– Alle barna og ungdommane våre er Greta Thunberg!
– I dag har me eit samfunn som ikkje er berekraftig, men høgare utdanning er nøkkelen til å få det til, meiner viserektor Annelin Eriksen ved Universitetet i Bergen. Ho tykkjer alle skuldar barna sine å gjera det dei kan for å realisera det målet.

BEREKRAFTPILOTANE: Dan Terje Nytrem og Maren Irene Gåre Bakkevold får finansiert kvar si 20 prosentstilling av rektoratet ved UiT Noregs arktiske universitet for å kunna koma med forslag til tiltak som kan gjera universitetet meir berekrafig og studentane meir klimamedvitne.
Det var klimaendringane som blei hovudtema då Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2019 blei lansert på Kulturhuset i Oslo i dag tidleg. Ei av dei som var til stades var viserektor Annelin Eriksen ved Universitetet i Bergen. Ho leier nasjonal komité for Agenda 2030, som saman med FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydda fattigdom, kjempa mot ulikskap og stansa klimanendringane innan 2030.
Etter hennar meining er det høgare utdanning som er løysinga for å få til naudsynte forandringar. Ho peika også på den svenske 16-åringen Greta Thunberg som har tatt initiativet til skulestreikar for klimaet både i Europa og i Nord- og Sør-Amerika.
Derfor foreslo ho ei total omlegging av rapporteringssystemet i universitets- og høgskulesektoren.

Berekraftpilotar frå nord
– I dag byggjer insentiva og budsjettmodellen i forsking opp mot status quo. Det må vera større rom for dialog mellom forskarar. Derfor har me saman tatt initiativet til ein nasjonal komité for Agenda 2030, fortalde ho.
– Universiteta kan bli motoren i berekraftsendringane, trudde Eriksen.
Eit universitet som har gått nye vegar, er UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø. Universitetet hadde sendt ned to av dei sju berekraftpilotane sine til lanseringa. Studentane Maren Irene Gåre Bakkevold og Dan Terje Nytrem får finansiert kvar si 20 prosentstilling av rektoratet for å kunne koma med forslag til tiltak som kan gjera universitetet meir berekraftig og studentane meir klimamedvitne.
– No samarbeider me med både frivillige organisasjonar som Framtiden i våre hender og med Bedriftsidrettslaget ved Universitetet i Tromsø, fortalde Maren Irene Gåre Bakkevold.
Medan Maren Irene Gåre Bakkevold er plassert i Tromsø og har rektor Anne Husebekk som mentor, har Dan Terje Nytrem studiestaden sin i Harstad og har viserektor for Sør-Troms og Nordland, Kriss Wenche Rokkan Iversen som sin mentor.
– Me ynskjer ikkje at prosjektet med berekraftpilotar berre skal bli lagt i ein skuff. Derfor skal me gjera det me kan for å koma med nye perspektiv og det vil me ha støtte til frå universitetet. Utdanning handlar jo om danning, understreka Bakkevold.
– Gjennom engasjementet vårt vil me engasjera studentane, slo Nytrem fast.
– Gjennomslag for miljøet og for berekraft
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø var også opptatt av klimadelen av Tilstandsrapporten for 2019.
– Den viser at det er stort gjennomslag for miljøet og for berekraft i sektoren vår. Dei utviklar seg til å bli grønne institusjonar, sa Nybø. For henne er det ikkje alt som treng kosta pengar.
– Eg har tru på at me kan gjera mykje frivillig. Klimadugnad for universitets- og høgskulesektoren kan vera ein idé, trudde ho.
– Norsk forsking og utvikling er på veg i rett retning, var konklusjonen til Iselin Nybø.
• Les også i Uniforum:
Tilstandsrapporten 2019: UiO på sjetteplass i Norden som mottakar av ERC-stipend

Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere