Materialforskarar tar i bruk nytt instrument til 20 millionar
Instrumentet Flextura skal kunna laga nye materiale og fortelja nye ting om eksisterande materiale. I dag blei millioninnkjøpet markert på Mikro- og nanoteknologilaboratoriet ved UiO.

I BRUK: Materialforskarar har allereie tatt i bruk det nye instrumentet Flextura på Mikro- og nanoteknologilaboratoriet ved UiO.
– Dette er ein fantastisk dag for Universitetet i Oslo. Me ser fram til å sjå resultata av denne investeringa. Det sa viserektor Per Morten Sandset då forskingsinstrumentet Flextura offisielt blei tatt i bruk på Mikro- og nanoteknologilaboratoriet ved UiO (MiNaLab) i formiddag.
Kan laga nye materiale
Med det nye instrumentet til 20 millionar kroner kan materialforskarane finna ut nye ting om materiale som allereie eksisterer, men også kunna laga heilt nye. Akkurat no er instrumentet i bruk av eit forskingsprosjekt som skal utforska nye typar solceller, går det fram av ei melding frå Seksjon for halvleiarfysikk ved Fysisk institutt på UiO.
Forskar Kristin Bergum ved Senter for materialvitskap og nanoteknologi er ein av forskarane som har tatt i bruk det nye instrumentet.
– Det viktigaste med instrumentet er at me kan laga materiale med mykje høgare kvalitet enn me kunne tidlegare. Me kan også laga prøvar mykje raskare enn før, frå 1-2 prøvar per dag til 10 prøvar kvar dag.Det gjer at me kan utforska mange fleire parameter for å finna dei beste materiala. Deponeringane, det vil seia å laga filmane, er også automatisert, slik at eg kan utnyta tida meir til å forstå materiala, heller enn å stå framfor eit instrument og trykkja på knappar, sa Kristin Bergum til Uniforum etter opninga.
Publikasjonar og patentar
– Då instrumentet er designa for å laga materiale med høg kvalitet, kan me forska på defektar i materiale som me ikkje kunne gjera tidlegare. Designet av teknologiane i systemet er også heilt unikt, og vil vera meir industrivennleg med tanke på å laga materiale av høg kvalitet enn dei instrumenta som tradisjonelt vert brukte i dag. Me ser derfor for oss at det vil vera mange høve til å koma med både publikasjonar og patentar med dette systemet, gav Kristin Bergum uttrykk for.

Kristin Bergum viste også fram eit oversyn over kva ting som det kan bli endå betre vilkår til å forska på etter innkjøpet av det nye vitskaplege instrumentet.
– Solceller, kraftelektronikk, sensorar, vassreinsing og å kunna bruka kvantedatamaskiner er mellom dei tinga.
Instituttleiar Jøran Moen ved Fysisk institutt heidra også den avdøde materialforskaren Bengt Svensson.
– Han bygde opp Mikro- og nanoteknologilaboratoriet til det det er i dag i nært samarbeid med rektoratet ved UiO og dekanatet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, sa han.
– Han var ein dyktig person som var flink til å byggja opp eit fagmiljø og skaffa det godt, vitskapleg utstyr, la Jøran Moen til.
Instrumentet Flextura er produsert av det danske selskapet Polyteknik.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere