leva. Etter hans oppfatning er lidinga eit resultat av menneskenaturen. Menneska er intelligente og derfor får me til mykje, men det konfronterer oss også med kor håplaus verda er og kor brutale me menneske er mot andre levande vesen. Me vil døy og bli gløymde. Han har heller ingen tru på at politiske reformer vil gjera livet betre, fortel han.

Menneskeleg forbetring

Ole Martin Moen meiner at utviklinga av bioteknologi ville kunne gi ein annan konklusjon hos Zapffe.

– Ein av dei sentrale diskusjonane innanfor bioetikk er spørsmålet om menneskeleg forbetring (human enhancement). Det sentrale er om me skal bruka medisinske teknologiar berre til å kurera sjukdomar, eller skal me i den grad det er mogleg gjera oss betre i tillegg til friske. Altså, skulle me prøva å gjera liva våre endå lengre og ikkje berre unngå ein tidleg død, men samtidig gjera dei mentale evnene våre betre, slik at me ikkje berre ville unngå å bli deprimerte, men kanskje også verta endå lykkelegare. Spørsmålet er om me skal gå dit med den teknologien.

– Det normale livet er ikkje normativt

– Det er den filosofien som du sjølv står for?

– Ja, det meiner eg. Eg trur ikkje at livslengda og livskvaliteten som blir rekna som normal og frisk i dag, er nokon evig målestokk og eit øvre tak på kva me bør streva etter. Me er skapte av evolusjonen og hadde under andre forhold utvikla oss annleis. Dersom det vanlege var å bli 400 år, ville me ha sørgt voldsomt når nokon berre blei 200 år. Det normale livet er ikkje normativt. Eg meiner at dersom ein står for Zapffes syn, så burde ein vera transhumanist, ein som meiner me må gjera det me kan for å få til menneskeleg forbetring. Eit argument imot dette er at me ikkje skal medikalisera ikkje-sjuke tilstandar, og om me begynner å bevega oss i den retninga, vil me lett kunna gå amok og klara å øydeleggja og kanskje utrydda oss sjølve, dersom me brukar teknologien på feil måte. Ingen av desse argumenta har tyngd etter Zapffes syn. Han meiner at menneskenaturen i seg sjølv er sjuk. Etter hans meining er normaltilstanden til menneska at det er sjukt. Om ein meiner det, går det ikkje an å trekkja skiljet mellom kva som er terapi og kva som er menneskeleg forbetring. Ting kan berre bli dårlegare eller betre, slik som dei som er tilhengjarar av menneskeleg forbetring seier, utdjupar Moen før han kjem med konklusjonen.

– Det ville uansett ha blitt betre enn dagens tilstand. Derfor konkluderer eg med at det er Zapffe og dei andre pessimistane, og ikkje optimistane, som bør vera tilhengjarar av transhumanisme. For dess meir overtydd ein er om at menneskenaturen er brutal og vond, dess viktigare vil det vera for dei å kunna ha høve til å gjera noko med det. Transhumanisme handlar nettopp om korleis me kan forbetra menneskenaturen, seier han.

Og Ole Martin Moen listar opp fleire ting som gir menneska eit betre liv.

– Teknologien kan brukast til å gjera folk mindre deprimerte, lykkelegare, meir moralske, meir empatiske og mindre agressive, er fem av døma han peikar på.

– Tilstanden vår skal vera leveleg

– Blir ikkje dette eit slags oppdrett av det perfekte og endå meir humane mennesket?

– Ja, om me meiner at slik me har det i dag er bra, kan me seia at dette er å gå inn for perfeksjon. Men om tilstanden me er i no, verkeleg er dritt, treng ikkje grunngjevinga vera perfeksjon, men at tilstanden vår skal vera leveleg. Derfor burde Zapffe med sitt depressive syn på menneskenaturen ha omfamna alle slike teknologiar for menneskeleg forbetring som ville gjera menneska lykkelegare og meir moralske. Det kan me bruka bioteknologien til, seier han.

 – Mange i og utanfor akademia blir provosert av desse synspunkta. Kan du forstå det?

– Eg veit at det er eit kontroversielt standpunkt, men akkurat det her handlar jo meir om kor vidt Zapffes syn gir støtte til eit transhumanistisk verdsbilete. Det er det ikkje så mange som har reagert på. Alle spørsmål som handlar om liv og nye liv, er jo kontroversielle fordi dei rører ved kjenslene våre, kanskje i endå større grad enn nanoteknologi og kunstig intelligens. Mange meiner at me ikkje skal tukla med livet som det er. Då meiner eg konsekvensen blir at me må leggja ned sjukehusa, me må slutta med skule, og me måtte vera imot P-piller, for alt det er døme på menneskeleg forbetring som gjer det mogleg for oss å styra ting.

– Derfor er mitt syn at me alle burde vera for menneskeleg forbetring. For argumenta imot er ikkje teoretiske, men praktiske. Argumenta om at det er dyrt og at det vil hindra finansiering av viktigare samfunnsomåde, forstår eg. Men å vera imot menneskeleg forbetring av prinsipp, forstår eg ikkje.

– Handlar ikkje om tid, men om livskvalitet

Ole Martin Moen deler ikkje Zapffes syn om at det er gale å setja barn til verda.

– Nei, det gjer eg ikkje. Eg har sjølv to barn på seks år. Men eg er einig med Zapffe i at livet har meir liding enn det me trur. Derfor meiner eg at me må tenkja oss godt om før me skaper barn. Argumentet mitt er ikkje at Zapffe har rett, men at dess større pessimistar me er, dess meir har me grunn til å vera transhumanistar.

– Og kan du tenkja deg å leva i til dømes 400 år?

– Eg kan tenkja meg å leva så lenge livet mitt er verdt å leva. Viss livet mitt blei forferdeleg ille, ville eg ha ynskt å døy. Og om livet mitt var bra, ville eg ha ynskt å halda fram med å leva til det eventuelt blei forferdeleg. Elles kunne eg tenkt meg å leva uendeleg lenge. Det handlar ikkje om tid, men om livskvalitet, meiner Ole Martin Moen.

I morgon ettermiddag får han utdelt Zapffe-prisen i Arne Næss’ auditorium i Georg Morgenstiernes hus på Blindern.

Emneord: UiOs priser, Filosofi Av Martin Toft
Publisert 18. sep. 2019 11:03 - Sist endra 28. jan. 2020 10:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere