Seks UiO-tilsette melder om valdtekter

UiO-tilsette er blitt utsette for seks valdtekter i løpet av det siste året.  Det går fram av lokale tal frå UiO i den nasjonale kartlegginga av mobbing og trakassering i universitets- og høgskulesektoren.

Høgblokk på Blindern

SEKS VALDTEKTER: UiO-tilsette melder om at dei er blitt utsette for seks valdtekter i løpet av ein 12 månader lang periode. 

Foto: Ola Sæther

Seks av dei 18 valdtektene det blei meldt om i den nasjonale kartlegginga av mobbing og trakassering i universitetets- og høgskulesektoren, er melde inn av tilsette ved Universitetet i Oslo. Det går fram av lokale tal frå UiO som vart lagde fram og publiserte på nettsidene til Universitetet i i formiddag. Ingen av dei til saman 18 valdtektene ved norske universitet og høgskular er melde til politiet. 

Dei mest alvorlege tilfella ved UiO, er seks valdtekter. Dei seks personane som rapporterer om dei, seier at dei har opplevd at nokon har skaffa seg seksuell omgang med dei ved bruk av vald, eller at dei følte seg tvungne, truga eller pressa til seksuell omgang. Åtte personar svarar veit ikkje/usikker på spørsmålet om dei har opplevd at nokon har skaffa seg seksuell omgang med dei på den måten.

1,6 prosent har opplevd seksuell trakassering

Samla svarer 1,6 prosent av dei som svarer at dei har opplevd seksuell trakassering i dei siste 12 månadene før undersøkinga blei gjennomført mellom 20. mai og 11. juni i år. Det utgjer til saman 46 personar. 11 prosent av dei som har vore utsette for seksuell trakassering har opplevd dette dagleg eller kvar veke.  63 prosent av dei som har opplevd seksuell trakassering har opplevd dette gjennom verbal trakassering, medan 43 prosent rapporterer at dei opplevde det gjennom ikkje-verbal trakassering, går det fram av kartlegginga frå Ipsos.

83 prosent menn og 13 prosent kvinner stod bak

Kartlegginga frå Universitetet i Oslo viser også at 28 prosent av dei som opplevde seksuell trakassering som fysisk trakassering, medan 13 prosent av dei opplevde seksuell trakassering gjennom SMS, epost eller liknande. 48 prosent av dei som har meldt om seksuell trakassering opplevde at det var ein sideordna kollega som stod bak. I 83 prosent av tilfella var personen som stod bak den seksuelle trakasseringa ein mann, medan kvinner stod for 13 prosent, viser undersøkinga frå Ipsos.

13 prosent er blitt mobba eller trakasserte

Til saman rapporterer 13 prosent av dei som svarte at dei er blittt mobba eller trakassert i det noverande arbeidsforholdet sitt dei siste 12 månadene. Mellom dei har opplevd det, har 12 prosent opplevd det kvar veke. 41 prosent svarar at mobbinga/trakasseringa er blitt utført av ein sideordna kollega, medan 39 prosent svarer at dei var leiaren/sjefen deira som stod bak. 33 prosent har svart ein overordna kollega. 

Den nasjonale undersøkinga viste at 299 tilsette i universitets- og høgskulesektoren var blitt utsette for seksuelle overgrep, 18 av overgrepa blei rekna som valdtekter. No viser det seg at seks av valdtektene er rapporterte inn av tilsette ved Universitetet i Oslo. Spørjeskjemaet blei sendt ut til 7918 tilsette og det blei registrert 2880 svar. Det utgjer ein svarprosent på 37 prosent og er 5 prosent under gjennomsnittet, ifylgje analysebyrået Ipsos. Undersøkinga blei gjennomført mellom 20. mai og 11. juni i år.

– Ei valdtekt er ei for mykje

UiO-rektor Svein Stølen synest at det er svært alvorleg at UiO-tilsette melder om seks valdtekter.

–Ei valdtekt er ei for mykje. Dette er alvorlege tal. Me må no gå gjennom og reflektera over kulturen vår og dei skeive maktforholda ved Universitetet i Oslo, seier Svein Stølen til Uniforum. Samtidig peikar han på at dei har jobba med å setja i verk naudsynte tiltak for å førebyggja slike tilfelle, heilt sidan han sette seg i rektorstolen i august 2017.

–Me sette i verk tiltak frå første dag eg var på jobb i rektoratet. Me har mellom anna sett i gang kurs for leiarar på alle nivå. No må me bruka denne kartlegginga for å intensivera dette arbeidet, slik at me kan få ein kultur som i mykje større grad hindrar at dette skjer, understrekar han.

– Skeive maktforhold

– Generelt veit me at det går vidare enn berre i universitetetssektoren, Det handlar om heile kulturen i Noreg og i den vestlege verda. For der det er skeive maktforhold, der er det fleire slike saker, seier han.

På leiarkursa er det mykje som blir tatt opp, mellom anna risikosituasjonar.

– Me har prøvd å finna ut kva møteplassar som utgjer risikosituasjonar. Alkohol er eit døme på ein faktor som kan spela ei rolle i nokre situasjonar. Me må analysera alle desse risikosituasjonane, legg Svein Stølen vekt på.

– Ikkje overraskande

– Var tala frå karrtlegginga ved UiO verre enn frykta?

– Dessverre kom dei ikkje overraskande på oss, desssverre, gjentar han.

Medan tala frå den nasjonale kartlegginga blei offentleggjorde sist torsdag, venta UiO-leiinga med å leggja fram tala frå Universitetet i Oslo til i dag. Svein Stølen understrekar at det var det ein viktig grunn til.

– Rapporten måtte kvalitetssikrast før den kunne leggjast fram fordi me ynskte å ha korrekte tal i undersøkinga før den blei presentert for presse, tilsette og andre. Derfor var det naudsynt å finlesa alle tal og prosentar før den kunne leggjast fram, fortel han til Uniforum.

Kartlegginga skal no bli tatt opp på alle nivå ved Universitetet i Oslo.

– No må me ta denne rapporten opp både i styret og i dekanmøtet, men også på leiaranivå ved fakultet, institutt og andre einingar for å finna ut korleis me skal få ordna opp i dette og korleis me skal gå fram med tiltak. Og me skal også ta funna i kartlegginga opp med tenestemannsorganisasjonane, seier Svein Stølen til Uniforum.

Stipendiatar mest utsette

Av dei 299 personane som i den nasjonale undersøkinga gav opp at dei var blitt utsette for seksuell trakassering, var 69 stipendiatar. Det vil seia 23 prosent av dei som melde frå om seksuell trakassering, medan dei berre utgjorde 12,5 prosent av dei som hadde svart.

Til saman rapporterte altså 18 personar om at dei er vortne truga eller pressa til seksuell omgang. Sju av dei er stipendiatar, viser undersøkinga frå Ipsos.

Til saman blei spørjeskjemaet sendt ut til 43 000 tilsette i universitets- og høgskulesektoren og 43 prosent av dei svarte.

På Universitetet i Oslo har 3 av 5 (58 prosent) rapportert at dei veit kvar dei finn varslings-/si fra-systemet. Ein fjerdelel har derimot svart nei. 7 prosent av dei har meldt frå om kritikkverdige forhold somhar  berørt dei i arbeidsforholdet dei siste 12 månadene. 6 prosent har meldt frå om kritkkverdige forhold som har handla om andre enn dei sjølve. Det er særleg personar med leiaransvar som har meldt frå om slike forhold, går det fram av kartlegginga analysebyrået Ipsos har gjort ved Universitetet i Oslo. 

 

Les også pressemelding og presentasjonen av rapporten frå Universitetet i Oslo

 

Emneord: Arbeidsforhold, Seksuell trakassering, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 27. aug. 2019 12:27 - Sist endra 27. aug. 2019 12:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere