MED innskjerpar reglane: Ikkje rom for anna talemål enn avhandlingsspråket på disputasen

Talemålet under disputasen skal alltid vera på det same språket som avhandlinga er skriven på. Det går fram av dei oppdaterte reglane for doktorgradsprøvven ved Det medisinske fakultetet som dekan Ivar Prydz Gladhaug godkjente 29. mai.

Domus Medica er hovudbygningen til Det medisinske fakultetet ved UiO

INNSKJERPA REGLANE: Den 29. mai godkjente dekan Ivar Prydz Gladhaug ei innskjerping av reglane for bruk av talemål og språk under prøveførelesingar og disputasar ved Det medisinske fakultetet (biletet).

Foto: Øystein Horgmo, UiO

Det var 6..mai Uniforum først skreiv om doktorgradskandidaten Guro Haugen Fossum som fekk nei frå Det medisinske fakultetet til å halda disputasen sin på norsk. Dekan Ivar Prydz Gladhaug var ikkje villig til å gi henne dispensasjon frå kravet om engelsk, trass i at alle opponentane var skandinaviskspråklege.

Leiaren for disputasen, Dag Berild fylgde likevel ikkje pålegget frå dekanen, og opna for at ho likevel kunne ha disputasen på norsk. Meldinga kom same dagen, slik at det enda med at ho heldt presentasjonen på engelsk, medan diskusjonen etterpå gjekk føre seg på norsk og svensk.

Dette er dei reviderte reglane for bruk av språk under prøveførelesing og disputas ved Det medisinske fakultetet, UiO:

Doktorgradsprøven 
-      Prøveforelesning holdes normalt på samme språk som avhandlingsspråket. Bedømmelseskomiteen kan likevel selv be om at prøveforelesningen avholdes på norsk
-      Disputasen skal alltid foregå på samme språk som avhandlingen er skrevet på.
-      Bruk av Skype el.l. på prøveforelesning og /eller disputas kan kun skje ved force majeure og må være godkjent av fakultetet på forhånd.

«Har åpenbart vært i god tro»

Seinare har ein annan doktogradskandidat som søkte om dispensasjon frå språkkravet på disputasen, også fått nei på søknaden om dispensasjon. Personen fekk likevel til slutt ja til å halda prøveførelesinga på norsk. Men det var ikkje fordi opponentane var skandinaviskpråklege, men av andre omsyn, opplyser dekan Ivar Prydz Gladhaug til Uniforum.

– Det er uklart kva sak du her viser til. Den siste som fekk medhald, etter søknad om å halda prøveførelesing og disputas på norsk, fekk det av andre omsyn enn at opponentane var skandinaviskspråklege, svarar  Gladhaug i ein epost til Uniforum.

Han viser også til kva grunngjeving han hadde for dette.
– «Hensyn til at kandidaten kan få gjennomført doktorgradsprøven på den avtalte dagen, siden vi fikk inntrykk av at opponentene ville avlyse hvis den ikke ble holdt på norsk. Opponentene har åpenbart vært i god tro, de hadde fått forsikringer om at språkformen skulle være norsk på det tidspunkt de aksepterte oppgaven. Dette var en betingelse for deres aksept. Det synes klart at denne forsikringen var gitt av personer som ikke var autorisert til å ta denne beslutningen. De har heller ikke forholdt seg til vårt regelverk, men opponentene kan vanskelig klandres for dette. Det presiseres at dette er en enkeltavgjørelse, og at denne enkeltavgjørelsen ikke skal kunne brukes som generell presedens for å oppnå unntak fra regelverket», siterer han.

Medisindekanen viser til at hovudregelen om bruk av språk, har eksistert sidan 2003.

– Hovudregelen om at doktorgradsprøven skal haldast på det språket avhandlinga er skriven på, har lege fast sidan 2003 og haldninga fakultetet har til dette, er det til dømes skrive om i Uniform 6. mai, presiserer Gladhaug.

– Unntaket har blitt regelen heller enn avviket


Det medisinske fakultetet har frå mai i år skjerpa retningslinjene, slik at dei er blitt endå strengare enn dei felles retningslinjene til UiO. No skal det i hovudsak ikkje gjevast dispensasjon frå hovudkravet om at talemålet skal vera på engelsk, så sant ikkje doktoravhandlinga er på norsk.

Dekan Ivar Prydz Gladhaug viser til at unntaket har blitt meir regelen enn avvviket, og derfor måtte fakultetet ordna opp i regelverket.

– Hovudregelen, gitt av UiOs ph.d-føreskrift er at prøveførelesing og disputas skal gå føre seg på avhandlingsspråket, og dette er ikkje nytt, slik har det vore tilbake til den første ph.d.-føreskrifta frå 2003. Ved ein gjennomgang fann me at det i enkelte miljø blir tatt for gitt at norsk språkform vert godkjent, og unntaket har blitt regelen heller enn avviket, konstaterer han.

– Det er dette fakultetet no ynskjer å rydda opp i ved at fakultetet si handheving av føreskrifta, er innskjerpa. Fakultetet ynskjer at føreskrifta sin normalregel skal vera rådande for heile fakultetet, noko som også går tydeleg fram i dei reviderte utfyllande reglane vedtekne 29. mai, understrekar Ivar Gladhaug overfor Uniforum.

– Likebehandling

Han synest det er viktig at reglane for doktorgradsprøven ved fakulteltet er føreseielege og like for alle.

– Det er viktig for oss at regelverket og gjennomføring av doktorgraden ved Det medisinske fakultet er føreseieleg. Det er også viktig at dei rundt 200 stipendiatane som tar doktorgrad ved fakultetet kvart år, får likebehandling, legg han vekt på overfor Uniforum.    

Medisindekanen peikar dessutan på at det også er omsynet til at dei skal kunna driva forsking internasjonalt som er grunnen til at reglane no er skjerpa inn.

– Ein viktig grunn til innskjerpinga er at det nasjonale rammeverket for kvalifikasjonar blant anna gir krav om at ph.d.-kandidatar skal kunna  driva forsking på høgt internasjonalt nivå, formidla forskinga i anerkjente internasjonale kanalar og kunna delta i debattar i fagområdet i internasjonale forum.. I desse fora er språket engelsk og det er derfor viktig for fakultetet at kandidaten blir testa i dette ved doktorgradsprøven.

– Retningslinjene er tydeleggjorde

– Fram til januar 2019 fekk alle kandidatar ved Avdeling for allmennmedisin som søkte om det, innvilga ynsket sitt om å halda i alle fall prøveførelesinga, og i enkelte tilfelle også disputasen på norsk. Har det vore mange søknader om dispensasjon frå språkkravet?

– Det har vore få søknader til Det medisinske fakultet om å halda prøveførelesing eller disputas på norsk og fleirtalet av fakultetet sine doktorgradsprøvar fylgjer normalregelen. Samtidig fann fakultetet ved ein totalgjennomgang av dei siste åras disputasar at det i enkelte fagmiljø er blitt slik at dei fleste doktorgradsprøvane går føre seg på norsk, men utan at det blir søkt om dette, slik føreskrifta seier. No er retningslinjene tydeleggjorde, og det fører vonleg til at det blir enklare å overhalda gjeldande reglar og retningslinjer for alle, håpar medisindekan Ivar Prydz Gladhaug.

Dei reviderte utfyllande reglane blei altså godkjent av dekanen 29. mai og ligg på fakultetet sine nettsider.

Kan be om norsk på prøveførelesing

Ein gjennomgang Uniforum har gjort av dei reviderte reglane viser at det vil vera mogleg å halda ei prøveførelesing på norsk, sjølv om doktoravhandlinga er på engelsk, så sant den sakkunnige komiteen ber om det. Det normale er likevel av prøveførelesinga skal haldast på same språk som avhandlingsspråket, vert det understreka.

Når det gjeld sjølve disputasen, vert det derimot ikkje gitt rom for andre talemål enn det språket avhandlinga er skriven på. I dei aller fleste tilfelle er avhandlinga på engelsk, og då må også talemålet under disputasen vera på engelsk. I dei få tilfella der avhandlinga er på norsk, skal også talemålet under disputasen vera på norsk, går det fram av dei innskjerpa reglane for doktogradsprøven ved Det medisinske fakultetet.

Burde opna for dispensasjon

Både biologiprofessor Kristian Gundersen ved UiO og direktør Åse Wetås i Språkrådet har tidlegare uttalt til Uniforum at fakultetet burde vera meir fleksible og opna for dispensasjon når det gjeld kravet om talemål under disputasen i dei tilfella der både kandidaten og opponentane er skandinaviskspråklege, sjølv om avhandlinga er på engelsk.  

Uniforum har også vore i kontakt med UiO-rektor Svein Stølen i samband med denne saka. Han gav då uttrykk for at han har full tillit til avgjerder som kvart einskild fakultet tar, og han trekte fram at hovudregelen er at disputasen skjer på det språket avhandlinga er skriven på.

– UiOs regelverk seier også at disputasar skjer på avhandlingsspråket med mindre fakultetet sjølv, etter forslag frå den sakkunnige komiteen, godkjenner eit anna språk.. Innanfor gjeldande regelverk er det dermed delegert til fakulteta å avgjera kva språk disputasen skal gå føre seg på. Universitetsleiinga har tiltru til at fakulteta legg vekt på både dei språkpolitiske retningslinjene og faglege omsyn når dei gjer vedtak om kva språk disputasen og prøveførelesinga skal gjennomførast på, slo han fast i intervjuet med Uniforum.

Det medisinske fakultetet har dermed valt å skjerpa inn reglane for talemål under disputasen. Men når den sakkunnnige komiteen ber om det, kan prøveførelesinga haldast på eit anna talemål enn det språket avhandlinga er skriven på.

Emneord: Medisin, Språk, Språkpolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. juni 2019 04:00

Så fint! Da kan vi bli stadig sikrere på at vi slipper å bruke hodet når beslutningene skal tas. Og på at vi snart kan gå over til engelsk i alle læringssituasjoner og la norsken forbli på kjøkkenet. 

Stener Ekern - 7. juni 2019 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere