20 år med Georg Sverdrups hus

Frå klokka 8.30 i dag til langt ut på ettermiddagen feira UiO 20-årsjubileet til Georg Sverdrups hus på  Blindern

Biletet viser Georg Sverdrups hus på Blindern

MIDTPUNKTET: Georg Sverdrups hus har i 20 år vore midtpunktet på Blindern. I dag blei bygningen feira av UiO.

Dagen begynte med utdelinga av frukost til studentar og andre morgonsvoltne svært tidleg på dagen. UiO-rektor Svein Stølen var ein av dei som stod bak disken og tilbaud frukt og brødskiver med kaffi. Han hadde selskap av fleire av dei tilsette ved HumSam-biblioteket, mellom anna den nye leiaren Cecilia Ekström. Maten blei heilt borte etter ein halv time.

FRUKOST: UiO-rektor Svein Stølen fekk hjelp frå Cecilia EkströmElin H. Frøshaug, Lars Lørdahl oRunhild Seim frå HumSam-biblioteket til å dela ut frukost til studentar.

Dit kom også leiar for Realfagsbiblioteket, og inntil nyleg fungerande leiar for HumSam-biblioteket,  Live Rasmussen i prat med den ferske fakultetsdirektøren ved Det teologiske fakultetet, Tone Vold-Sarnes.

I KØ: Mange studentar kom og fekk jubilelumsfrukost i Georg Sverdrups hus. 

 

Alv Reidar Dale som arbeider som korrekturlesar for både Uniforum og Apollon skreiv dette diktet då Georg Sverdrups hus hadde opna dørane i september 1999;

Georg Sverdrups hus

Det reiser seg –

ja, det er no helst

når du kjem tett inntil

at det reiser seg

dette gråsvarte, glatte, glinsande

og mest om kvelden,

når det myrknar og det blir lyst,

då reiser det seg

ein lysvegg

du kan gå rett inn i

Alv Reidar Dale/UiO

14. september 1999

 

FELLES FRUKOST: Live Rasmussen frå Realfagsbiblioteket og Tone Vold-Sarnes frå Det teologiske fakultetet markerte også 20-årsjubileet til Georg Sverdrups hus med ein felles frukost. 

Klokka 12.15 begynte det offisielle programmet då både den avgåtte leiaren Svein Engelstad fortalde om flytteprosessen medan arkitekt Are Telje fortalde om kva tankar han og dei andre arkitektane hadde då dei teikna bygningen og seinare vann arkitektkonkurransen.

FLYTTING: Tidlegare leiar for HumSam-biblioteket Svein Engelstad fortalde om flytteprosessen frå Solli plass og til Blindern.

 

Det var heilt fullt på Scene HumSam då Svein Engelstad og Are Telje fortalde om det som skjedde før, under og etter flyttinga, og då Are Telje skildra korleis dei hadde tenkt på vegen mellom Fysikkbygningen og Øvre Blindern som Universitetets Karl Johan. Ein møteplass for alle. Deira bidrag var det einaste der bygningen var teikna på langs mot gangvegen.

LYKKAST: – Eg trur me lykkast med å få til ein monumental kunnskapsbygning, sa Are Telje, arkitekten som teikna Georg Sverdrups hus.

– Alle dei andre hadde teikna monumentalbygg som stod oppstilte mellom Administrasjonsbygningen og Fysikkbygningen, fortalde han. 

– Eg trur me lykkast med å få til eit monumentalt kunnskapsbygg, håpa han.  Han trekte også inn det paradoksale i at den svarte labradorsteinen som er ein slags larvikitt, og altså kjem frå Larvik, og skal vera kortreist, måtte på ei båtreise heilt til Polen for å bli polerte. 

– Grunnen er at Noreg ikkje lenger har ein steinindustri, sa han. 

FULLT HUS: Mange folk hadde møtt opp för å få med seg markeringa av 20-årsjubileet til Georg Sverdrups hus.

Kunstkurator Ulla Uberg fortalde om kunsten i Georg Sverdrups hus og tok med alle som ynskte det på  ei kunstomvising i huset.

SØT MARKERING: 20-årsjubileet til Georg Sverdrups hus blei også markert med ei original marsipankake 

Markeirnga blei avslutta med servering av marsipankake og kaffi. Alle dei  tilsette i HumSam- biblioteket hadde seinare på dagen eit eige arrangement.

Emneord: Universitetsbiblioteket, Georg Sverdrups hus Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 6. sep. 2019 17:56 - Sist endra 6. sep. 2019 17:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere