Rekordmange lag frå UiO skal delta i Holmenkollstafetten

Over 700 deltakarar fordelte på 49 lag. Det er status for Universitetet i Oslo før Holmenkollstafetten i morgon.

I SAME PULJE: I fjor starta mange UiO-lag i same pulje frå St. Hanshaugen. (Arkivfoto: Nils Martin Silvola)

UiO-rektor Svein Stølen satsa sterkt på at Universitetet i Oslo skulle markera seg under Holmenkollstafetten i fjor.  Resultatet blei at nesten 700 stilte opp fordelte på 46 lag.  I år ser deltakinga ut til å bli minst like stor med over 700 studentar og tilsette på 49 lag. 

– Stas

Svein Stølen er svært nøgd.

– Dette er verkeleg stas. Me toppar talet på lag frå i fjor. Det er ein real oppslutnad  om stafetten frå UiOs side. Det gler eit rektorhjarte stort!, seier han til Uniforum. 

Stiller i universitetsfargen

Og alle deltakarane frå Universitetet i Oslo stiller sjølvsagt  i universitetsfargen.

– Eg ser fram til å farga byen UiO-raud i morgon, saman med alle dei andre over 700 løparane frå universitetet, seier Svein Stølen som sjølv er ein av dei  700 frå UiO som skal delta i morgon.

Startskotet for Noregs mest berømte stafett går av frå St. Hanshaugen laurdag 11. mai klokka 14.00. Då startar først eliteklassen for kvinner.

  • Les meir i Uniforum:  Nær 700 UiO-løpere i Holmenkollstafetten

  • Les meir om Holmenkollstafetten

 

Av Martin Toft
Publisert 10. mai 2019 13:26 - Sist endret 10. mai 2019 13:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere