Unio tar ut 100 medlemar i mogleg streik ved UiO

Om det blir streik i staten, vil 100 av Unios medlemar på UiO leggja ned arbeidet fredag 24. mai. Ingen andre fagforeiningar vil ta ut medlemar ved UiO i første del av ein mogleg streik.

MOGLEG STREIK: Dei tilsette ved Universitetsbibliotektet blant anna i Georg Sverdrups hus, er blant dei Unio har varsla om  kan bli tatt ut i ein mogleg streik, dersom partane i staten ikkje blir einige før midnatt 23. mai. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Unio vil ta ut over 100 av medlemane sine ved UiO i streik, dersom meklinga mellom staten og hovudsamanslutningane i staten ikkje fører fram. Då vil altså i overkant av 100 av medlemane til Forskarforbundet i Universitetsbiblioteket, på Det humanistiske fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet bli tekne ut i streik frå arbeidstidas start fredag 24. mai. Det opplyser hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad i Forskarforbundet til Uniforum.

– Alle som har fått beskjed om at dei må leggja ned arbeidet, må møta på eit informasjonsmøte som Unio skipar til i Chateau Neuf fredag 24. mai klokka 10.00, fortel ho.

Kan få konsekvensar for eksamen og sensur

Dersom partane etter nokre dagar ikkje klarer å få til ein avtale hos Riksmeklaren, vil Unio trappa opp streiken, og då kan fleire av medlemane på UiO måtte leggja ned arbeidet også.

 – Ein streik vil få konsekvensar både for eksamen og sensur for dei einingane som blir råka av ein mogleg streik, opplyser Eikås Skjøstad. I heile landet tar Unio ut 1000 av medlemane sine i streik.

Akademikarane, NTL og Parat held UiO utanfor mogleg streik

Ingen av dei andre tenestemannsorganisasjonane ved UiO vil ta ut sine medlemar ved UiO i streik dersom forhandlingane med staten hos Riksmeklaren bryt saman rundt midnatt 23. mai. Det opplyser leiar Asle Fredriksen i Parat UiO, hovudtillitsvald Tina Næss i Akademikarane UiO og leiar Natalia Zubillaga i NTL-UiO til Uniforum.

Både Parat, Akademikarane og NTL vil derimot ta ut medlemar hos andre arbeidsgjevarar i staten i streik, om Riksmeklaren ikkje klarer å få ein avtale i hamn. Det vil ramma både OsloMet og fleire av departementa. Der vil YS, som Parat er medlem av, gi 250 av medlemane sine beskjed om å leggja ned arbeidet. Det vil også kunna få konsekvensar for studentar på OsloMet. Om konfliken ikkje blir løyst, kan det bli ei opptrapping frå 27. og 28. mai, går det fram av eit intervju YS Stats leiar Pål N. Arnesen har gitt til NTB.

Rammar Politidirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet

Hos Akademikarane er det juristar, ingeniørar, psykologar, legar, samfunnsvitarar, økonomar og naturvitarar i Politidirektoratet og Arbeids og -velferdsdirektoratet som blir tekne ut i ein mogleg streik, om partane i staten ikkje blir einige. Til saman vil Akademikarane stat ta ut 524 medlemar i streik.

LO Stat tar ut over 2000 medlemar i første runde av ein mogleg streik, melder Fri Fagbevegelse. Ingen av medlemane til NTL ved UiO blir altså tatt ut i år.

Universitetet i Bergen får merka ein streik hardast

Universitetet i Bergen er det universitetet i Noreg som får merka ein streik hardast. Der er det varsla om at 422 av dei tilsette må leggja ned arbeidet. Ved OsloMet vil til saman 394 av dei tilsette bli tatt ut i ein streik.

Også for Kunnskapsdepartementet vil ein streik få konsekvensar. Der vil 68 av dei tilsette kunna gå til streik, om meklinga ikkje fører til eit resultat som partane vert einige om.

Den siste runden av meklinga i statsoppgjeret tar til hos Riksmeklaren onsdag 22. mai. Då har partane frist fram til midnatt 23. mai til å koma fram til ein avtale. Om det ikkje går, blir det streik frå arbeidstidas start fredag 24. mai.

 

 

Av Martin Toft
Publisert 20. mai 2019 15:22 - Sist endra 20. mai 2019 15:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere