Steinar Holden: – Å skriva lærebøker og artiklar for Dagens Næringsliv har mange likskapar

Steinar Holden skriv både lærebøker for den vidaregåande skulen og artiklar for Dagens Næringsliv. – Ein må jobba mykje for å få det interessant og forståeleg og passa på å skriva knapt og konsist, er oppskrifta til vinnaren av UiOs formidlingspris for 2019.

Steinar Holden står med armane i kross og ser rett på fotografen

STERK KONKURRANSE: – Det er jo mange flinke formidlarar på UiO, så eg føler at det er sterk konkurranse om den prisen. Derfor er det morosamt å få den, seier økonomiprofessor Steinar Holden, vinnaren av UiOs formidlingspris for 2019. 

Foto: Ola Sæther

Det er ein travelt opptatt Steinar Holden (58) Uniforum treffer på kontoret i 11 etasje i Eilert Sundts hus. Han har nettopp kome tilbake til Oslo etter ei stor og viktig familiehending i California. For denne sommaren blei det ein kortare hytteferie ved Stavern enn vanleg for Steinar Holden frå Høvik. Det var viktigare ting som kalla.

– Eg var i USA for eldstemann har gifta seg med ei amerikansk jente frå California. Derfor har me vore i bryllaup der. Då hadde me oss ein tur rundt i California. Det var heilt supert og eit flott bryllaup, og han giftar seg med ei veldig fin jente, fortel han.

– Morosamt

No ser økonomiprofessoren og instituttleiaren ved Økonomisk institutt fram til årsfesten til Universitetet i Oslo 2. september. Då skal han opp på podiet i Universitetets aula og ta imot formidlingsprisen for 2019.  

– Eg synest det er morosamt og ei oppmuntring. Formidling er veldig viktig. Derfor tykte eg det var svært gøy å få ein sånn pris. Det er jo mange flinke formidlarar på UiO, så eg føler at det er sterk konkurranse om den prisen. Derfor er det morosamt å få den.

– Du skriv masse om økonomifeltet. Kva er det du likar best å skriva om?

– Eg likar å skriva om dei tinga eg er interesserte i, i håp om at andre også skal synest det er interessant. Eg skriv også om saker der eg meiner noko kan bli betre, i håp om at dei som tar avgjerder og andre skal lesa med håp om at dei vert overtydde.

For Steinar Holden var det heilt frå gymnastida aldri noko tvil om at han ville satsa på ein karriere i økonomifaget.

– Eg hadde det på gymnaset, og eg syntes det var eit spennande fag. Eg er interessert i politikk og samfunn. Det var mange samanhengar og spennande mekanismar som det var gøy å læra meir om. Eg synest det var fascinerande å læra teoriar som forklarar samanhengar som eg ikkje kjente på førehand. Når ein forstod korleis dei hang saman, så var det både viktig og interessant.

Steinar Holden drar gjerne fram bruken av oljepengar som døme.

– Me lærte litt om bruk av oljepengar og korleis bruk av oljepengar kan ha ein annan verknad på økonomien enn bruk av andre pengar. Det syntest eg var interessant. Samfunnskonsekvensar av menneskeleg åtferd tykkje eg er spennande. Folk har sine vanar og ynsker, og dei handlar i samsvar med det. Men resultatet kan bli eit utfall som er annleis enn det ein hadde tenkt og kanskje annleis enn det desse personane hadde ynskt. Det synest eg er svært interessant.

Bad Oljefondet om ikkje å investera i oljeaksjar

Steinar Holden har også våga å trakka oljenasjonen Noreg på tærne, og har skrive ein kronikk der han rår Oljefondet til å lata vera å investera i oljeaksjar.  

 – Ja, det er jo fordi Noreg er svært avhengig av olje både i reint statlege finansar og i norsk økonomi som heilskap. Det må vera eit ynske om å redusera risikoen, slik at Noreg blir mindre ramma av eit oljeprisfall enn det me blir no. Sal av oljeaksjar ville ha vore ein enkel måte å redusera den risikoen på, ikkje mykje, men noko. Det går også an å gjera det på andre måtar som å selja Equinor eller selja olje på rot, men for dei andre måtane er det mange gode argument imot. For sal av oljeaksjar er det eigentleg ingen gode argument imot, berre argument for. Derfor syntest eg at ein burde ha gjort det. Dette er eit gamalt forslag som nokre andre økonomar har føreslått lenge. Michael Hoel og eg tok det opp i 2014. Noregs Bank har føreslått det same, understrekar han.

Rådet hans er likevel ikkje blitt lytta til i regjeringa.

– Nei, i svært liten grad. Dei har valt å selja nokre typar oljeaksjar, men det er ein langt mindre del enn det dei burde ha gjort. Eg synest konklusjonen er uheldig, og at det er ein svak argumentasjon som dei har brukt. Det er kanskje gått litt prestisje i den saka, trur han.

Derfor får Steinar Holden UiOs formidlingspris:

“Gjennom klassisk formidling og som leder av mange offentlige utredninger har han hatt en helt spesiell betydning. Han er meget synlig. Samtidig bidrar han til å endre samfunnet. Den økonomiske journalistikken er svak i Norge. Steinar Holden er en av de forskerne som formidler økonomi-temaer som i utgangspunktet ikke er så lett å forstå for journalistene og deres publikum. Han går gjennom lydmuren. Steinar Holden er toppforsker, og formidlingen hans er alltid trygt forankret i forskning."

(Komiteen for UiOs priser)

Meister i å vera utvalsleiar

Formidlingsprisvinnar Steinar Holden har truleg også norsk rekord i vera leiar av utval som skal laga norske offentlege utgreiingar. Holden har leia sju ulike offentlege utval. Han har leia fleire utval som har sett på framgangsmåtar for lønnsfastsetjing, sysselsetjingsutvalet, og akkurat no leier han utvalet som ser på kva kompetanse norsk arbeidsliv vil trengja i framtida.  

– Har det vore vanskeleg å formidla kva du held på med i desse utvala, eller tar du ei slik utfordring på strak arm?

– Nokre av desse utvala har i nokon grad formidla seg sjølv. I utvala der me har sett på lønnsfastsetjinga har partane alltid vore representerte og der har partane sjølve gjort ein stor jobb med å formidla dette vidare i arbeidslivet. Det er vel ikkje noko som dei har forsøkt å nå ut breitt med. Det er ikkje naudsynt at det breie publikum blir kjent med alle detaljar i korleis lønnsoppgjera fungerer. Våre konklusjonar har nådd godt fram til dei som er interesserte i det og har behov for å vita om det. Det meir overordna om at lønnsdanninga i Noreg i stor grad er organisert gjennom eit samarbeid mellom partane, og at dette stort sett fungerer godt, det trur eg det er ei brei forståing av. Det er det også viktig at folk flest veit, seier Holden.

UTVAL HAR FUNGERT GODT: – Det har bidratt til at me har moderate, ansvarlege lønnsoppgjer, og litt mindre inntektsskilnader enn i andre land. Det ser me har fungert godt, og på mange måtar har det hjelpt til med både god lønnsutvikling og med god samfunnsutvikling, seier økonomiprofessor Steinar Holden. (Foto: Ola Sæther) 

Mellom fagfellane til Steinar Holden er det dei som meiner at han er ein apostel for den nordiske modellen for det arbeidet han har gjort gjennom å leia offentlege utval saman med partane i arbeidslivet. Han er ikkje ueinig i at utvala har den rolla.

– Ja, sånne utval er jo ein viktig del av den nordiske modellen. At det er samarbeid mellom partane i lønnsoppgjera. Det har bidratt til at me har moderate, ansvarlege lønnsoppgjer, og litt mindre inntektsskilnader enn i andre land. Det ser me har fungert godt, og på mange måtar har det hjelpt til med både god lønnsutvikling og med god samfunnsutvikling.

– I tillegg til at du skriv kronikkar for Dagens Næringsliv og vitskaplege artiklar mynta på fagfellar i økonomifaget, har du også skrive ei lærebok i økonomifaget for den vidaregåande skulen. Er det ikkje ein stor skilnad å jobba med dei tinga?

Det er mange likskapar mellom å skriva ei lærebok og det å skriva ein artikkel i Dagens Næringsliv. Ein må jobba mykje for å få det interessant og forståeleg og passa på å skriva knapt og konsist. Ein stor fordel med å skriva kronikkar for Dagens Næringsliv er at me har ein avtale med avisa, slik at me veit at den kjem inn. No veit eg at eg må levera på tysdag, og at den vil koma på trykk på torsdag. Det er ei forplikting som kan kjennast som ei bør ei kort stund medan ein slit og strevar med å finna på noko å skriva om, men det er jo ein god ting å vita at det vil koma på trykk.

– No er du instituttleiar på Økonomisk institutt fram til utgangen av 2020.  Kva er det som er viktig å læra økonomistudentane?

– Me har mange gode og viktige økonomiske teoriar og metodar, som studentane våre skal læra, slik at dei får ei betre forståing for korleis økonomien fungerer. Det er også gunstig at ein god del ikkje-økonomar lærer noko økonomisk teori. Begynnarkursa våre er det ikkje berre studentane våre som tar, men også studentar frå andre fag. Både på makro- og mikroøkonomi synest eg det er mange ting som er kjempeinteressante og som mange burde læra.

– Kva er det du brenn mest for?

 – Eg har jobba mest med makroøkonomiske problemstillingar innanfor arbeidsmarknaden, pengepolitikken og finanspolitikken, men eg er også opptatt av klimaproblemet. Det er ikkje noko som eg har jobba med, men det har blitt eit veldig viktig problem der eg tykkjer at økonomar har mykje å bidra med.

– Føler du at politikarane lyttar til det du seier når det gjeld økonomifaget?

– Ja, på nokre område har dei jo lytta til økonomar. I Noreg har ein jo lytta godt til råda om handlingsregelen. Det har fungert bra. Også når det gjeld pensjonssystemet, er det blitt gjort viktige forbetringar. No håpar eg at økonomar kan bidra til at me aukar klimainnsatsen og med tiltak som er meir effektive for å redusera globale utslepp. Det er det eg skriv om til Dagens Næringsliv denne gongen, avslører han.

Steinar Holden bur på Høvik med kona. Der vaks også dei tre borna opp. Sjølv om forsking og undervisning tar mesteparten av tida hans, får han også tid til å gjera heilt andre ting.

– Eg er glad i å gå tur og vera ute i naturen. Eg er også glad i å lesa, men i periodar blir det litt for mykje fag. Eg har ein båt, men det er ikkje så ofte eg er ute med den. Dei gongene eg drar ut på Oslofjorden, er det heilt fantastisk å koma seg ut for å bada.

-Intellektuelt nyfikne

– De er tre brør som alle har doktorgrad. Du er økonomiprofessor, Helge Holden er matematikkprofessor ved NTNU og matematikar Lars Holden er administrerande direktør for Norsk Regnesentral. Når de kjem saman diskuterer de då økonomi og matematikk?

– Nei, me diskuterer ikkje så mykje matematikk. Me snakkar nok helst om familien og om det som skjer i verda.

–Var det heilt tilfeldig at tre brør alle blei forskarar?

– Nei, heilt tilfeldig var det nok ikkje. Me har alle vore intellektuelt nyfikne. Dei to andre har vore mest interesserte i matematikk, og statistikk som også ligg nært matematikkfaget. Eg ser meir på bruksretta forsking i samfunnet. Men det er jo mykje matematikk i det som me held på med også.

Dei tre brørne liknar på kvarandre. Så det har hendt at dei er blitt forveksla.

– Det har hendt at kollegaer og kjente av brørne mine har tatt feil av oss, smiler han.

 

– Litt trist

– Ein Brann-tilhengjar sa at du berre hadde ein feil, og det er at du er Lyn-tilhengjar?

– Eg er ikkje einig i at det er ein feil, men sånn som Lyn har utvikla seg, så har det ikkje så mykje å seia for livet mitt at eg er Lyn-tilhengjar. Eg var på ein kamp i fjor, men det var litt trist. Eg var lagleiar for sønene mine, og då såg eg veldig mange fotballkampar. Sidan Lyn ligg så langt nede, er det få kampar eg ser, vedgår han vemodig.

– No får du 250 000 kroner i prispengar, og dei tar du vel gjerne imot?

– For meg er ikkje pengane det viktigaste, sjølv om me nok skal finna ein god bruk av dei her på instituttet. Det som betyr meir er å vita at formidlinga mi blir sett pris på av kollegaer og Universitetet i Oslo, seier Steinar Holden, medan me er på veg ut av kontoret hans og ut av Eilert Sundts hus.

Emneord: UiOs priser, Forskningsformidling, formidlingspris, Økonomisk institutt Av Martin Toft
Publisert 26. aug. 2019 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere